Fleire av elevane hadde runda spela heime før kodetimane tok til. Ingen tvil om at dette var eit fag som fall i smak.
Fleire av elevane hadde runda spela heime før kodetimane tok til. Ingen tvil om at dette var eit fag som fall i smak.

Dataprogrammering på timeplanen

Korleis og kvifor flyttar klossane i Minecraft seg, og korleis kan figuren i Star Wars snu seg? 3.-klassingane i Seljord kan svaret.

Ei heil skuleveke blei sett av til å arbeide med dataopplæring og koding for skulelevane i 3. klasse ved Seljord barneskule tidlegare i desember. Kontaktlærar Kjersti Bollerud fortel om ivrige, inspirerte, læreviljuge og flinke elevar som tok del i dugnaden for å bringe Noreg inn i det 21. århundret med datateknologi.

– Men kvifor lærer me å kode, spør Bollerud elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å lære om internett og kva me kan bruke datamaskina til, og for å lære om korleis ein lagar eit spel, svarar ivrige elevar som sit klare med kvar sin pc for å ta fatt på nye kodeoppgåver.

Det er den fjerde dagen med kodetime, og elevane begynner å få god kontroll på korleis dei skal løyse oppgåvene på datamaskina.

– Når elevane mine står utanfor klasseromdøra før skuleklokka ringer om morgonen er det tydeleg at dei gler seg til å kome i gang med kodeoppgåvene, smiler læraren stolt.

Ambros Lønnestad-Klomset, Gunnhild Brudal Sønsttveiten og Eline Tveiten løyser oppgåver i kodetimen.
Ambros Lønnestad-Klomset, Gunnhild Brudal Sønsttveiten og Eline Tveiten løyser oppgåver i kodetimen.
Då Lucas Sjerve (t.v.) løyste ei av oppgåvene i kodetimen kom Caroline Engebretsen, William Bjåland Moen, Elias Norgaard Johansen og Ingebjørg Årlid Bjørge til for å sjå.
Då Lucas Sjerve (t.v.) løyste ei av oppgåvene i kodetimen kom Caroline Engebretsen, William Bjåland Moen, Elias Norgaard Johansen og Ingebjørg Årlid Bjørge til for å sjå.
Små og store har blitt kodeknekkarar. Frammme frå venstre: Alexander Norgaard, Markus Noraberg, Torjus Golid Tveiten, Eivind Kyrkjeryd Vaa og Tyril Kleiva. Andre rekkefrå venstre: Julie Hagen, Bana Shaker, Elias Norgaard Johansen, Ingebjørg Årlid Bjørge, Gunnhild Brudal Sønsttveiten, Ambros LønnestadKlomset og Eline Tveiten. Tredje rekke frå venstre: Lucas Sjerve, Eivind Helmer Simensen, Wiliam Bjåland Moen og Ragnhild Midtbø-Mevastaul. Bakre rekke: Kjersti Bollerud, Tarjei Fæhn Ellingsen, Olaug Irene Gjerjordet Funner, Haldis Bakkemoen og Caroline Engebretsen.
Små og store har blitt kodeknekkarar. Frammme frå venstre: Alexander Norgaard, Markus Noraberg, Torjus Golid Tveiten, Eivind Kyrkjeryd Vaa og Tyril Kleiva. Andre rekkefrå venstre: Julie Hagen, Bana Shaker, Elias Norgaard Johansen, Ingebjørg Årlid Bjørge, Gunnhild Brudal Sønsttveiten, Ambros LønnestadKlomset og Eline Tveiten. Tredje rekke frå venstre: Lucas Sjerve, Eivind Helmer Simensen, Wiliam Bjåland Moen og Ragnhild Midtbø-Mevastaul. Bakre rekke: Kjersti Bollerud, Tarjei Fæhn Ellingsen, Olaug Irene Gjerjordet Funner, Haldis Bakkemoen og Caroline Engebretsen.

– Dei har tenkt systematisk

– Me veit at mange jobbar i framtida vil ha noko med koding å gjere. Elevane har vore svært flinke, og dei har tenkt systematisk. Av og til har me blitt litt frustrerte, men om ein berre har funne dei rette systema har me fått det til, smiler Bollerud.

– Eg klarte å byggje eit hus, eg, smiler Tarjei Fæhn Ellingsen stolt, og fleire av dei andre elevane fortel også om kva dei har lært og fått til med dei ulike oppgåvene dei har arbeidd med.

– Då eg kom heim i går klarte eg å runde heile kodespelet eg starta med på skulen. Det er kjempemoro, seier ein svært entusiastisk Ambros Lønnestad-Klomset.

Populært

Artikkelen held fram under annonsen.

Kodeprosjektet blei fyrst starta av Simen Sommerfeldt, Torgeir Waterhouse og eit nettverk av lokale grupper, privatpersonar, bibliotek, myndigheiter, skular, verksemder og vitensenter. «Lær kidsa koding»-rørsla starta i 2013 og dei jobbar for å lære barn IT og programmering, og ynskjer å auke rekrutteringa til IT-yrkene.

Rørsla vil at barn skal vere med å skape digitale tenester, ikkje berre bruke dei. Dei som utvikla prosjektet ynskjer også at barn tidleg skal forstå at dei kan «gå under panseret og fikle med tinga, ikkje berre bli konsumentar». Og meiner at dette kan gje barn som har talent og interesse sjansen til å gå vidare og ta ei eventuell IT-utdanning, sidan rekrutteringa til bransjen er for låg.

Og interessa for koding har spreidd seg raskt. I 2013 var om lag 10 000 elevar med på ein skuletime med programmering, året etter auka talet på elevar til 25 000 og på verdsbasis var 110 millionar med på prosjektet.

I år har tett på 110 000 elevar i Noreg prøva seg på koding, og eit flott knippe av deltakarane er dei ivrige elevane på Seljord-skulen som deltek i prosjektet for fyrste gong.

Gratis program

Tilbake i klasserommet sit elevane framfor kvar sin skjerm. Ein av elevane fortel ein annan korleis han kan flytte figuren i Star Wars-spelet ved å plassere dei rette kodane etter kvarandre. Nokre andre elevar er godt i gang med ei oppgåve der ein av figurane i Disney-filmen Frost skal bli koda rett for å flytte seg over skjermen.

– Det er friviljug om ein skal ha koding i skulen, men håpet er at det skal bli obligatorisk slik at alle elevar får høve til å kode via datamaskin eller nettbrett. Oppgåvene me nyttar ligg gratis tilgjengeleg på nettsida kodetimen.no, og ein får ulike utfordringar. Dei seier at dei enklaste oppgåvene med koding kan passe for barn som er 4 år, fortel Bollerud.

Ligg til rette

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at lærarane ikkje treng spesiell datakunnskap for å ta med elevane på kodetimar.

– Det er laga ei samling med materiell, videoar og oppskrifter til ulike målgrupper, og lærarane får tilgang på eit undervisningsmateriell som viser trinnvis korleis elevane skal løyse oppgåvene, fortel Bollerud.

– Det einaste me treng er å låne klassesettet med datamaskiner som me har på skulen, slik at elevane kan kople seg til internett, foret Bollerud.

Via nettsida til kodeklubben kan ein lære korleis ein startar med koding heilt frå dei enklaste oppgåvene der ein skal dra klossar for å bygge eit spel eller vidare til eit tekstbasert programmeringsspråk.

– Ei anna positiv side med dette prosjektet er at elevane må lese kva kommandoar dei skal utføre for å kome vidare i spelet. Ein må tenke strategi for å få det til, og det er ein veldig fin arena for å engasjere gutane til meir lesing. Dei får mellom anna prøve seg med koding i Minecraft og Star Wars, noko dei synest er moro og som gjev mykje meistringskjensle, smiler Bollerud.

Gjennom kodeveka har elevane jobba godt, og lærarane har lagt merke til at elevane er flinke til å hjelpe kvarandre.

– Fleire av elevane har koda heime etter skulen, og eg håpar at me skal få til ein kodetime på skulen av og til fram mot våren også så sant me får låne datamaskinene og har tid til det, seier Bollerud.

«Ein må tenke strategi for å få det til, og det er ein veldig fin arena for å engasjere gutane til meir lesing.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjersti Bollerud

Koding som valfag

Tidlegare i år blei det bestemt at 146 skular delt på 53 kommunar i Noreg skulle få høve til å vere med på eit prøveprosjekt der programmering skulle vere valfag på ungdomstrinnet, frå og med i haust og fram til våren 2019. Av desse skulane er det ungdomsskuleelevar i Drangedal og to ungdomsskular i Porsgrunn som får prøve valfaget.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ynskjer med det treårige prøveprosjektet å hauste erfaring ved å teste ut valfaget, med tanke på å innføre det som eit av dei ordinære valfaga i skulane. Han ynskjer at koding som valfag skal auke elevanes interesse for teknologi og realfag.

Sjå fleire bilde av elevane som kodar her.