David på quiz-pallen i U20-VM
David Tørre Asprusten (20) frå Kviteseid har faktakunnskapen i orden. Nyleg blei han nummer tre i quiz-VM blant dei som er 20 år eller yngre.
For fyrste gong var Asprusten inne blant dei 150 beste i quiz-VM med nesten 3000 deltakarar. Og på femte og siste forsøk lukkast han å bli blant dei tre beste i U20-klassa (for dei som er 20 år eller yngre).
– Eg hadde eit håp om medalje, og det gjekk, seier Asprusten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var to poeng ned til fjerdeplassen og sju poeng opp til andreplass.
– Her var kvart stong inn-poeng viktig, seier kviteseidingen om kampen om medalje.
122 deltakarar var med blant dei under 20. Nesten år tevlar Asprusten med dei som er mellom 20 og 30 år.
Betre og betre år for år
Quiz-VM blei arrangert 3. juni. Deltakarane måtte svare på 240 spørsmål kvar. Asprusten oppnådde 119 poeng.
– Dette er den beste konkurransen eg har gjennomført nokon gong, seier han.
Han har vore med i meisterskapen sidan 2013. Fyrste året fekk han 53 poeng. År for år har han utvikla seg. I fjor fekk han 105 poeng.
– Ei slik utvikling, med hopp på ca 15 poeng i året, kan jo ikkje halde fram, så eg var spent på om eg kom til å få fleire poeng enn i fjor. Det klarte eg etter mange stong inn-resonnement, seier han.
Reserve på landslaget
Resultatet gjer at han har blitt fyrstereserve til C-landslaget på seniornivå. 63 nordmenn var med i konkurransen. Dei fire fyrste kvalifiserer seg til A-landslaget, og så vidare. Asprusten var den tolvte beste av alle som representerte Noreg, men må nøye seg med å vera reserve sidan ein som har vore med på B-landslaget tidlegare ikkje var med i VM, men likevel får plass på C-landslaget om han ynskjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Asprusten konkurrerer ofte mot dei andre nordmennene og hadde venta å vera på 17. til 19. plass nasjonalt, men var altså den 12. mest kunnskapsrike nordmannen i VM.
David Tørre Asprusten utfordrar lesarane i VTB med spørsmål kvar veke. Les vekas quiz litt lenger bak i avisa.