Debatt og val ved skulane
Ved skulevalet røysta flest elevar ved dei vidaregåande skulane på Dalen og Seljord på Arbeidarpartiet. På Kvitsund vann Kristeleg Folkeparti elevstøtta, medan Senterpartiet fekk flest ungdommar med seg i Høydalsmo.
Fleire av skulane i Vest-Telemark har invitert politikarar til å presentere partiprogramma. Denne veka møtte sju ulike parti då elevane frå 6. til 10. klasse hadde skuledebatt ved Høydalsmo skule.
Alle partirepresentantane fekk halde ei innleiing fyrst, så fekk elevane stille spørsmål som dei hadde førebudd. Her måtte dei folkevalde svare på tema med alt frå mobbing til sau og ulv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter at politikarane hadde summert debatten gjekk elevane til valurna for å røyste med bakgrunn i debatten.
Resultatet frå skulevalet i Høydalsmo viste at flest elevar røysta på Senterpartiet med FrP som nummer to. Ap, SV, Høgre og KrF fekk resten av røystene i nemnt rekkjefølgje. Venstre fekk ingen røyster.
Seljord
Ved Vest-Telemark vidaregåande skule i Seljord var deltakarprosenten for skulevalet 91 prosent og Ap gjekk sigrande ut med 20,3 prosent av røystene framfor FrP sine 18,8 prosent og Sp med 15,6 prosent.
Vidare synte valresultatet at Høgre fekk støtte frå 8 prosent og både Raudt, SV og Demokratane fekk 6,2 prosent av elevrøystene. MDG fekk 4,7 prosent, Kystpartiet og Liberalistane 3,1 og KrF og Venstre 1,6 prosent.
Dalen
Ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen viste skulevalet at 84,9 prosent av elevane røysta og tre parti, Ap, Sp og Raudt, fekk mest støtte.
Arbeidarpartiet gjorde det best og fekk støtte av 31,8 prosent røyster frå elevane. Senterpartiet fekk 24,8 prosent og Raudt 19,1. Vidare fekk FrP 7,0 prosent, Høgre 5,1, MDG 3,2, SV, Kystpartiet og Demokratane fekk alle 1,9 prosent og Partiet dei kristne, Liberalistane og Helsepartiet fekk alle 0,6 prosent.
Kvitsund
På Kvitsund gymnas blei det også halde ein engasjerande skuledebatt med etterfylgjande val for dei vidaregåande elevane. Her var det KrF som gjekk sigrande ut med 41 prosent av røystene, Sp fekk 14 prosent medan Ap 10 prosent. Valresultatet elles viste Raudt 7 prosent, SV 6, V 6, H 6, MDG 3, FrP 3, DK 2 og 1 prosent av røystene var blanke.