Frode Ekre (20) i Flatdal har etablert eiga snikkarverksemd og satsar på interiør og møblar i gamal stil.
Frode Ekre (20) i Flatdal har etablert eiga snikkarverksemd og satsar på interiør og møblar i gamal stil.

Debuterer med sveineprøva på Dyrsku’n

20 år gamle Frode Ekre i Flatdal tok sveineprøva i snikkarfag i vår. I haust har ungguten etablert eiga verksemd i heimbygda og debuterer med sveineprøva si på Dyrsku-utstillinga. Framskåpet gav Ekre ein andrepremie, og frametter ynskjer han å satse på møblar og interiør etter gamle modellar. – Eg har alltid ynskt å drive for meg sjølv, seier den entusiastiske møbelsnikkaren målretta om framtidsprosjektet sitt.

– Eg har alltid drøymt om å drive for meg sjølv, seier den unge og nyetablerte manndølen som har slått seg ned i eit verkstadbygg i Håkkedalen og bokstavleg talt er i gang med med å bygge levebrødet sitt som møbelsnikkar.

Gjennom heile lærlingperioden og i dei to åra på snikkarutdanninga i Lunde, har han vore innstilt på at det var dette han skulle. Alt på ungdomsskulen var planen klar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde vel ikkje venta at ting skulle gå så kjapt, men då meldinga om det tomme lokalet kom, snudde eg meg rundt og hoppa i det, fortel den entusiastiske snikkaren.

Gamle modellar

Ungguten ønskjer først og fremst å spesialisere seg på interiør og møblar i gammal stil. Gamle kronesenger, framskåp og hjørneskåp er døme på emne der han hentar inspirasjon. Her synest etterspurnaden også vere god.

– Det er så mykje lafta hus og bygg i gamle modellar som treng interiør, fortel Ekre, og meiner at han er i ferd med å etablere seg innanfor eit felt der marknaden er god.

– Det er heilt tydeleg at alle desse husa treng møbel. Eg har alt ei lang liste på bestillingar, røper han med eit smil.

Debuterer på Dyrsku’n

Med toppkarakter på svenneprøva frå i vår, var Ekre freista til å prøve korleis produktet ville slå ut i utstillingssamanheng. I år debuterte han difor med framskåpet sitt på Dyrsku'n og produktet har alt hausta stor fagnad.

– Eg fekk andrepremie, og er sjølvsagt kjempefornøgd, gliser Ekre, og fortel at det ligg mykje arbeid bak.

Oftast vel kandidatane relativt trygge standardprodukt til svenneprøva. Ein enkel kommode, ein seksjon eller liknade plar vere vanleg. Å driste seg til med eit deltaljert gamalt framskåp er meir uvanleg. Dette innebar også at han måtte søkje om tri ekstra dagar for å kunne gjennomføre prosjektet.

– Eg ville lage noko som kravde litt meir av meg, eit produkt som kunne få fram kva eg kan. Difor var det svært gledeleg at sensoren gav meg toppscoring på både den teoretiske, kunstnariske og praktiske delen. Det gjev meg ein god start vidare, konstaterer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lærlingtida

I to år var Ekre lærling hjå Bondal snikkarverkstad i Tuddal, eit eittmannsføretak der han var den einaste snikkaren i tillegg til sjefen sjølv. På den måten fekk Ekre heile tida store utfordringar og måtte lære seg å arbeide sjølvstendig og strukturert frå fyrste dag.

– Eg ynskte å kome til ein plass der eg fekk bryne meg litt. I staden for å lage berre ein ting, slik lærlingar ofte gjer, fekk eg heile tida nye teikningar på bordet og fekk ikkje gje meg før produktet var ferdig, fortel møbelsnikkaren.

Arbeidsforma har gjeve han rike kunnskapar som han trur vil vere av stor verdi i tida som kjem.

– Eg trur eg vil ha att for dette i framtida, seier Ekre og ser med stort pågangsmot på det framtidige levebrødet sitt.