Seljord mållag oppmodar Visit Seljord til å bruke nynorsk i marknadsføringa av kommunen.
Seljord mållag oppmodar Visit Seljord til å bruke nynorsk i marknadsføringa av kommunen.

«Dei beste orda for å fortelje om Seljord, dei finn du på nynorsk.»

– Kvifor skal Seljord med ein av dei finaste nynorsknære dialektane i landet presentrast på bokmål? spør Seljord mållag.

– Denne våren har både medlemmer og ikkje-medlemmer vendt seg til oss i Seljord mållag og bede oss «gjera noko med språket» på heimesida til Visit Seljord, skriv Borgny Slettemoen Tøfte på vegne av Seljord mållag i eitlesarinnlegg i VTB. 

Ho seier mållaget ikkje kan gjere anna enn å oppmode dei ansvarlege om å nytte nynorsk, men legg til at dei ikkje heilt skjønar argumentasjonen for å nytte bokmål framfor nynorsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

   – Det er nesten utruleg at Seljord, som har brukt nynorsk administrasjonsmål i meir enn 100 år og blitt kjend langt utanfor landgrensene, og deira «hjelparar» no må ty til bokmål for å kome med svært enkle innlegg som har med Seljord å gjere, peikar mållaget på i innlegget.  

Skil seg ut med nynorsk

Dei reagerer mellom anna på at særnamnet Seljordvatnet blir omsett til Seljordvannet.

– Til og med geografiske namn blir omsett til bokmål, skriv mållaget, som ikkje kjøper argumentet om at ingen googlar på nynorsk, og at bokmål difor er det mest gangbare skriftspråket i marknadsføringa.

   – Eit viktig poeng når ein skal kjempe om plassen i eit mylder av annonsar og reklame er å skilje seg ut. Det gjer ein med nynorsk. Me veit at bokmål har høgare prestisje blant ein del folk, men dei beste orda for å fortelje om Seljord, dei finn du på nynorsk (gjerne dialektnær), slår mållaget fast, og spør vidare kven som skal nytte nynorsk om ikkje dei som skal representere nynorskkommunen Seljord.

Tilrådd å bruke bokmål

Hilde Hagen-Nielsen i Visit Seljord synest det er trasig at det no kjem ein debatt kring målforma på heimesida til Visit Seljord. Ho seier dei gjerne ville ha bruka nynorsk, men at alle tilrådingar har gått i retning bokmål.

– Me er blitt råda av folk som har stor kunnskap om digitalisering og digital synlegheit. Vårt mål er å nå ut til folk langt utanfor Seljord, for å trekkje dei hit. Då må me ta omsyn til korleis folk søkjer på nett, seier Hagen-Nielsen.

Ho er sjølv nynorskbrukar, men vedkjenner at når ho sjølv skal søkje etter ting på nettet så nyttar ho bokmål. Hagen-Nielsen trur mange tenkjer som ho.

   – Dette er ikkje berre fordi me ikkje skal bruke nynorsk. Alle tilrådingar har gått på at me må bruke bokmål for å bli mest mogleg synlege. Større destinasjonsselskap har truleg meir ressursar å bruke på slikt enn me har. Me må gjere det beste ut av dei ressursane me har, seier Hagen-Nielsen, og legg til at den digitale verda endrar seg og at Visit Seljord difor berre må henge med i den utviklinga.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heilt naturleg med nynorsk

På Nutheim gjestgiveri har dei gått frå bokmål til nynorsk i marknadsføringa. Ellen Grøstad Barstad og Solveig Barstad var aldri tvil om kva skriftspråk dei skulle nytte i marknadsføringa av kunstnarhotellet.

– Tidlegare, då far min framleis dreiv, så gjekk det mykje i bokmål. Mest fordi han sjølv snakka slik. Det var heilt naturleg då Solveig og eg tok over at me skulle bruke nynorsk, seier Ellen Grøstad Barstad.

På heimesidene til Nutheim opnar dei med «I hjartet av Telemark».

– Det er veldig mange som faktisk kommenterer at det er hyggeleg å treffe det språket som blir snakka her, og me har berre hatt positive tilbakemeldingar på at informasjonen står på nynorsk. Dessutan synest me Noreg blir rikare når ein nyttar nynorsk, og det er ein viktig del av kulturen her, poengterer ho.

Debatt i Vinje: «Me meiner vel at kommunen skal vera ein nynorsk-kommune? Eller er det ikkje så?»

Visit Jotunheimen: – Nynorsk understrekar produktet vårt

I 2016 var det 190 000 overnattingar i Lom. Dette fordeler seg på flest nordmenn, deretter svenskar, tyskarar, nederlendarar og franskmenn. Visit Jotunheimen profilerer seg på nynorsk, og i 2016 hadde heimesidene 189 000 sidevisningar.

– Årsaka til at me nyttar nynorsk er mellom anna fordi det er hovudspråket og administrasjonsspråket her. Folk snakkar slik her, og difor bidreg marknadsføringa til å underbyggje identiteten og autentisiteten. Nynorsken understrekar produktet vårt. Det blir meir ekte, seier dagleg leiar i Visit Jotunheimen, Mari Vedum.

Ho legg til at det også har vore diskutert om ein skal nytte bokmål eller engelsk i marknadsføringa, men at ein har vore samstemt i å nytte nynorsk. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho meiner likevel dei ulike destinasjonane må velje det språket dei er mest komfortable med, eller som understrekar det dei er interesserte i å marknadsføre.

– Me har besøk av flest nordmenn i Lom, og me har førebels ikkje fått tilbakemeldingar på språket som blir nytta på heimesidene våre. Det tolkar me som at folk synest det er greitt. Me held oss sjølvsagt innan skriftspråknormalen og nyttar ikkje særeigne dialektord i omtalene, seier Vedum.

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre: – Presentasjon av innhald er det viktigaste

Hausten 2016 la Destinasjon Ålesund og Sunnmøre om skriftspråket på heimesidene sine. Det skjedde på bakgrunn av ynske frå medlemmene i destinasjonsselskapet.

– Våre eigarar består av 17 kommunar i regionen, der éin er språknøytral og resten nynorskkommunar. Dei ynskte ei utgreiing om bruk av nynorsk på heimesidene, og det gjorde me, fortel dagleg leiar i destinasjonsselskapet, Tom Anker Skrede.

Utgreiinga gav ingen klare svar kring skriftspråket, og difor valte Destinasjon Ålesund og Sunnmøre å gå for nynorsk.

   – Det er ingenting i trafikken på nettsidene våre som tyder på nedgang som fylgje av omlegginga. Språket handlar om identitet og kjensla for produkta og områda me representerer, seier Skrede. Han påpeikar også at det er viktigare korleis innhaldet blir presentert enn kva for målform som blir nytta. 

   – Det er produkta ein tilbyr og korleis dei blir presenterte som skal trekkje folk til regionen, slår Skrede fast.

Destinasjonsselskapet har i snitt 400 000 unike brukarar på nettsidene, og i fjor var det 800 000 overnattingar i regionen. Berre i Ålesund by er det mellom 900 000 og 1 million besøkande i løpet av året, og mange hentar informasjonen frå destinasjonsselskapet sine heimesider.