Den nye ordføraren i Vinje kan heite Arne Vinje.
Den nye ordføraren i Vinje kan heite Arne Vinje.

Dei fleste ordføraren held fram

Sjølv om tingingane partia mellom blir avgjerande for kven som blir ordførar, ser det ut som fire av dei seks ordføraren held fram. Truleg vil både Edvard Mæland (H) i Seljord, Birger Nygård (Sp) i Tokke, Øyvind Tveit (KrF) i Nissedal og Saamund Gjersund (Bygdelista) i Fyresdal halde fram som ordførarar. I Kviteseid måtte det bli ny ordførar sidan Karin Maria Larsen (Ap) ikkje stiller til attval. Valresultatet peikar i retning av Torstein Tveito (Sp) som ny ordførar. I Vinje gjorde SV eit brakval og kan få ordføraren om partiet blir samde med Sp, H og KrF om ordførarvervet. I så fall må noverande ordførar Børre Rønningen levere ordførarklubba til Arne Vinje.

Kjempeval for ytterpartia i Vinje

Valet i Vinje må karakteriserast som eit brakval for SV og Frp, eit heller dårleg val for Sp og Ap og eit katastrofeval for KrF. Bygdelista gjorde også eit godt val og dobla mandattalet til to.

Kva dette vil føre til når det gjeld val av ordførar, varaordførar og fordeling av andre politiske verv er ikkje avklara. Tingingane startar alt i dag og må vera ferdige før 2. oktober.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ut frå valresultata skulle ein tru at ein konstellasjon med Ap og SV, som får 13 mandat og reint fleirtal i kommunestyret, var naturleg. Men det er slett ikkje sikkert i Vinje. Meir truleg er det at SV, Sp , KrF og H går saman i ein konstellasjon. Dei vil i tilfelle ha 13 representantar og fleirtal. Då er det i tilfelle duka for ordførarskifte, med Arne Vinje (SV) som ny ordførar og Aslak Ofte (Sp) som ny varaordførar.

– Ein spennande situasjon

Arne Vinje er naturlegvis stornøgd med resultatet. Ein auke på 10,6 prosent til 6 mandat var i overkant av det dei største optimistane hadde venta.

– Valresultatet gjev ein ny og spennande situasjon. SV burde ha eit brukeleg utgangspunkt forhandlingar, seier Vinje forsiktig.

På spørsmål om Ap er den naturlege samarbeidspartnaren seier han at sonderingane med dei andre partia startar alt i dag.

– Ut frå historiske røynsler er det slett ikkje sikkert det er eit samarbeid med Ap som blir løysinga, er alt han vil seie om forhandlingane etter valet.

– Ei vandring i dødsskuggens dal

Den andre valvinnaren, Frp, er svært fornøgd med å få inn tre representantar, men er overraska over valresultatet samla sett.

– Eg ser for meg eit brokete tilvære framover, og er redd Frp kjem til å vandre i dødsskuggens dal, kommenterer Halvor Lognvik, leiar i Vinje Frp.

– Men eg vil sjølvsagt gratulere SV med resultatet, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skuffa over valresultatet

Ordførar Børre Rønningen er skuffa over valresultatet. Ein nedgang på fire prosent er han ikkje fornøgd med.

– Ap er framleis størst i Vinje, men med så mange grupperingar er det umogleg å seie kven som får posisjonane, kommenterer Rønningen.

Han forklarar tilbakegangen med ein viss slitasje etter å ha site med makta den siste perioden.

Vil samarbeide med SV

Senterpartiet er ikkje fornøgd med valresultatet. Ein nedgang på tre prosent og tilbakegang frå seks til fire representantar var ikkje heilt det partiet håpa på.

– Me hadde håpa på eit betre resultat, men får bare gratulere SV. Eg synest det er naturleg at partia SV, Sp, H og KrF kjem saman til tingingar, seier Aslak Ofte.

Han meiner Arne Vinje som ordførar og han sjølv som varaordførar kan vera ein utgang på tingingane.

– Me kjem i alle fall til å ta kontakt med SV alt i morgon, avsluttar han.

Høgre er framleis størst i Seljord

Det ser ut til å bli fire nye år med ordførarklubba for Edvard Mæland. Med ein oppslutnad på 22 prosent er partiet framleis størst i kommunen. Grovteljinga tyder på at dei mistar eit mandat i kommunestyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er fornøgd med å framleis vere størst. Den borgarlege konstellasjonen har framleis fleirtal i kommunestyret, så eg trur ikkje det blir dei store endringane, seier Edvard Mæland.

Framleis borgarleg fleirtal

Det borgarlege fleirtalet som har regjert dei siste periodane er inne med 14 mandat etter kommunevalet. Høgre er inne med seks, Sp har fire, KrF har framleis tri og Venstre beheld sitt eine mandat.

Det var knytt stor spenning til korleis Frp ville gjere det. Det nystarta lokalpartiet fekk 12,4 prosent av røystene og kom inn med tri representantar i kommunestyret, noko listetopp Tarjei Skræi er godt fornøgd med.

– Det ser ut til at me har teke stemmer frå heile fjøla, unnateke Venstre og SV. Det einaste som irriterer meg er at me mangla ni stemmer på å bli større enn SV, seier Skræi.

Håpa på fire

Karin Susanne Lauvstad, listetopp for SV, hadde håpa på fire representantar, men var godt fornøgd med dei tri som kom inn. Kven som blir ordførar er enno eit ope spørsmål, meiner Lauvstad.

– Det blir spennande forhandlingar, seier Lauvstad.

Senterpartiet gjorde eit skuffande val i Seljord. Partiet mista to mandat i kommunestyret og fekk ein oppslutnad på i underkant av 17 prosent. Arbeidarpartiet er framleis nest størst, men mista eit mandat i høve til kommunevalet i 1999. Men det kan bli endringar etter finteljing. KrF er inne med det siste mandatet, men Ap, Sp og SV kjempar om dette mandatet. Ap er nærast.

– Det hadde vore forbaska moro å vinne det mandatet, seier Haugan. Han trur ikkje det er avgjort at Edvard Mæland sit fire nye år som ordførar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Senterpartiets storval

Innbyggjarane i Kviteseid har ei spanande tid i vente, for å sjå kven som tar over ordførarklubba etter Karin Maria Larsen (Ap). Senterpartiet gjer eit kjempeval med ein framgang på 8,1 prosent og vil få åtte representantar og bli største parti i kommunestyret.

Arbeidarpartiet går tilbake 6,6 prosent, og vil få sju representantar komande periode. Kristeleg Folkeparti gjer eit brukbart val med ein framgang på 0,8 prosent, og får tri mandat. Høgre har ein tilbakegang på 1,2 prosent, noko som gjev dei to mandat, og Venstre går også tilbake 1,3 prosent. Venstre vil halde fram med ein representant i kommunestyre.

Overraska

Ordførarkandidat for Sp, Torstein Tveito, (51) mottok eit gledeleg valresultatet heime med familien i Dalane.

– Det var voldsamt au det; var Tveito sin fyrste kommentar då VTB gratulera han og partiet som valvinnarar.

51-åringen som nå har eit godt napp i ordførarklubba har ei spanande tid i vente.

– Sp har ikkje tatt noko formelt standpunkt til samarbeid med andre parti, men det vil me sjølvsagt diskutere. Om eg nå får tilbod om ordførarvervet, blir det ei utfordring, men det er ennå bare spekulasjonar. Dette må me diskutere, fortel ein glad og overraska Tveito.

Skuffa

Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet, Bjørg Kyrkjebø Ståland (57), vart litt skuffa etter valresultatet kom, men sender gratulasjonar til Sp med kjempevalresultatet.

– Eg hadde sjølvsagt ynskte at Ap skulle få fleire røyster. Eg trur mange av Ap-veljarane sit heime, og ikkje har nytta røysteretten sin, kommenterer ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kven trur du får ordførarvervet?

– Eg trur Sp og KrF kjem til å gå saman for å få fleirtal, og at Sp stiller sterkt med sin ordførarkandidat, meiner ho.

Opne for samarbeid

Listetopp for Kristeleg Folkeparti, Jonn Foldøy, er godt fornøgd med valresultatet.

– Me håpa på tri mandat, og det fekk me.

KrF-representanten meiner det er naturleg at dei nå går saman med Sp slik at dei får fleirtal i kommunestyret.

– Me har fungera godt saman denne perioden i opposisjon, og me er opne for å snakke med Sp om vidare samarbeid, fortel ein fornøgd Foldøy.

Fornya tillit på 15. året

40,2 prosent av tokkebuarane røysta på Senterpartiet under gårsdagens kommuneval. Det betyr at Sp går fram 0,3 prosent samanlikna med kommune- og fylkestingsvalet i -99. Ordførar i Tokke gjennom 14 år, Birger Nygård, er klar for fire nye år som politisk øvstkommanderande. Det var Nygård svært tilfreds med natt til i dag.

– Dette hadde eg aldri trudd. Valresultatet er langt i overkant av det eg forventa. Eg brukar jamt å vere pessimist for då blir ein eventuell nedtur mykje lettare å takle. Men nå er eg bare glad og fornøgd. Svært godt fornøgd, kommenterte Birger Nygård kort tid etter at valsetlane var talde opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Godt å vere ferdig

Nygård meiner årsaka til at Senterpartiet gjer eit godt val i Tokke i hovudsak sentrerer seg om to faktorar.

– For det fyrste har me gode kandidatar på vallista. Vallista er representativ i både kjønn, alder og geografisk spreiing. For det andre har me tatt opp aktuelle saker i valkampen. Saker som innbyggjarar er opptekne av og meiner er viktige. Eg trur me vinn veljarar på at me ynskjer å oppretthalde skulekrinsane og talar varmt for alderspensjonta i grendene, uttalar Nygård.

Han gler seg til å ta fatt på nok ein fireårsperiode i førarsetet.

– Ja, det gjer eg. Nå kjenner eg det er godt å vere ferdig med valet og sjå framover mot fire spennande og utfordrande år. Fyrste prioritet er å fylgje opp valliste vår, seier Nygård.

Godt val for SV

Sosialistisk Venstreparti er partiet med størst framgang i Tokke med 1,9 prosent. Det tyder at Venke Bakke får med seg ei eller ein til i kommunestyret. Ap gjekk tilbake med 0,2 prosent frå 33,8 til 33,6 prosent. Det betyr at Ap går frå åtte til sju mandat. Kristeleg Folkeparti og Høgre gjekk tilbake høvesvis 1,2 og 0,7 prosent medan det nyetablerte

Framstegspartiet kapra 78 røyster og enda på 6,2 prosent med eitt mandat.

Held fram som ordførar

Samarbeidskonstellasjonen KrF, Sp og H i Nissedal har framleis fleirtal. Dermed kjem nok Øyvind Tveit til å halde fram som ordførar i bygda.

KrF får fire mandat i det nye kommunestyret i Nissedal. Med tri mandat til Sp og to til Høgre vil nok samarbeidet mellom dei tri om ordføraren halde fram. Nykomarane SV og Frp fekk to mandat kvar, og Ap fire.

Denne mandatfordelinga var klart rundt same tid VTB skulle gå i trykken klokka eitt i natt. Tidlegare på valkvelden viste oppteljinga at Ap hadde fem mandat og KrF tri. Dermed var Frp i vippeposisjon. Seinare viste det seg at ei bunke med KrF-røyster hadde ramla i bunka til Ap. Då dette vart oppdaga, hadde KrF fått eit mandat for lite og Ap eitt for mykje.

Den endelege teljinga viste at det likevel ikkje blir spennande kven som blir ordførar dei neste fire åra. Konstellasjonen H, KrF og Sp har samarbeidd om ordføraren dei siste åra, og gjer det nok igjen. Dermed får Øyvind Tveit nye år i sjefsstolen, medan Jon Inge Nordbø (Sp) truleg blir varaordførar.

Brak-val for Bygdelista

Bygdelista fekk eit godt resultat under debuten ved førre val. I går var det duka for meir moro. Bygdelista fekk to av fem personar som gjekk til valurnene til å velje dei. Dermed stikk lista av med ni mandat i kommunestyret, mot sju i inneverande periode.

– Dette var artig. Eg hadde forventa eit val som førre gong og kanskje noko betre. Etter at Bygdelista har styrt i fire år er det kjempeartig å få ny tillit. Eit skår i gleda er det skuffande frammøtet, bare på 62 prosent, seier Saamund Gjersund, ordførarkandidat og einaste kumulerte på Bygdelista.

Han vedkjenner at han har gått litt på tuppa valdagen, og har vore spent på resultatet.

– Eg reknar meg ikkje som ordførar dei neste fire åra sjølv om me har gjort eit godt val. Spenninga er ikkje utløyst, me er for så vidt like langt. Utgangspunktet er å få ordføraren. Så får me ha samtaler med andre, dei partia som vil prate med oss. Mest sannsynleg blir det med Sp fyrst. Kanskje kan me ha ei samling alle tri, seier Gjersund.

Sp avgjer

Lars Arvid Bjørgulfson, ordførarkandidat for Fyresdal Ap, er skuffa over at partiet mista to mandat og står att med sju i det nye kommunestyret.

– Eg hadde tru på at me skulle halde same tal som sist. Eg har tenkt på kva det kan vere at me mistar to mandat, men det er vanskeleg å seie, kommenterer Bjørgulfson.

Han tvilar på at Ap går til Bygdelista med beskjed om at det er greitt med eit samarbeid om partiet får varaordføraren.

– Det kan bli tøffe forhandlingar om ordføraren. Sp står i posisjon til å velje den dei vil, avsluttar Bjørgulfson.

Sel seg dyrare denne gong

Sp i Fyresdal vil også i komande periode ha fem kommunestyrerepresentantar. Det er eit resultat toppkandidaten Per Helge Seltveit meiner er akseptabelt. Men han er svært overraska over at Bygdelista passerte Ap.

Sp har ingen kumulerte på lista. Seltveit visste ikkje om han er ein av dei fem då VTB var på tråden. Nå skal Sp sjå kven som har kome inn, ha drøftingar i styret og gruppa før dei ser nærare på samarbeidspartnar.

– Og det er vesentleg for Sp å vite politikken til Bygdelista dei neste åra før me går til eit samarbeid. Kanskje vil me fyrst ha gjennomslag for ein del saker før me vel ordføraren. Ap kan bli valt om me får svært gode Sp-vilkår, seier Seltveit, klar for rundar med det som sikkert blir hestehandel så det monnar.