Sandra Breivik (5) er ikkje redd for hestane, og fortel at ho har ridd før. Og at ho gler seg til å gjera det igjen.
Sandra Breivik (5) er ikkje redd for hestane, og fortel at ho har ridd før. Og at ho gler seg til å gjera det igjen.

Dei flytta barnehagen til Dynga for ein dag

Heile Fyresdal barnehage tok torsdag turen til ridebanen «Dynga» for å kose seg med hesteriding, bålsteikte grønsaker og fri natur. Fleire av dei tøffe barna hadde null problem med å prøve seg på hesteryggen.

I regndressar i alle regnbogens fargar kjem 52 barnehagebarn syklande og trillande og gåande til ridebanen i Fyresdal torsdag føremiddag. Som ein vegg av fargar og smil, klare for ein dag med aktivitetar utandørs.

– Me er vane med å vera på tur og bruke uteområda våre mykje. I dag syklar me to kilometer kvar veg frå barnehagen til ridebanen, men ingen klagar. Dei har alle gleda seg til å vera her, seier styrar Liv Johre-Bakke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heile barnehagen er med. Det krev mykje planlegging.

– Syklar, barnesete, vogner, bleier, drikkeflasker og nistepakker for alle saman har måtta vore på stell. Det er ein del arbeid. Heldigvis har me flinke og hjelpsame foreldre som ikkje seier nei til å gjera litt ekstra, smiler ein fornøgd styrar.

Viktig for helsa

Sebastian Hoomoedt (3), Mohamed Abdirahman Shil (4) og Mikkel Gasmann Nesland (3) er ikkje bekymra for straum i gjerdet.
Sebastian Hoomoedt (3), Mohamed Abdirahman Shil (4) og Mikkel Gasmann Nesland (3) er ikkje bekymra for straum i gjerdet.
Ein liten matpause før hovudretten er ferdiggrilla.
Ein liten matpause før hovudretten er ferdiggrilla.
Mikkel Gasmann Nesland har kledd seg ut for høvet.
Mikkel Gasmann Nesland har kledd seg ut for høvet.
Denne rekka med jenter følgde spente etter Zorro på ridetur.
Denne rekka med jenter følgde spente etter Zorro på ridetur.
Zorro er ferdig med rideturen for denne gong.
Zorro er ferdig med rideturen for denne gong.
Birk Aamlid (3) (t.v.) og Oda Marie Bjørnerud Clausen (3) kosar seg med knekkebrød med gulost.
Birk Aamlid (3) (t.v.) og Oda Marie Bjørnerud Clausen (3) kosar seg med knekkebrød med gulost.
Denne hesten blei fort omringa av ivrige barn.
Denne hesten blei fort omringa av ivrige barn.
Liam Christoffer Tøtrup Lauvaasen (3) (t.v.), Ole Braemer (4), Mikkel Breivik Hvistendahl (3) og Bjug Eivind Lauvrak (5) har fått servert grilla grønsaker, kylling og pasta.
Liam Christoffer Tøtrup Lauvaasen (3) (t.v.), Ole Braemer (4), Mikkel Breivik Hvistendahl (3) og Bjug Eivind Lauvrak (5) har fått servert grilla grønsaker, kylling og pasta.
Sandra Breivik (t.v.), Oda Marie Bjørnerud Clausen (3) og Hedda Åmlid (3) følgjer godt med på det Anne Grethe Aamlid fortel om hesten.
Sandra Breivik (t.v.), Oda Marie Bjørnerud Clausen (3) og Hedda Åmlid (3) følgjer godt med på det Anne Grethe Aamlid fortel om hesten.
Styrar i Fyresdal barnehage Liv Johre-Bakke i full gang med å smørje ventemat til barna.
Styrar i Fyresdal barnehage Liv Johre-Bakke i full gang med å smørje ventemat til barna.
Kristine Berthelsen grillar grønsaker til den store gullmedalje.
Kristine Berthelsen grillar grønsaker til den store gullmedalje.
Sandra Breivik kyssar hesten midt på munnen.
Sandra Breivik kyssar hesten midt på munnen.
Sandra Breivik får endeleg lov til å opp på hesteryggen.
Sandra Breivik får endeleg lov til å opp på hesteryggen.
Sigve Teksle (4) kunne avsløre at han hadde med seg ein traktor i nisteboksen.
Sigve Teksle (4) kunne avsløre at han hadde med seg ein traktor i nisteboksen.

Det barnehagen har kalla for ein «hest, helse og aktivitetsdag» er i gang. Dei har invitert foreldre, politikarar og administrasjonen til å vera med.

Dei 15 tilsette som er med er budde på ein hektisk dag, då det å halde kontroll på over 50 barn i fri utfalding i nærleiken av hestebakbein jo er ein krevjande jobb.

– I fjor hadde me eit liknande opplegg, berre at det var av litt mindre skala. Det er veldig mykje arbeid, men barna får så mykje ut av denne dagen. Dei kan springe heilt fritt og berre kose seg ute. Det er veldig viktig for helsa det her. Både frisk luft og aktivitet, men også meistringskjensla barna kjem til å få av å klare å ri hest. Og så skal me grille grønsaker og kylling i bålpanner, så sunn mat er også ein del av opplegget, seier Johre-Bakke.

Styraren meiner at sidan dei har den yngste gruppa av fyresdølar i barnehagen, har dei også størst sjanse for å førebyggje psykisk og fysisk sjukdom.

Barna er vane med hestar

Artikkelen held fram under annonsen.

Med seg på laget har dei fått elevar frå ungdomsskulen i Fyresdal.

– Me arrangerer dette som eit samarbeid med aktivitetsgruppa på skulen. Dei har det som valfag, og det er så fint. Då må me bruke dei, veit du, seier ho.

Ho fortel at det er viktig for barnehagen i Fyresdal å finne på ting som er litt annleis.

– Me har av og til hestar herfrå på besøk i barnehagen også, så barna er vane med dei. Fleire av dei som jobbar i barnehagen er nemleg med i ridegruppa. Såleis er hestane vane med barna også, forklarer Johre-Bakke.

Zorro tek fyrste ridetur

Eit stykke bortanfor bålplassen har Sandra Breivik (5) stoppa opp ved ein av hestane. Og ganske riktig, hesten er heilt roleg. Sandra er heller ikkje redd. Plutseleg ser ho ned på bakken under hesten.

– Oi, han hadde bæsja mykje!

– Var det litt ekkelt?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja. Men eg likar å ri på dei, då.

Det er enno ei stund att før Sandra skal få ri på hest. Det har seg slik at dei minste barna er fyrst ut.

Men aller fyrst ut er sjølvaste Zorro. I Fyresdal betre kjent som Mikkel Gasmann Nesland (3, straks 4. Han har bursdag på måndag, faktisk). Ikledd maske og kappe inntek han hesteryggen – utan sal. Slik er det når ein er Zorro.

Med ein gjeng av beundrande jenter på slep rir Mikkel/Zorro rundt på ridebanen. Med litt vind i kappa til og med.

– Eg har ridd før, så eg er ikkje redd, seier den unge ryttaren.

Ikkje skummelt

Så, etter å ha venta tålmodig ei lang stund, er det endeleg Sandra sin tur til å hoppe opp på hesteryggen.

Ho smiler som ei sol heile vegen rundt banen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Synest du at det var skummelt?

– Nei, ikkje i det heile tatt, seier ho sjølvsikkert.

Vel tilbake ved bålplassen er grønsakene ferdiggrilla. Maten er servert, og små og store tek ein kollektiv pust i bakken. Men, dagen ute i det fri har berre så vidt starta.