Flyktningkonsulent i Kviteseid kommune, Tone Syftestad, er i gang med å koordinere og legge til rette for at dei ti flyktningane som kjem til kommunen får ein god start. – Me blir glade om nokon har ledig husvære dei kan leige bort, eller gjenstandar me kan nytte til innreiing i dei nye heimane, seier Syftestad.
Flyktningkonsulent i Kviteseid kommune, Tone Syftestad, er i gang med å koordinere og legge til rette for at dei ti flyktningane som kjem til kommunen får ein god start. – Me blir glade om nokon har ledig husvære dei kan leige bort, eller gjenstandar me kan nytte til innreiing i dei nye heimane, seier Syftestad.

– Dei kjem hit utan noko, mange har alt dei eig i ein pose.

I løpet av året skal ti flyktningar kome til Kviteseid for å starte ei ny framtid her. Flyktningkonsulent Tone Syftestad er godt i gang med å legge til rette for dei nye innbyggjarane.

I løpet av året me er inne i skal Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (Imdi) busetje 18 000 flyktningar rundt om i norske kommunar.

Kviteseid kommune har vedteke å ta i mot ti personar delt på ein familie og einslege vaksne i 2016. Familien som kjem til Kviteseid er overføringsflyktningar. Det vil seie flyktningar som har fått saka handsama og er stadfesta som flyktningar av FNs høykommissær alt før dei kom til det endelege opphaldslandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Koordinere ein god start

1. mars starta Tone Syftestad i jobben som flyktningkonsulent i Kviteseid.

– Jobben min er å koordinere alle einingar og friviljuge organisasjonar slik at flyktningane som kjem til Kviteseid får ein god start her. Om alle bidreg litt er det mykje lettare å lukkast, smiler ho.

Syftestad seier at det vil skje lite integrering på kontoret hennar på kommunehuset.

– Me må ut i samfunnet, kanskje krysse kommunegrenser, tenke vekst og utvikling. Me har samarbeid om undervisning med Seljord som har etablert vaksenopplæring, eg trur det kan vere fruktbart å vere i eit større miljø. Elles har eg vore i kontakt med skule, barnehage, helse – det er viktig å førebu og inkludere alle einingar, seier flyktningkonsulenten.

Dei vaksne flyktningane som kjem til kommunen må vere med på eit introduksjonsprogram som mellom anna omfattar norsk, samfunnsfag og arbeidsliv.

– Dei yngre flyktningane som kjem hit går inn i barnehage- og skuleprogram, seier Syftestad og er sikker på at dei nye innbyggjarane kjem med noko bygda kan bygge vidare på.

Engasjert

Syftestad kom i vinter heim att til Kviteseid etter at ho arbeidde fleire år i ei arbeid- og inkluderingsverksemd i Vestfold.

– Her arbeidde eg mellom anna med innvandrarungdom, språkpraksis og få dei ut i arbeidslivet tidleg. Før eg flytta frå Kviteseid var eg mellom anna sjølvstendig næringsdrivande i mange år før eg tok lærarutdanning som har gjeve meg brei kompetanse i arbeid med menneske, seier Syftestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier at flyktningkrisa har engasjert ho veldig.

– Eg kjente at dette er eit felt eg har lyst til å arbeide med, og eg ynskjer å bruke tida mi på nokon som verkeleg ynskjer ei endring, seier ho.

Syftestad meldte seg som friviljug då akuttmottaka blei etablert i Vrådal og Morgedal.

– Det var veldig meiningsfullt. Eg fekk også eit engasjement av kommunen som norsklærar ved mottaka, fortel Syftestad.

Tidlegare i vinter reiste Syftestad til Hellas i to veker for å hjelpe flyktningane som er på flukt.

– Det gjer at ein kjenner bakgrunnen deira. Ein har sett menneska som er i store kriser. Eg beundrar at dei i det heile klarer å stå oppreiste og vere takksame for det vesle me klarte å hjelpe dei med, seier ho.

Treng bustadar

I tillegg til møte og planar for korleis ein skal ta i mot dei nye innbyggjarane som er venta til Kviteseid, arbeider Syftestad med å finne nye heimar til flyktningane i kommunen.

Kviteseid kommune har ein bustad i Høgvollfeltet i sentrum. Her har arbeidet med oppussing stått på timeplanen den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men me treng fleire bustadar også, for me veit ikkje kva folk som kjem. Når Imdi varslar oss må me finne bustadar som passar. Og det treng ikkje bare vere i sentrum. Det som er viktig er å finne løysingar som fungerer godt i praksis, seier Syftestad.

Syftestad ynskjer også inventar til bustadane som flyktningane skal bu i.

– Dei kjem hit utan noko, mange har alt dei eig i ein pose. Om folk har møblar, kvitevarer eller anna som må til for å innreie eit hus og som dei kan gje vekk vil me gjerne ha beskjed. Det er betre med gjenbruk enn at fint bruka gjenstandar blir kasta, seier ho.

Ynskjer ein god start

Dei yngste flyktningane som kjem til Noreg treng verje.

– Det er eit stort behov for verje til einslege mindreårige. Om ein ynskjer meir informasjon om dette finn ein det hos Fylkesmannen i Telemark, seier ho.

Når dei nye innbyggjarane kjem til Kviteseid, veit ikkje Syftestad sikkert – det er det Imdi som avgjer. Men når dei kjem er kommunen klare til å ta dei i mot, og integrering og språklære står øvst på lista.

– Me ynskjer også språkpraksisplassar, så om det er arbeidsgjevarar som kan vere interessert i å ta i mot nokon – ta kontakt, oppmodar Syftestad.

Ho meiner det er viktig at dei nye innbyggjarane får bli kjent med bygdesamfunnet, sosialisert seg og raskt bli ein del av fellesskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me blir svært glade om det er nokon som har lyst til å melde seg som friviljuge. Ta kontakt, oppmodar ho.