Dei tyske journalistane ville ikkje heim att
I helga som var deltok fem tyske journalistar på ein pressetur i Telemark. Denne gongen var temaet for turen dei fine sykkelrutene langs Telemarkskanalen, og deltakarane avslutta måndag turen med eit besøk på Rui i Tokke.
Frilansarar og journalistar frå fleire tyske aviser og vekeblad lytta nøye til historia om Rui-jentene, medan dei naut den velkjente utsikta frå garden oppe i fjellsida mellom Dalen og Eidsborg.
Alice Haukelidsæter voks opp som næraste nabo til Ingerine og Gurine Schewenius – som etter kvart skulle bli rikskjendisar og bli inviterte til kongen i Oslo – og sjølv om ho berre var fire år gamal då den siste av systrene gjekk bort, er minna tydelege og gode. Haukelidsæter fortalde med engasjement og viste dei fascinerte journalistane rundt på tunet og inne i den vesle stoga som var Rui-jentenes heim. Dei kika lenge på familiebilda som er sett opp på eit bord inne i stoga, og måtte trekke på smilebanda av den einsame ljospæra som hang midt i rommet – jentenes einaste ljoskjelde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trist å skulle reise heim
Presseturen i regi av Visit Telemark og Fjord Line føyer seg inn i rekkja av årevis med same type turar. I år var fokuset på Telemarkskanalen, og journalistane deltok på fleire sykkelturar langs vatnet, mellom anna frå Lunde til Kilen og frå Åmdals Verk gruver via Bandaksli til Dalen. I fjor hadde presseturen fokus på verdsarven på Rjukan og i Notodden.
Guidane for helga var Caroline Laurhammer og Alina Olsen frå Visit Telemark, med gjesteguidar på dei forskjellige stadene dei besøkte.
Journalistane kunne måndag melde at dei hadde hatt ein strålande fin tur. Så fin var den faktisk, at dei ikkje ville forlate Telemark.
– Eg vil ikkje heim, seier Susanne Jock, journalist i avisa Badische Neueste Nachrichten, i byen Karlsruhe sydvest Tyskland.
– Heime er det så mykje som skjer heile tida. Her får eg besøke fantastiske stader og jobbe med det eg elskar. Eg lengtar alltid tilbake til Noreg, seier Jock.
Måndag morgon gjekk presseturen mot slutten, men dei skulle ikkje ta til på køyreturen til Torp før Rui-plassen var kryssa av besøkslista. Rett før klokka ni gjekk dei frå Dalen hotell, der dei hadde hatt årets siste overnatting i Noreg.
Undervegs til Rui besøkte dei også utsiktspunktet Riarhamaren, og fekk fortalt historia om Åse Stålekleiv som rei ut i sin daud der på 1100-talet, etter at dei tre sønene hennar hadde blitt drepne av søskenbarna sine og dermed tapa slaget om Dalen.
Gler seg til å vise fram turane
Fortvilinga over den noko bratte motbakken opp frå Dalen sentrum gjekk fort over for samtlege då dei fekk sjå utsikta frå det berømte tunet høgt over Bandak. Utløysarknappane på kameraa deira gjekk varme ei god stund.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva blir hovudbildet i saka frå Telemarksturen, då?
– Det blir nok noko frå sykkelturane me har hatt. Det var så fint å få oppleve naturen så nært på. Så det vil eg absolutt tipse vidare om. Der eg bur er det berre masse trafikk, her er det så fredeleg og vakkert, seier Doreen Reeck, som skriv for avisa Kölnischer Rundschau i Köln.
I og med at det er Telemarkskanalen som har vore tema i år, håpar journalistane at dei kan få det fram gjennom ord og bilde kor fint det var å oppleve stadene i levande live. Og dermed få turistane til å strøyme til Telemark.
– Bandaksli var heilt fantastisk. Derfrå finn nok eg hovudbildet mitt, seier frilansar Martina Berliner.
Ny marknad
Synne Aasland, reiselivskonsulent i Tokke, er stolt av å kunne vise fram ein liten del av det turistkommunen har å by på. Ho seier dei i kommunen har fem av dei totalt 26 vandrerutene i Telemark. Bufjordstigen, Brynesteinsbrotet, Helveteshylen, Lårdalsstigen og ruta som dei tyske turistane fekk ein smak av – frå Dalen til Rui og vidare til Eidsborg – er alle populære turmål.
– Me håpar sjølvsagt besøk av tyske turistar skal gje positiv merksemd. Redaksjonell omtale er gull verdt i kombinasjonen med jungeltelegrafen, seier Aasland.
Tyskland er eit nytt satsingsområde frå Visit Telemark. På Dalen er det nederlendarar som dominerer blant dei europeiske turistane, i tillegg til nordmenn, svenskar og danskar. Aasland er glad for at dei er ein del av Visit Telemark.
– Åleine er me alt for små. Me er avhengige av samarbeid, seier ho.