Håvard Eilefstjønn, Bjønn Klomset-Lønnestad, Thomas Øverland, Sunniva Irenesdotter Uldal Kåsa, Guro Garvik. Framme frå venstre: Martine Hogstad Sveinson, Matilde Hagen-Nielsen, Tonje Tjærberget og Emil Aamot Simonsen.
Håvard Eilefstjønn, Bjønn Klomset-Lønnestad, Thomas Øverland, Sunniva Irenesdotter Uldal Kåsa, Guro Garvik. Framme frå venstre: Martine Hogstad Sveinson, Matilde Hagen-Nielsen, Tonje Tjærberget og Emil Aamot Simonsen.

Dei unge har fått ei idrettsstemme

For å inkludere dei unge aktive utøvarane i idretten har Seljord IL eige ungdomsstyre med ni representantar mellom 12 og 16 år.

Når hovudstyret i Seljord idrettslag har møte skal dei unge også bli høyrd. Etableringa av ungdomsstyret blei vedtatt på årsmøtet i idrettslaget i fjor. På seinsommaren starta kartleggingsarbeidet. Interesserte kandidatar meldte seg og jamaldrande røysta fram eit styre som no består av Guro Garvik (leiar), Matilde Hagen-Nielsen (nestleiar), Thomas Øverland (kasserar), Bjønn Klomset-Lønnestad (skrivar), Sunniva Irenesdotter Uldal Kåsa, Tonje Tjærberget, Martine Hogstad Sveinson, Håvard Eilefstjønn og Emil Aamot Simonsen.

– Dei representerer ikkje idretten sin, men alderstrinnet sitt, forklarar Hans Inge Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei stemme i laget

Han er nestleiar i styret i Seljord IL og var den som tok initiativet til å etablere eit ungdomsstyre. Tanken er å inkludere og synleggjera dei aktive utøvarane på alle alderstrinn og i alle idrettane. Dei skal ha fokus på trivsel, inkludering, rettferd, reglement og ve og vel, og gje tilbakemeldingar. I ungdomsstyret blir det tatt opp saker og diskutert problemstillingar som kan bringast vidare til hovudstyret. Leiaren i ungdomsstyret kan bli med på dei månadlege møta i idrettslaga og har røysterett på lik line med dei andre representantane i hovudstyret. Styret fungerer som ei undergruppe og har mellom anna sitt eige budsjett.

– Det er ikkje lagt opp til så mykje jobb at det går utover skulearbeidet, understrekar Hagen med eit smil.

– Dette skal vera lystbasert. Dei unge får sjå korleis det er å drive eit idrettslag og ha ei stemme i laget, legg han til.

Blant det dei unge er opptatte av og skal jobbe med utover året er anti-mobbekampanje og integrering.

– Me skal ikkje haste nokre prosjekt. Det me gjer skal me gjera skikkeleg, seier Hagen.

Ris og ros

Det er også tankar om ei kampanje om å få fleire på kamp, renn eller stemne. Det kan vera ei uforpliktande avtale med foreldre eller besteforeldre. Hagen håpar dette kan gjera at fleire kjem og ser på. Han understrekar at mange vaksne er flinke, men det kan vera at til dømes besteforeldre ikkje er informert om når det er kamp på Eventyrøy. Då kan ei uforpliktande avtale med datoar og tidspunkt vera ein måte å få endå fleire på idrettslagsarrangement.

Dei unge skal også stå bak ei ris og ros-kasse. Slike kasser kan bli plasserte ut til dømes på Eventyrøy, Granvin og i Raudkleiv. Her er meininga at dei aktive unge kan kome med ærlege tilbakemeldingar – heilt anonymt.

– Det kan til dømes vera at trenaren kjeftar for mykje eller at ein ynskjer fleire treningar, skisserer nestleiaren i hovudstyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Berre eksempel altså! Slik er det ikkje i Seljord, legg han til med eit smil.

Blir tatt på alvor

– Eg synest dette er eit utruleg bra tiltak som Hans Inge har dratt i gang, kommenterer leiaren i hovudstyret, Tellef Solås.

Kva synest så dei unge om å vera med?

– Det er veldig bra at me unge blir tatt på alvor, seier leiar Guro Garvik.

Dei ni medlemmane er aktive i ulike idrettar, og mange er aktive i fleire greiner.

– Det er nok av tilbod i idrettslaget, men nokon unge saknar kanskje motorsport, seier Sunniva Irenesdotter Uldal Kåsa.

Ei av årsakene til etableringa av eit ungdomsstyre er at mange fell frå når dei nærmar seg tenåra. Håvard Eilefstjønn trur ikkje det heng saman med mangel på tilbod.

– Dei er for late, seier han med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så finn dei andre interesser. Me får prøve å få dei til å vera aktive lenger, legg han til.

– For nokon er det kanskje vanskeleg å seie frå om ting til dei vaksne, då kan me plukke opp det dei ikkje er fornøgde med og ta det vidare, seier Eilefstjønn.

Ungdomane håpar fleire idrettslag rundt om gjer som dei har gjort i Seljord og etablerer eit ungdomsstyre, og dei bidreg gjerne med tips og råd.