Dei unge rulla i Fyresdal
Tysdag møtte dei yngste fyresdølane ivrig fram då det blei halde sykkelritt i Folkestadbyen.
Mai Kile, som er kjøpmann ved Joker Fyresdal, var strålande nøgd med deltakartalet på årets Tour of Norway for dei yngste.
– Det blei ein super dag i det knallfine vêret for store og små. 112 deltakarar var med på sykkelfesten, seier Kili nøgd.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sykkelløpet blei halde for tredje året på rad i Fyresdal, og var eit samarbeid mellom «Tour of Norway for kids», som er Noregs største sykkelritt for barn med 56 ulike arrangement over heile landet, og den lokale Joker-butikken.
På barneløpet kan alle mellom 0 og 13 år delta, så lenge dei brukar hjelm og noko med hjul. Alle deltakarane som registrerer seg får premie, og blir med i trekninga av flotte sykkelskjorter. Ein heldig, tilfeldig vinnar får ein ny barnesykkel frå Nakamura.
Neste Tour of Norway for barn i Vest-Telemark blir halde på Dalen 17. juni.