Det er i dag fire alternativ når det gjeld kommunesamanslåing for Seljord. Kva alternativ føretrekkjer du?
Det er i dag fire alternativ når det gjeld kommunesamanslåing for Seljord. Kva alternativ føretrekkjer du?

Dei unge vil ha kommune som han er

2 av 3 seljordingar mellom 18 og 30 år vil at kommunen skal vera som han er i dag.

Kommunereform Seljord:

Dei unge i Seljord er den einaste aldersgruppa med fleirtal for å behalde dagens kommunegrenser. Det viser Norfaktas spørjeundersøking gjort på vegne av Vest-Telemark blad. 67 prosent av dei spurde har svara at dei ynskjer at Seljord held fram som i dag – åleine. Totalt 34 prosent vil ha samanslåing med ein eller fleire kommunar. Av desse svarar dei fleste (82 prosent) at dei føretrekkjer alternativet med Kviteseid.

Dei spurde har fått skissert fire alternativ og svara på kva dei føretrekkjer:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Åleine, som i dag

– Saman med Kviteseid

– Saman med Kviteseid og Nissedal

Under 30 år
Under 30 år
Det er i dag fire alternativ når det gjeld kommunesamanslåing for Seljord. Kva alternativ føretrekkjer du?
Det er i dag fire alternativ når det gjeld kommunesamanslåing for Seljord. Kva alternativ føretrekkjer du?
30-44 år

45-59 år

60 år +
60 år +
Smått og godt, eller stort og fl ott?
Smått og godt, eller stort og fl ott?

– Saman med Notodden, Hjartdal og Sauherad

Det har også vore mogleg å svare «veit ikkje» eller «bryr meg ikkje», men verdt å merke seg: Alle dei spurde under 30 år har gjort seg opp ei meining. Totalt er 57 personar i aldersgruppa er spurd. Til informasjon bur det, ifylgje Statistisk sentralbyrå, kring 400 i denne alderen i kommunen.

Føretrekkjer Kviteseid

I aldersgruppa 30–44 år seier 34 prosent nei til kommunesamanslåing. Litt meir enn halvparten ynskjer samanslåing med ein eller fleire kommunar. Som trenden blant seljordingane elles er, føretrekkjer 7 av 10 at Kviteseid blir partnar.

Mest opne for kommunesamanslåing er seljordingane mellom 45 og 59 år. Her er 2 av 3 positive til eitt av dei tre samanslåingsalternativa. Det er også i denne aldersgruppa dei spurde er mest opne for ei samanslåing austover (30 prosent av dei som vil slå seg saman). Men fleirtalet av dei som vil slå seg saman, vil også her mot Kviteseid.

Blant dei eldste (60+) seier 4 av 10 nei til kommunesamanslåing. Det samsvarar med dei generelle funna som VTB presenterte i tysdagens avis. Også her er det eit fleirtal for å knytte seg mot Kviteseid – blant dei som vil slå seg saman. Totalt 57 prosent ynskjer eitt av dei tre samanslåingsalternativa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva føretrekkjer du?

Det er i dag fire alternativ når det gjeld kommunesamanslåing for Seljord. Kva alternativ føretrekkjer du?

Under 30 år

30–44 år

45–59 år

60 år +