Martin Listaul (t.v.) og Knut Halvor Erikstein var begge fornøgde etter å ha kjempa seg gjennom den 42 kilometer lange løypa.
Martin Listaul (t.v.) og Knut Halvor Erikstein var begge fornøgde etter å ha kjempa seg gjennom den 42 kilometer lange løypa.

Deltakarrekord i solskinet på Rauland

Tidenes største utgåve av helterennet vart ein stor suksess.

Laurdag vart historias tredje utgåve av Helterennet arrangert på Rauland, under fantastiske forhold. I solskinet og snaue fem minusgrader kunne speaker melde at om lag 1500 håpefulle deltakarar hadde funne vegen til startstreken. Klokka 10 var det heile i gong, då deltakarane i Trimhelten la i veg ut i løypa. Om lag tre kvarter seinare vart ungdommane sendt av garde, før eliteklassene etter kvart forsvann ut av startområdet for å bryne seg på dei 42 kilometerane som skulle tilbakeleggjast før målgang. Trass i noko vindfulle forhold ute i sporet, som blant anna førte med seg at fleire deltakarar mista tidtakarbrikka si, kom dei aller fleste startande seg heilskina over målstreken.

Forsvarte sigeren

Aller først av herrane i eliteklassa kom, i år som i fjor, Erling Christiansen, som la maratondistansen bak seg på tida 2 timar 13 minuttar og 26 sekundar. Han var 45 sekundar framfor Ole Jakop Nes på andreplass. Dryge tre minuttar etterpå kom dagens raskaste vesttele, Svein Olav Utistog frå Byrte, som med tida 2.16.44 kapra siste pallplassen for dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På kvinnesida var det berre to deltakarar i eliteklassa, og den raskaste av dei to var Brita Cecilie Mustad frå Langesund, som kom i mål etter 2 timar, 36 minuttar og 58 sekundar med klassisk gange på ski. Fjorårsvinnar Inger Synnøve Liset kom snaue sju minuttar bak, på ein andreplass.

Ingen vesttelar deltok i eliteklassa, men Kristin Larssen frå Dyre Vaa gjekk raskast av alle kvinnene frå vestfylket då ho med tida 3.08.23 sikra seg ein fin andreplass i klassa 45–49 år.

To andre vesttelar som bryna seg på traseen på Rauland var dei 18-årige klassekameratane Knut Halvor Erikstein og Martin Listaul, som begge gjeng ut av vidaregåande til våren. Dei har trena saman opp mot rennet, noko som før start latar til å ha bore frukter.

– Forma er så god som ho kan bli, seier Martin.

Knut Halvor er einig, og føyer til at dei har jobba hardt mot denne dagen, og at dei håpar begge klarer å gjere det best mogleg.

Trass i at dei er gode treningskameratar og har gjenge mykje på ski saman i vinter, presiserer dei at erfaringa ikkje er like stor hjå begge to.

– Det er vel eg som har gjenge mest på ski, svarar Knut Halvor på spørsmålet om kven av dei to som er den største favoritten.

Det er Listaul heilt einig i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, viss ikkje du kjem først er det jo ei lita katastrofe. Eg er jo eigentleg ingen skiløpar, seier han med eit smil, før han presiserer at han ser på rennet som ei artig utfordring meir enn ein konkurranse.

– Men det er klart, ein vil jo gjere det så bra som mogleg, og utan at eg veit noko om konkurrentane mine, er topp femti eit mål eg har sett meg. Den litt meir erfarne konkurranseløparen Knut Halvor har også hakket meir ambisiøse mål for dagen.

– Eg har mål om ei topp ti-plassering, men det er mange gode deltakarar, så det blir ikkje lett, seier den offensive vinbyggjen.

Vindfulle forhold

Då VTB møter dei to kameratane etter målgang, er det to slitne, men relativt fornøgde gutar me snakkar med.

– Eg er veldig fornøgd, eg hadde perfekte ski, det var litt vind, men elles veldig gode forhold og kroppen fungerte veldig fint, i alle fall til det var ti kilometer igjen. Då small det skikkeleg, smiler Erikstein som med tida 2.21.58 gjekk inn til ein imponerande sjetteplass i eliteklassa.

Martin på si side var også nokså nøgd med eigen innsats.

– Det gjekk ganske bra, utan at eg veit kva tida mi blei endå, kroppen fungerte fint og føret var godt, men skia mine er innstilt på ein som er vesentleg tyngre enn meg, så vektfordelinga var ikkje optimal, fortel Martin.

Han legg også til at vinden fór av stad med tidtakarbrikka, så det er usikkert om han i det heile får vite resultatet sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også dei yngste er med

Trass i at mykje av fokuset er på dei konkurrerande deltakarane, er det også stor aktivitet på den for årstida snødekte fotballbanen nedanfor målområdet. Her arrangerast nemleg den såkalla Barnehelten, der leik og skiglede er langt viktigare enn gode tider og plasseringar. Ungane kan velje mellom tre ulike løyper og gå så mange dei vil. Gjennom løypene blir dei losa av Vinjes fotballag, som arbeider dugnad og må nøye seg med å stå på sidelinja som tilskodarar. Heile 135 ungar er ute og boltrar seg i løypene, og ansvarleg for Barnehelten, Åse Hylland, slår fast at dette er ny deltakarrekord.

– Årsaka til at både Barnehelten spesielt og også heile arrangementet har blitt så populært som det har, trur eg ligg mykje i den store populariteten skirenn har, men i tillegg er det veldig godt vêr, og det må nok også ta sin del av æra. I tillegg gjer jo sjølvsagt storleiken og populariteten til heile arrangementet at også Barnehelten får fleire deltakarar, samtidig som det store aktivitetsnivået til ungane viser at dei verkeleg er interesserte i å gå på ski, seier ho.

Ho presiserer også at ungane kan både gå på skeiser, klatre og ake etter dei er ferdige og medan dei ventar på dei vaksne, slik at daudtida skal bli minimal.