Sindre Sæther Hasledalen var ikkje lenge om å fylle bærplukkaren med tyttebær, her saman med lærar Inger Lise Berge.
Sindre Sæther Hasledalen var ikkje lenge om å fylle bærplukkaren med tyttebær, her saman med lærar Inger Lise Berge.

Den årvisse haustingsturen

Småskuleelevane i Kviteseid var ivrige med bærplukkar og spann då dei hadde den årlege tytebærturen til Vrådal.

Det har blitt ein triveleg tradisjon å reise på tytebærtur, for elevar og lærarar ved småskulen i Kviteseid. I over 20 år har dette vore eit fast innslag og ein samlande turaktivitet.

Før det ruskete haustvêret slo til for fullt førre veke reiste om lag 50 elevar til Vrådals skogar for å hauste av rikelege mengder med tytebær.

Artikkelen held fram under annonsen.

Store raude klasar venta på å bli hausta, og elevane var arbeidsviljuge, for heimatt blei heile 40 liter ferdig reinska tytebær med i posar og spann.

I tillegg til plukking blei det også tid til leik og moro på tvers av skuleklasser. Ei god matpause i den varme haustsola og nokre sett med litt våte og kalde føter etter litt plumping i freistande bekkefar var heller ikkje til å kome ifrå.

Blir til syltetøy

Tilbake på skulen blei den raude fangsten frosen fram til elevane i 4. klasse skal lage syltetøy. Produktet blir eitt av elevarbeida som kjem for sal på den årvisse kafèen 1.-4. klasse arrangerer kvar haust. Dette er også ein solid tradisjon ved Kviteseid skule som blei starta i 2004.

Linea Metveit Haugo, Eivor Jønholt Metveit, Maria Metveit Haugo, Kristine Sørensen og Nora Salome Fosse.
Linea Metveit Haugo, Eivor Jønholt Metveit, Maria Metveit Haugo, Kristine Sørensen og Nora Salome Fosse.
Elevane var arbeidsviljuge og sanka 40 liter tytebær.
Elevane var arbeidsviljuge og sanka 40 liter tytebær.
Etter at bæra var henta frå tuva måtte ein reinske – den jobben tok fjerdeklassingane Vida Sandland og Iselin Edvartsen med glede.
Etter at bæra var henta frå tuva måtte ein reinske – den jobben tok fjerdeklassingane Vida Sandland og Iselin Edvartsen med glede.
Tytebærtur med småskulen i Kviteseid.
Tytebærtur med småskulen i Kviteseid.
Sondre Sandland (t.h) på tytebærtur med småskulen i Kviteseid.

Sindre Sæther Hasledalen på tytebærtur med småskulen i Kviteseid.
Sindre Sæther Hasledalen på tytebærtur med småskulen i Kviteseid.
Tytebærtur med småskulen i Kviteseid.
Tytebærtur med småskulen i Kviteseid.
Maria Metveit Haugo, Kristine Sørensen og Linea Metveit Haugo på tytebærtur med småskulen i Kviteseid.

Linea Metveit Haugo (t.v.), Kristine Sørensen og Syrill Lia Nagy fann ein liten frosk då dei var på tytebærtur med småskulen i Kviteseid.
Linea Metveit Haugo (t.v.), Kristine Sørensen og Syrill Lia Nagy fann ein liten frosk då dei var på tytebærtur med småskulen i Kviteseid.

Elevane fortel at dei gler seg til fredag 20. oktober  – då blir det både underhaldning, sal av syltetøy, elevarbeid, kaffi og noko å bite i. Overskotet frå kafeen skal i år gå til TV-aksjonen som i år går til Unicef sitt arbeid for å gje utdanning til barn råka av krig og konflikt. Sjølve TV-aksjonen blir halden 22. oktober.