27-åringen Pål Frømyr meiner sjølv at han har ein fantastisk jobb. Han er tilsett som golfgartnar på Fossøy og ser til at dei grøne slettene til kvar tid er nyklypte, ryddige og ser bra ut.
27-åringen Pål Frømyr meiner sjølv at han har ein fantastisk jobb. Han er tilsett som golfgartnar på Fossøy og ser til at dei grøne slettene til kvar tid er nyklypte, ryddige og ser bra ut.

Den fyrste golfgartnaren

Etter nær 30 års kamp for å etablere golfbane i Vrådal, opna 9-holsbanen på Fossøy laurdag. Pål Frømyr (27) stortrivst i jobben som Vest-Telemarks fyrste golfgartnar.

Gradestokken viste fire grader, regnet fall frå open himmel. Det var sur vind og lite likna ein sommardag i slutten av juni månad då folket laurdag tok turen til Fossøy i Vrådal. Men opning av den nye 9-hols golfbanen i Vrådal blei det lell.

Då klokka tikka mot tolv stilna regnet og speleklare gjester og andre skuelystne samla seg framfor det nybygde klubbhuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opninga starta med helsingar, gratulasjonar og eit dykk i historia om Fossøy. Øya som låg der som ei urørt perle før arbeidet med utbygging, utfylling av massar, hyttebygging og golfplanar skapte øyriket om til ein opplevingsstad.

Gjestene blei ynskt velkomne ned til golfbanens utslag og øvingsfelt der ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito, fekk klyppe opningsbandet.

Stolt av dei unge

Prosjektidé, planansvarleg og golfbanedesignar Tor Eia henta fram hovudpersonane som skulle få gleda av å opne golfbanen. Eia var svært stolt av å ha dei to unge og lovande golfspelarane på plass på Fossøy laurdag.

– Simen Syftestad er kviteseiding. Han er under utdanning i golf og reiser land og strand rundt for å delta i nasjonale tevlingar, sa Eia og henta fram golfspelaren.

Syftestad er 15 år og spelar både for Larvik og Nordsjø golfklubb, og hausta jubel og applaus hos golfskaren då han kunne fortelje at handikappet hans var på 4,4.

– Og så har me Fredrik Bøen Gravdal (17) frå Odda. Han byggjer me også banen for. Han representerer den tilreisande og turistnæringa. Han er ein av mange hytteinnbyggjarar i Vrådal som er interessert i golf, opplyste Eia.

Familien til Bøen Gravdal kjøpte hytte i skisenteret for åtte år sidan, og den dyktige golfspelaren har lenge gledd seg til å få teste ut banen på Fossøy.

Banen gjev familien endå ein grunn til å nytte hytta, og ta turen til ei bygd dei trivst godt i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Unik bane

– Eg håpar at mange vil få glede av banen her, uttala utbyggjar Arnfinn Hansen frå Brødrene Hansen utvikling as.

– Med det vêret som har vore i det siste og til morgonen i dag trur eg ikkje det er ein anna bane i Noreg som kunne halde ope, uttala han.

Etter at dei to juniorspelarane hadde sendt golfballane av garde blei det opna for turnering.

– Det blir også ein ekstrakonkurranse på bane to for damer om å slå nærast pinnen, og for karane blir det ei tevling om å slå lengst på den fjerde banen, annonserte Eia.

Vil bety mykje

Direktør Sigmund Straand ved Quality Straand hotel i Vrådal er glad for at golfbanen opnar.

– Dette er ein flott dag, og me i reiselivet veit at dette tilbodet vil bety mykje for oss. Me er veldig stolte av å kunne presentere golftilbodet for våre samarbeidspartnarar i inn- og utland, sa Straand.

Eia starta alt å jobbe med golftankane i 1994, og har sidan den gongen vore i kontakt med mange ulike personar i Kviteseid kommune.

– Det er ikkje så dumt å kome seg ut av Skien og til bygda. Her har me hatt eit eineståande godt samarbeid. Ulike plansjefar, rådmenn og ordførarar. Dørene har vore opne til ei kvar tid for å diskutere ideane våre. Me har blitt møtt med positivitet som er heilt formidabel, sa Eia og takka ordførar Torstein Tveito.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fantastisk satsing

– Eg er takksam til dei grader for at Kviteseid kommune kan vere katalysator for at nokon utanfrå kan kome hit og sjå potensialet til å lukkast med noko. Reiselivet er noko av det viktigaste i den strategiske næringsplanen vår. Vrådal er ein stor destinasjon med alt frå høgfjell til lågland, sommarvarme til vinteraktivitet. Og med golfbanen her på Fossøy har Vrådal fått ein endå større aksje som heilårsdestinasjon, og då regner det på alle rundt også. Eit heilskapsbilete som gjer sitt til at vrådølar og tilreisande kjem attende, sa ordføraren.

Han ynskte å takke dei to karane frå Grenland, Arnfinn Hansen og Tor Eia, for at dei kom til bygda og såg perla i øylandskapet som mange ville vel.

– Men mange ville ikkje at det skulle skje noko her, uttala Tveito.

Motstand

– Det blei politisk vilje til å få det til på Fossøy, og eg har ikkje angra eitt sekund. Nå er det også slik at eg har ikkje hørt noko motsegner mot at den perla som låg uslipa i 2006, nå har blitt slipa opp til beste for oss alle. Eg ser fram til arbeidet vidare, uttala ordføraren.

Han ynskte også å rette merksemda til hyttene som har reist seg på Fossøy.

– Eg trur ikkje eg har sett maken til handverk som på desse bygga her. Her er det mange som har mykje å lære. Eg ynskjer dykk inderleg til lukke vidare, for det tyder det same som lukke til for Vrådal og heile Kviteseid, avslutta ordføraren.

Etter at opningsturneringa var over laurdag let ikkje dei gode tilbakemeldingane vente på seg. Golfspelarane var stornøgde både med banetilhøva og korleis alt har blitt utforma. Uttrykk som landets beste golfbane blei nemnt av fleire.

Vest-Telemarks fyrste golfgartnar

Pål Frømyr (27) hadde ikkje sett for seg at yrkesvegen sommartid skulle vere golfgartnar. Men slik blei det, og trivst gjer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Golfgartnar eller banepassar er kanskje det næraste me kjem, om me prøvar å omsetje kviteseidingen Pål Frømyrs yrke på sommartid i Vrådal.

1. mai i fjor blei han tilsett som historias fyrste «greenkeeper» i Vest-Telemark. 9-holsbanen på idylliske Fossøy i Vrådal er arbeidsstaden hans frå snøen smeltar, til vinteren melder seg att.

Golfsporten nyttar mange engelske ord og utrykk som ikkje har fått eigne norske språkvariantar. Seniorrådgjevar i Språkrådet, Jan Hoel, jobbar med å registrere nye norske ord og omgrep, og kjem med eit forslag for eit nytt ord for greenkeeper: Han meiner golfgartnar kan vere eit godt norsk alternativ.

Vest-Telemarks fyrste av sitt slag hadde nok heller trudd at han kom til å velje ein yrkesveg bak ei datamaskin enn å vere ute på ein golfbane.

– Eg stortrivst med jobben min, det er heilt fantastisk. Det er kanskje ikkje så sosialt, men det tar eg att på vinteren når eg jobbar på skisenteret. Då har eg folk rundt meg heile tida, smiler Pål Frømyr og inviterer med på ein tur ut til hol 8 på golfbanen sundag.

VTB stegar om bord i den vesle bilen med plan bakpå og køyrer av garde på gangvegen i steikande solskin.

Seks ikkje sju

– Åh, huff, her var graset langt nå, seier Pål då me kjem over ei lita høgde på banen.

Han fortel at graset var 11 millimeter då han starta å klyppe i vår, så har han klypt det gradvis ned, millimeter for millimeter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blei prøvespela på sju millimeter, men det fungerte dårleg. Me gjekk for seks. Det var stor forskjell. Om kundane ikkje er nøgde, kan det vere me vil klyppe til fem millimeter i sommar også, seier han og innrømmer raskt at detaljar som før betydde lite, nå er avgjerande i kvardagen.

– Det er mogleg du ikkje legg merke til det, men eg ser flekkar som er brune, eller små ujamne sletter. Det likar eg ikkje. Då banen opna laurdag kan nokre av gjestene ha oppfatta meg som frekk og sur for eg meinte at banen ikkje var bra nok. Tilbakemeldingane eg fekk var at banen var noko av det beste dei hadde sett i landet, og at denne banen er den beste. Det er gledeleg å høyre, smiler han.

Ryddig

– Eg er oppteken av at banen skal vere ryddig og sjå bra ut, seier han, og det var nok difor nettopp Pål fekk jobben.

– Etter mitt fyrste år på skisenteret lova Petter Johnsen og Leif Larsen at dei skulle fikse ein jobb om sommaren til meg også. Dei tok ein prat med Fossøy-karane og slik hamna eg her i fjor vår.

– Eg snakka mykje med Leif og Tor Eia om golfbanar, grasstell og vedlikehald i starten. Dei har mykje erfaring med golfbanar, og eg har lært utruleg mykje av dei, rosar 27-åringen.

Golfgartnarar er det ikkje flust av i Vest-Telemark, og Pål visste lite om kva jobben han tok til i gjekk ut på.

– I fjor sommar var det mange som var nysgjerrige på kva jobben min gjekk ut på, men eg visste ikkje heilt kva eg skulle svare.

Lite visste han også om golf.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har aldri spela golf, eg har vel tatt sju slag nå etter at eg begynte i jobben. Eg traff ballen på tre av dei, ler han.

Spelinga har han planer om å gjere noko med.

– Eg vil setje av tid til å lære meg golf nå, lære spelet og bli betre i jobben min, meiner han.

Genuint interessert i vêr

Veka etter påske var golfgartnaren på plass på Fossøy att. Kvar dag går turen til banen på jobb.

– Det blir mykje jobb i mange timar og lite fri. Det er ingen korte dagar, men korte netter, men eg klagar ikkje, for eg stortrivst med jobben min. Halv sju starta eg i dag. Då køyrer eg ut til dei ulike delane av banen. Ryddar og rettar gangvegane, ser etter om eg må flytte på utslaga og hola, sidan det var mange som spela dagen før. Og så må eg klyppe så raskt det tørkar opp etter regnet, seier han.

Andre arbeidsoppgåver kan vere gjødsling og vatning.

– Andre snakkar om vêret, som tomprat, som når dei ikkje har noko anna å snakke om. Eg snakkar også mykje om vêret, men er veldig oppteken av det. Eg kan sitje heime i stova om kvelden og juble av å sjå metreolgane melde godvêr. Då veit eg at eg får klyppe banane neste dag, gliser Frømyr som innrømmer at også han var sterk motstandar av golfutbygginga i si tid.

– Eg ville helst at øya skulle få behalde skogen, for eg er veldig glad i naturen. Men Fossøy er mykje finare nå enn den var. Arkitekten har gjort ein fantastisk jobb, meiner golfgartnaren.

Då me spør banedesignar Tor Eia om kor nøgd han er med golfgartnaren sin, kjem svaret kjapt.

– Pål har gått frå å ha ei ordinær interesse til å bli ein heiltent tilsett, og det er takka vere han at resultatet på golfbanen har blitt som det har blitt, rosar Eia.