I det starten gjekk på det 11 kilometer lange rulleskirennet var det både bil, motorsyklar og andre føre for å passe på at det ikkje kom trafikk imot på fylkesvegen.
I det starten gjekk på det 11 kilometer lange rulleskirennet var det både bil, motorsyklar og andre føre for å passe på at det ikkje kom trafikk imot på fylkesvegen.

Den store rulleskihelga

Både laurdag og sundag var det god deltaking i Fyresdal-konkurransar der sko var bytta ut med rulleski.

Laurdag var 31 rulleskiløparar frå 17 år og oppover med på Sparsprinten Åslandsbakkane opp. Løpet starta i Fyresdal sentrum og var på 11 kilometer med mål oppe i Åslandsgrend. Vidare var 27 gutar og jenter frå 11 16 år med på rulleskirenn, anten éin, to eller tre kilometer langt. Her var det med deltakarar frå alle kommunane i Vest-Telemark.

Sundag var nesten 60 deltakarar med på rulleskiskyting i anlegget på Veum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått mange positive tilbakemeldingar på arrangementet, og det var moro at det blei med så mange frå 17 år og oppover båe dagane, seier Tor Helge Midtbø i arrangøren Fyresdal skiskyttarlag.

På 11-kilometeren laurdag ettermiddag hadde politiet gjeve klarsignal for at ein kunne stoppe trafikken på fylkesvegen medan løparane var der.

– På det meste kan nokon bilar ha venta i 20 minuttar. Eg trur me stort sett møtte forståing for stenginga, seier Midtbø.