Den vesle reisa
Tri dagars rundreise skulle overtyde Osloparet Katja Saggese og Åge-Andrè Sandum om å flytte til Vest-Telemark. Onsdag byrja turen med ei koseleg kveldsstund hjå eit anna innflyttarpar i Kviteseid.
Elisabeth Lid og Bjørn Håvard Olsen var vertskapet som tok i mot paret frå Oslo onsdag kveld. Elisabeth og Bjørn Håvard flytte sjølv til Kviteseid for åtte år sidan. Dei trivst i Kviteseid, og tok gjerne mot paret på ei uformell samling for å fortelja litt om korleis det er å koma som innflyttar til Vest-Telemark.
Autentisk møte med Vest-Telemark?
Med gamle tømmerveggar og levande lys var alt klart til innrykk. Ordføraren frå Kviteseid, Torstein Tveito og bygdelivsmeklar Emilie Asplin var på plass, men kvar var gjestene?
Artikkelen held fram under annonsen.
Introduksjonen av Vest-Telemark vart kanskje meir autentisk enn det ein hadde sett for seg. Etter ein telefon blei det klart at ein traktor hadde vore kjekt. I siste bakken hadde paret sett seg fast i snøføret, og no trong dei hjelp. Bjørn Håvard sette hjula i sving, og ein time forseinka kom paret i hus. Heldigvis blei dei ikkje skremde av opplevinga, men konstaterte med eit smil at fyrste lærdom vart «det er viktig med godt utstyr».
Fylgde plakatane
Det er Vest-Telemark næringsutvikling som har invitert paret, men kontakten med paret kom fyrst etter at Katja og ÅgeAndrè hadde delteke på joletreffet for Vest-Telemark i Oslo.
- Det var ei plakat som fekk oss hit. Før jol så var eg ute på ein luftetur rundt Sognsvann. Då fekk eg auge på ei flott plakat som inviterte til joletreff for familiar som kunne tenke seg å flytte til Vest-Telemark. Me møtte opp på joletreffet, og der fekk me kontakt med mange trivelege folk, og det enda opp i denne invitasjonen, seier ÅgeAndrè Sandum.
Eg fekk eit veldig godt inntrykk på joletreffet. Det verka som det ikkje var nokon hindringar mot å koma til Vest-Telemark, og ikkje minst, at me var velkomne der, legg Katja Seggese til.
Er lei av Oslo
Katja og Åge-André bur begge på studenthybel i Oslo. Katja er utdanna biolog, medan ÅgeAndré er nyutdanna jurist. Han er oppvaksen i Buskerud, og ho i Sveits, men begge kjem frå landlege stader.
Eg er oppvaksen på bygda og no saknar eg å vera på landet. Kjøpe noko gard på bygda i Buskerud er ikkje aktuelt, der er prisane skyhøge. Eg kunne heller aldri tenke meg å oppdra barn i Oslo. Er eigentleg veldig lei av Oslo no. Det at Vest-Telemark set i gang eit slikt prosjekt for å få folk til å busette seg er veldig positivt. Ein føler seg velkomen. Slikt ville aldri skjedd i Buskerud, meiner Sandum.
Fornøgde gjester
Kvelden gjekk med til god mat og mykje snakk om Vest-Telemark. Og om ein høyrde på Telemarksendinga på fredagsmorgonen, så var paret meir enn fornøgd med opphaldet.
Me har hatt det veldig bra, og sett utruleg mykje flott. Og ikkje minst har me møtt mange flotte menneske. Eg vil gjerne få takke Vest¬Telemark næringsutvikling og ikkje minst Emilie Asplin som har fylgt oss rundt og gjort dette mogeleg, seier ÅgeAndrè Sandum.
Artikkelen held fram under annonsen.
På spørsmål om dei kjem til å busette seg i Vest-Telemark, svara dei at berre dei får seg jobb, så er ikkje det utenkeleg.
På veg til Vest-Telemark
Etter å ha kome til Vest-Telemark onsdag kveld, gjekk turen vidare til Lårdal på torsdag. Akkurat det var ikkje sambuarane førebudd på.
Det var ei overrasking, men ei svært positiv overrasking, seier Åge-Andrè.
Det nyutdanna paret er i etableringsfasen, og kan gjerne tenkje seg å bu på landsbygda. Noko større kjennskap til Vest-Telemark hadde dei likevel ikkje.
Eg har vore på Dyrskun ein gong, men Vest-Telemark er berre noko eg har høyrt om. Me har vener som har feriert i distriktet, og me har høyrt mange godord om regionen, forklarar Sandum.
Sambuarparet blei møtt med ferske wienerbrød og kakao med krem hjå Hege Tveito Valencia som driv Skattekammeret gjestestove i Lårdal.
Me er båe glade i naturen, og kan gjerne tenkje oss å bu ein stad der me har høve til å nytte han. Åge er interessert i antikvitetar og eg er hesteinteressert, så ein gard ville vere midt i blinken for oss, smiler Katja.
Skulle det klaffe med både jobb og bustad, er paret klare til å flytte på kort varsel.
Artikkelen held fram under annonsen.
I utgangspunktet kan me flytte i løpet av våren, men det skal vel godt gjerast om me får alle bitane i puslespelet på plass så kjapt, seier Åge-Andrè.
Sambuarane skal vidare til Kviteseid og Seljord før dei reiser attende til Oslo.
Det blir flott å få med seg dei to stadane også. Så langt ser det lovande ut, og me er overvelda over mottakinga me har fått, avsluttar sambuarparet som verkeleg ser ut til å ha lyst på å bli vesttelar.