– Den vidaregåande skulen i Seljord skal bestå
Maja Foss Five gjesta fredag den vidaregåande skulen i Seljord for å forsikre dei om at det ikkje finst intensjonar om å legge ned skulen.
Five er leiar i hovudutval for kompetanse i Telemark fylkeskommune, og inviterte seg sjølv til skulen etter medieoppslaga denne veka.
Torsdag skreiv VTB at media- og kommunikasjonslina ved Vest-Telemark vidaregåande skule i Seljord kan bli flytta til Bø vidaregåande skule frå komande haust sidan det er så få søkarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter hovudopptaket hadde bare elleve elevar søkt fyrsteåret ved media og kommunikasjon, og fylkesrådmannen kom difor med forslag om å flytte skuletilbodet. Skuleelevar, tilsette og politikarar reagerte på det dei meinte var ein stadig kamp mot det dei opplever som ei nedlegging av skulen.
– Seljord betre for andre fag
Fylkesopplæringssjef Helge Galdal sa onsdag til NRK at han forstår reaksjonane i Seljord, men understrekar at forslaget ikkje handlar om å leggje ned den vidaregåande skulen.
Han seier han er oppteken av ein heilskap i det vidaregåande skuletilbodet, og då det bare er 11 personar som har søkt lina i Seljord, som frå hausten av blir studiespesialiserande, aukar krava til lina.
– Med så få søkarar og eit pedagogisk apparat som ikkje er rigga for dei nye krava i Seljord, er det betre å flytte lina til Bø, seier Galdal til NRK.
Galdal seier vidare at han heller vil rigge den vidaregåande skulen i Seljord for andre typar fag, og meiner skulen passar betre til yrkesfaglege liner.
Fylkespolitikarane får fyrst saka i administrasjonsutvalet til veka, så i hovudutval for kompetanse 10. mai.
Skal bestå
Der er Maja Foss Five (Ap) leiar. Ho seier ho forstår frustrasjonen til elevar og tilsette i Seljord. Før fylkestinget tok til onsdag morgon hadde ho ein prat med ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap), og fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap).
– Eg forstår at dei som står oppe i skulesaka i Seljord kjenner det slitsamt, seier Five.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men ut frå den uformelle praten me hadde før fylkestingsmøtet, blei me einige om at me ikkje kjem til å flytte media og kommunikasjon frå Seljord til Bø til hausten. Det er for tidleg å gjere eit bytte av linetilbod. Det kan vere klokt å gjere endringar på sikt, men ikkje før nye linetilbod er på plass, meiner Five.
Fredag besøkte ho skulen for å sikre at det ikkje er intensjon å legge ned skulen.
– Seljord vidaregåande skal bestå, og me skal syte for at skulen held fram slik fleirtalet på fylkestinget har sagt tydeleg i frå om, seier ho.
Sviktande søkartal
Five seier at ein ser det sviktande søkartalet slår spesielt ut i kommunen skulen ligg.
– Av årets 10. klassingar meiner eg det bare er to som har søkt om skuleplass i heimkommunen. Kanskje det av den grunn også kan vere rett å sjå på linetilboda ved den vidaregåande skulen. Næringslivet har mellom anna sagt at dei ynskjer at det blir starta ei line for service og samferdsel. Det kan vere ein klok tanke, meiner ho.
– Trur du stadig omtale og politisk debatt om skulen i Seljord gjer utslag på søkartala?
– Det kan hende det kludrar det litt til. Me skal tenke nøye gjennom kva me ynskjer å lande på av linetilbod i Seljord i framtida før me gjer vedtak i november. Etter det kan det vere lurt å gje skulen ro, seier Five.