Anja Savic Røed og Magnus Øydvin song og spela for stortingspresidenten.
Anja Savic Røed og Magnus Øydvin song og spela for stortingspresidenten.

– Det er berre tilfeldig at eg ikkje har vore her tidlegare

Olemic Thommessen (H) har vore på Telemarks-besøk denne veka. Onsdag var det høgskulen i Rauland sin tur.

Instituttleiar Bodil Akselvoll sit på kontoret sitt på høgskulen og ventar på sjølvaste stortingspresidenten. Det er onsdag ettermiddag. Tidlegare på dagen har ho teke imot dei om lag hundre nye studentane som skal inkvartere seg på Rauland for det komande året.

Ho innrømmer beint fram at ho er litt nervøs. Det er ikkje kvardagskost å få så storfint besøk til campus Rauland, som er ein del av Høgskulen i Sør-Aust Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal halde ein minikonsert for Olemic, før me skal vise han rundt, servere litt kake og kaffi og ta han med opp på Skinnarlandsamlinga. Der stiller nemleg nokre studentar frå Slovakia ut kunsten sin den komande veka. Dei kjem frå Academy of Fine Arts and Design i Bratislava, som er ein av samarbeidsskulane våre, seier Bodil.

Sola blenkjer i Totak, og ikkje ei einaste sky er å sjå på himmelen. Slik sett kunne ikkje lærarar og studentar i Rauland ha spurt om ein finare dag å vise fram skulen sin på.

Skikkeleg kortesje?

Olemic Thommessen (t.v.) lyttar ivrig til Ragnhild Furholt.
Olemic Thommessen (t.v.) lyttar ivrig til Ragnhild Furholt.
Blanka Cepkova (t.v.), Maria Fulkova, stortingspresidenten, Pavel Choma, Paulina Chomova og Matus Cepka. Olemic Thommessen var imponert over det dei slovakiske kunstnarane hadde fått til.
Blanka Cepkova (t.v.), Maria Fulkova, stortingspresidenten, Pavel Choma, Paulina Chomova og Matus Cepka. Olemic Thommessen var imponert over det dei slovakiske kunstnarane hadde fått til.
Instituttleiar Bodil Akselvoll tek imot Olemic Thommessen og Anne Spånem.
Instituttleiar Bodil Akselvoll tek imot Olemic Thommessen og Anne Spånem.
Stortingspresidenten stilte spørsmål og diskuterte med lærarane som fortalde om kva dei driv med på høgskulen i Rauland.
Stortingspresidenten stilte spørsmål og diskuterte med lærarane som fortalde om kva dei driv med på høgskulen i Rauland.

Olemic Thommessen skal innom for å helse på, sidan han er på rundtur i Telemark denne veka. Han har vore på industriarbeidarmuseet på Vemork før han kjem over fjellet, og besøket der tok litt lenger tid enn planlagt. Difor endar alle lærarane som skulle helse på stortingspresidenten opp i ein samla gjeng ute i gangen, der dei stirar forventningsfullt ut av dei store vindauga.

Spørsmål som «Kjem dei i fleire bilar?», «Dei er visst fem stykke. Då har dei vel plass i éin bil?» og «Kanskje dei kjem i skikkeleg kortesje?» kan høyrast summande i gangen. Utanfor blir flagget heisa. Definitivt storfint besøk. Nokon syng til og med eit par strofer av «Kanskje kommer Kongen».

Bra med utøving og teori

Tjuge minuttar for sein kjem Olemic Thommessen. I kortesje. Saman med ein sjåfør, to Stortings-tilsette og Anne Spånem frå Fylkesmannen i Telemark. Sistnemnde er guide i eige fylke denne veka.

– Hei, og velkomen til Rauland, seier Bodil idet ho handhelsar på gjesten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Takk, det er veldig moro å vera her. Dette har eg gleda meg til. Det er eigentleg berre tilfeldig at eg ikkje har vore her tidlegare, eg har jo arbeidd mykje innanfor dette feltet, svarar Olemic, som både har vore medlem av Stortingets familie- og kulturkomité og fungert som Høgres kulturpolitiske talsmann.

Vel inne i Myllarsalen får dei besøkande ei eksklusiv konsertoppleving. Studentane Anja Savic Røed og Magnus Øydvin høvesvis syng og spelar fele. Også Ragnhild Knudsen, Per Åsmund Omholt og Mats Johansson – som alle tre er lærarar ved instituttet – spelar fele. I tillegg fortalte sistnemnde, som også er professorstipendiat ved høgskulen, om forskingsprosjekta dei driv med ved instituttet for tradisjonskunst og folkemusikk. Eitt av dei går ut på kvalitetssikring av utøvande tradisjonskunst.

– Denne kvalitetssikringa er veldig viktig, meiner stortingspresidenten, som også gav høgskulen skryt for å ha fokus på både det utøvande og det teoretiske.

Eit behageleg hus

Etterpå følgjer det ei omvising i regi av Ragnhild Furholt. Olemic ser seg rundt med interesse, og då dei kjem til treskjerarverkstaden kan han fortelje at far hans faktisk har gått her.

– Far var utdanna møbelsnikkar, men jobba innanfor shipping i brorparten av arbeidslivet. Men, då det nærma seg pensjonsalder tok han treskjering her på Rauland, og tok såleis opp att det han dreiv med som ung, seier han.

Vidare går turen ut på ein liten veranda, der gjestene får ein glimt av den strålande utsikta høgskulen kan skilte med.

– For eit behageleg hus å vera i, seier Thommessen plutseleg på veg gjennom personalgangen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at omvisingssirkelen er slutta serverast det kake og kaffi. Stortingspresidenten fortel at han er strålande fornøgd med dagen så langt.

– Eg må med skam meddele at eg aldri har vore her før. Det nærmaste eg har vore var då eg var i Morgedal i samband med OL i 1994. Men både Rjukan, Rauland og resten av Telemark har stått på tapetet lenge. Eg har jo arbeidd mykje med kulturpolitikk. Eg må seie at Vemork var fantastisk å sjå i dag.

Som stortingspresident prøvar Thommessen å ta turar rundt i alle krokar og krikar av Noreg.

– På desse turane mine rundt i landet er eg ute for å gjere oss, institusjonen Stortinget, meir tilgjengelege. I Noreg er dei aller fleste politikarar veldig lette å få tak i, eg er berre ikkje sikker på om alle er klar over det. Difor er det viktig å reise ut til folket og vise oss fram. I tillegg arbeider eg mykje med integrering, og det er noko dei har fått til veldig bra med det internasjonale studentmiljøet her på Rauland, seier han.

Gardiner med blåtrykk

Når kaker og kaffi er fortærte spør Bodil spent om stortingspresidenten trur han har tid til å bli med opp å helse på dei slovakiske studentane med kunstutstillinga. Følgjet hans diskuterer litt att og fram, før Thommessen sjølv skjer gjennom.

– Svaret er ja, smiler han.

Oppe på Skinnarlandsamlinga står kunstnarane og helsar velkomen i døra, og sjølv om få ord blir utveksla er det tydeleg at dei er stolte over å få vise fram trykk-kunsten sin til stortingspresidenten. Dei har laga gardiner med den tradisjonelle teknikken blåtrykk, som står sterkt i Slovakia. Olemic likar det han ser.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Desse er jo kjempeflotte, seier han, før han poserer smilande for eit bilete saman med kunstnarane.

Så tek han ein runde i resten av utstillinga, der han studerer kvar skulptur nøye. Han let seg ikkje stresse, men klokka er plutseleg kvart over fire, og det er på høg tid å farte vidare på Telemarks-ferda. Olemic Thommessen takkar fint for seg, og køyrer vidare i kortesja si.