Elg og rådyr kjem tett på bebyggelse og ofte ut i vegbanen nå som det er mykje snø i terrenget. Oppmodinga frå viltkonsulent Magne Skarprud er å ikkje stresse dyra.
Elg og rådyr kjem tett på bebyggelse og ofte ut i vegbanen nå som det er mykje snø i terrenget. Oppmodinga frå viltkonsulent Magne Skarprud er å ikkje stresse dyra.

Det er forbode å fôre hjortevilt

Fôringsplassar nær hus stressar dyra. Oppmodinga frå viltkonsulenten er klar: La dyra vere mest mogleg i fred.

– Det viktigaste nå og framover våren er at dyra får vera mest mogleg i fred. Dette er viktig uansett om det er lite eller mykje snø. Det handlar om at viltet skal sleppe å bruke meir energi enn nødvendig. Det er viktigare enn å legge ut mat, seier Magne Skarprud, konsulent for utmark, vilt og miljø ved landbrukskontoret for Kviteseid og Nissedal.

Fôring er forbode

Han seier at ein ser og høyrer at fleire fôrar til dømes rådyr og elg, slik at dei kan sjå på dei når dei et. Skarprud minner om at det i år ikkje er lov til å fôre hjortevilt utan løyve frå Mattilsynet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mattilsynet innførte frå 2017 forbod mot fôring av hjortedyr og saltslikkestein for hjortevilt som eit tiltak for å avgrense spreiing av skrantesjuke.

Skarprud seier også at dei som har fôrplassar tett på bustadar, skaper unødvendig stress for dyra.

– Dette fører ofte til at dyra blir forstyrra og må bruke unødvendig ekstra energi, legg han til.

– Sag ned ei osp

Skarprud kjem med eitt råd til dei som ynskjer å hjelpe dyra med mat.

– Ein kan reise ut i skogen og sage ned ei osp eller selje slik at dyra kan få tak i den maten som dei elles ikkje vil nå opp til. Dette er med på å hjelpe dyra i å få tak i mat, samtidig som ein kan trekke dyra vekk frå trafikkerte vegar og bustadar, rådar Skarprud.

Han seier at dei får ein del meldingar om dyr som kjem ut i vegen om dagen, og bed billistane vise omsyn og ikkje stresse dei firebeinte.

– Det er viktig å ikkje «jage» dyra med bilar og liknande. Det er hardt for dyra dersom dei blir «jaga» att og fram etter vegane og ikkje får ro, seier Skarprud som til sist kjem med ei tydeleg oppmoding i ei tid der fleire kommunar i Telemark har innført ekstraordinær bandtvang.  

– Hald bikkja i band der det er hjortedyr, avsluttar Skarprud.

Artikkelen held fram under annonsen.