Det er i motbakke det går oppover ...
Men det gjeld ikkje for mange av vogntoga som har prøva seg opp Skafsåberget i vinter. No har Vegvesenet skilta i båe endane av kleivane, og dei har kome fram til at det er brattare nedover enn oppover.
Det har i lengre tid stått skilt på Holte bru med skilt som viser kor bratt det er nedover fylkesveg 45 Skafsåberget. På det skiltet står det 12 prosent, og bilistane blir oppmoda om å køyre på låggir for å spare på bremsane.
Vogntog i trøbbel
I samband med at fleire vogntog har fått problem oppover Skafsåberget dei siste par vintrane, har det vore etterlyst skilt med stigningsgrad ved foten av berget – Tønsbergkrysset. Dette for å hindre at ukjente sjåførar tek turen oppover dei bratte kleivane med ueigna og dårleg skodde køyretøy. Det har også vore eit ynske om kjettingplass på Dalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Brattare ned enn opp
No har skiltet kome på plass i Tønsbergkrysset, og det snodige med det er at det viser ein stigningsgrad på ni prosent oppover. Det er altså brattare ned enn det er opp Skafsåberget. Om tanken er å hindre vogntog å køyre motbakkane hadde det kanskje vore ein idé å hatt det «brattare oppover enn nedover» ...
– Kva formel har Statens vegvesen bruka når de har funne ut at det er brattare nedover enn oppover?
– Det er vel ikkje anna å seie enn at det må ha skjedd ein feil her, seier presseansvarleg i Statens vegvesen, Tor Arvid Gundersen.
Han lovar å sjå nærare på saka, og etter ein knapp halvtime er han på tråden igjen.
– No har eg sjekka ut kva som har skjedd, og det har nok gått litt fort i svingane her. Tidlegare var det brattaste punktet den prosenten som står på skiltet. No brukar me eit gjennomsnitt og derfor er ni prosent eigentleg rett. Me kjem likevel til å bytte ut skiltet på Dalen slik at me får 12 prosent stigningsgrad der også. Det er for å fortelje sjåførane av vogntoga kor bratt det eigenleg er på det brattaste, forklarer han.
– Det heile blei litt komisk, men eg lovar at me kjem til å rette opp i dette snarast råd, legg han til.
Kjettingplassar i anmarsj
Gundersen opplyser elles til VTB at det er bestemt at det blir kjettingplass både i Tønsbergkrysset og i området rundt Holte bru.
– Frå sumaren blir Spjotsoddbrua i Kviteseid stengd, og det betyr at trafikken av tunge køyretøy kan kome til å auke på fylkesveg 45. Derfor må me leggje til rette for best mogleg avvikling av trafikken mellom anna i Skafsåberget. Det betyr at det vil bli lagt til rette for kjettingplassar både på Dalen og på Holte bru dersom me blir samde med aktuelle grunneigarar, fortel han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Les meir om problema i Skafsåberget her.