Fahran Mohammed, som kom til Vinje i 2014, er fast bestemt på at han vil lukkast, og er glad for å vera i Noreg.
Fahran Mohammed, som kom til Vinje i 2014, er fast bestemt på at han vil lukkast, og er glad for å vera i Noreg.

– Det er ikkje vanskeleg å fylgje reglane

Les også: Amal Aden stilte spørsmål om integreringa i Vinje

– Eg er heilt einig med Aden i at menneske er likeverdige. Og eg er einig i at me må sjå norsk tv. Det er mange som ser berre ser somaliske TV-nyheiter. Det er bra få vita korleis situasjonen er i Somalia, men 90 prosent av tida må du vera norsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det seier 18 år gamle Fahran Mohammed. Han kom saman med foreldra sine i august 2014, går på skule i Åmot og arbeider på Spar for å få språktrening.

– Og då kjem du aldri for seint?

– Neineinei! Det er ikkje vanskeleg å vera ein del av samfunnet og fylgje reglane. Eg likar ikkje at ho seier at «Mohammed ofte kjem for seint».

– Er det noko du saknar etter at du kom til Vinje?

– Når eg saknar noko, manglar eg noko. Og eg manglar ingenting.