– Det er rart å argumentere mot å få pengar …
Kommunalsjef for undervisning i Seljord kommune, Ronde Schade, vart frustrert då posisjonspartia løyvde 175 000 kroner til nye norskbøker til mellomtrinnet – som eit ynske bare frå foreldregruppa.
– Eg stussa på headingen til denne saka – lærebøker er i høgaste grad det viktigaste driftsmiddelet me har i eigen tenesteproduksjon, om ein kan kalle det det. Difor burde det stå midlar og ikkje tilskot til lærebøker. Eg er einig i innstillinga til rådmannen om at denne saka bør kome i samband med budsjett, men det betingar at me er tilstrekkeleg klar over stoda i skulen når me behandlar budsjettet, uttala Edvard Mæland (H), då han fekk opne ordskiftet i kommunestyresaka om tilskot til innkjøp av lærebøker ved Seljord barneskule.
Ynskjer nye norskbøker
Bakgrunnen for at saka kom på det politiske bordet var ein søknad sendt av FAU (foreldras arbeidsutval) ved Seljord barneskule til kommunalsjef for undervisning, Ronde Schade, i mars.
Artikkelen held fram under annonsen.
FAU bad Seljord kommune om å løyve midlar til nytt læreverk i norsk for 5. til 7. klassetrinn, sidan bøkene som er i bruk i dag er gamle og lærarane ofte må kopiere sider frå nye og moderne læreverk. Kostnaden er i fylgje FAU om lag 146 000 kroner.
Formannskapet handsama saka i møte 11. mai og fylgde sakshandsamar Schade sitt framlegg om å ikkje løyve ekstra midlar til innkjøp av lærebøker, men oppmode til å gjennomføre innkjøp innanfor gjeldande ramme. Formannskapet la også til på vedtaket at saka skulle kome opp att i samband med budsjettarbeidet til hausten.
Ville gje tilskot likevel
– Ein god, trygg og stimulerande skulegang for kommunens born er den viktigaste investeringa ein kommune kan gjera. Oppdaterte og moderne læremidlar, både bøker og nettlæringsprogram, er ein føresetnad for å stimulere lærevilja og læreevna til elevane. Det vil vera med på å gjeva lærarane rom for å utfalde seg kreativt i metodeval og arbeidsformar, for den einskilde elev. Dei nye læreverka er med på å førebu elevane på dagens krav både i læreplan og nasjonal kartlegging, uttala Mæland.
– I saka kjem det fram at det er rektorane sitt ansvar å melde inn behov, men kanskje har kommunikasjonen vore for dårleg, uttala han.
Politikarane snudde
– Skal det prinsipielle få styre denne saka, undra Mæland og la til at han syntest ikkje at elevanes lærebøker skulle vere ei saldering på budsjettet.
– Eg ynskjer å kome med eit framlegg frå Ap, Høgre og KrF. Me har sjekka litt på kva behovet kan vere for elevane i 5. til 7. klasse i Seljord og Flatdal, og landa difor på å løyve 175 000 kroner til innkjøp av nytt læreverk i norsk til skulestart hausten 2017, uttala Mæland.
Beate Marie Dahl Eide (Sp) gjekk til talarstolen og spurde etter konkret fakta om stoda i skulen og kvar behovet ligg.
– Ikkje forslag frå rektor
– Det er rart å argumentere mot å få pengar. Det skaper eit dilemma det … Eg drøfta saka med rektor både i forkant av budsjettprosessen og nå for kort tid sidan. Det har ikkje vore eit fagleg innspel frå rektor sjølv om å kjøpe dette læreverket nå – men rektor har sjølv planar om innfasing av nytt læreverk frå 2018 og i åra som kjem, sa Schade.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han minna om at sjølv om ein kjøper læreverket nå, er det ikkje sikkert at det blir tatt i bruk denne hausten.
– Det er ikkje gjort ei fagleg vurdering av dette på tvers av skulane, så dette kan skape ein vanskeleg situasjon der faglege innspel ikkje blir lagt til grunn, men i staden innspel frå foreldregruppa. Det kan skape ein vanskeleg situasjon som eg ikkje ynskjer meg, eg ynskjer det skal gå via fagmiljøet og organisasjonskartet og opp til meg, poengterte Schade.
Schade informerte elles kommunestyret om at det i dag er store udekte spesialpedagogiske behov innanfor skule og oppvekst i kommunen. Kommunalsjefen var klinkende klar:
– Me treng folk – ikkje bøker. Det er difor svært pussig å argumentere mot auka ramme, men eg ville heller hatt dei pengane å putte inn på lønssida – dei menneska – så får me heller kome tilbake til dette i budsjettarbeidet til hausten, oppfordra Schade.
Framlegg om friare midlar
Etter ein pause og eit gruppemøte hos opposisjonen kom Senterpartiet, Venstre og Miljøpartiet dei grøne med eit motframlegg i skuleboksaka.
– Me er einige i at dette er ei viktig sak. Men her detaljstyrer ein rådmannen til å kjøpe eit nytt læreverk i norsk. Det er ganske ekstrem detaljstyring. Kommunalsjefen var tydeleg, det er ikkje nok folk i skulen, uttala Dahl Eide.
Ho kom med eit nytt framlegg frå dei tre partia der dei ynskte å styrke ramma for skule og undervisning med 200 000 kroner. Opposisjonen meinte at det var opp til rådmannen å vurdere dei ulike faglege behov, inkludert behovet for nye lærebøker og anna læremateriell.
– Når ein tar tak i ei enkeltsak, går ting fort, og då går pengane fort ut også, la Eide til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då kommunestyret skulle røyste i saka var det ingen av dei folkevalte som ynskte å gå vidare med rådmannens framlegg og formannskapets tidlegare vedtak om å avslå søknaden frå FAU om midlar til norskbøker. Ordføraren sette så dei to nye framlegga opp mot kvarandre, og posisjonen vann fram med å støtte inntil 175 000 kroner til nytt læreverk.
Skulebokinnkjøpet vil bli dekt av disposisjonsfondet i kommunen.