Marta Tveit blei heidra med applaus og jubel frå ei fullsett Treungen kyrkje sundag kveld då ho fekk Diakoniprisen for Vest-Telemark 2011. Her saman med dottera Kirsten Tveit.
Marta Tveit blei heidra med applaus og jubel frå ei fullsett Treungen kyrkje sundag kveld då ho fekk Diakoniprisen for Vest-Telemark 2011. Her saman med dottera Kirsten Tveit.

Det handlar om å bry seg

Diakoniprisen blei delt ut for attande gong sundag kveld. Treungen kyrkje var fullsett for å feire prismottakar Marta Tveit.

Hovudpersonen på diakonisamlinga i Treungen sundag blir omtala som ein institusjon i Treungen. Ho har stor omsorg for alle, og fører på mange måtar vidare Gotfred Rekkebos ideal og arbeid vidare.

Ho er gjestfri og det er ikkje uvanleg at ho har gjester til både frukost, lunsj og middag. Ho er spesielt oppteken av å ta vare på nye som flyttar til bygda slik at dei skal bli kjent med «dei innfødde». Ho er også ofte ute på farten, og då tar ho gjerne med brød, vaflar eller sin spesielle vannbakels på besøk både til verksemder eller til privatfolk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Årets diakoniprismottakar rundar 90 til hausten, men tar slett ikkje livet med ro av den grunn. Årets mottakar av Diakoniprisen i Vest-Telemark for 2011 er ei særs gjestfri kvinne i Treungen. Kom fram, Marta Tveit, inviterte styreleiar i prostidiakonatet, Oscar Garnes, til jubel og applaus frå dei frammøtte i kyrkja.

Viktig pris

– Det er godt å møte slike menneske som gjev av seg sjølv, slik du gjer Marta, takka Garnes prismottakaren og overrekte diplomet med engelen frå Vinje kyrkje og ein god klem.

– Så får du ein pengesum også, kanskje til meir vaffelrøre, smilte Garnes.

– Det er godt at du er den du er, uttala prostidiakon Eilev Erikstein, retta til Marta.

– Diakoniprisen for Vest-Telemark er ein viktig pris. Viktig fordi den seier noko om kva diakoni kan vere. Den fantastiske variasjonen som har prega prisvinnarane er eit stort pluss. Vidare er det eit høve til å heidre og lyfte fram, sa Erikstein.

Musikalske godbitar

Diakonisamlinga sundag hadde fyrst årsmøte, før alle kosa seg med lapskaus som diakoniutvalet i Treungen hadde stelt til.

Så gjekk turen til kyrkja der John Skognes opna kvelden med dei to musikalske godbitane frå Bob Dylan, «Blind Willie McTell» og «Blowin' in the Wind» på ein stemningsfull måte.

Vakkert var det også då Bjørn Dagfinn Tveit song, stødig akkompagnert av sonen Sigurd på piano.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjell Aasen hadde eit lite og humoristisk kåseri om den fyrste diakoniprismottakaren Gotfred Rekkebo, som ville fylt hundre år i år, før sokneprest Ingeborg Matre leia kveldsgudsteneste og nattverd.