Det har aldri vore færre innbyggjarar i regionen enn det er nå
For fyrste gong er innbyggjartalet i Vest-Telemark under 14 000. Dei 181 som har blitt borte det siste året er enkelt rekna verdt totalt 9 millionar kroner i kommunekassene.
Statistisk sentralbyrå presenterte innbyggjartalet for tredje kvartal onsdag. Det er dyster lesing for alle dei seks kommunane i Vest-Telemark. Ingen har hatt vekst i folketalet, og den totale nedgangen samanlikna med for eitt år sidan er på 181 personar. Ved utgangen av tredje kvartal i fjor var det 14 077 vesttelar. No er det 13 896.
Mest dramatisk er tala i Nissedal. 32 færre nissedølar gjev ein nedgang på 2,2 prosent, klart mest i Telemark. Med unntak av Kviteseid så har alle dei fem kommunane ein nedgang på meir enn 1 prosent. I Kviteseid har det blitt seks færre personar, noko som utgjer 0,2 prosent.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det må vera «all time low». Dette er veldig dårlege tal som går rett inn i kommuneøkonomien, seier Audun Thorstensen hos Telemarksforsking.
Han seier ein snittinnbyggjar er «verd» om lag 50 000 kroner. Med 181 færre vesttelar kan det bety ni millionar kroner mindre å rutte med for dei seks kommunane.
– Det er vanskeleg å fastslå utslaget i og med at det finst kompensasjonsordningar. Men langtidseffekten er uansett negativ, seier Thorstensen.
– Kvifor har det blitt slik?
– Det er samansett, og heng saman med attratikivtet og tilgang på arbeidsplassar, mellom anna, seier han.
Han har registrert at veksten også på landsbasis har gått ned, i tillegg til sentraliseringstrenar. Det slår brutalt ut i ein region som Vest-Telemark.
– Tredje kvartal er det kvartalet det skjer mest i med mykje flytting og mange fødslar, seier han.
Ei rask oversikt over folketalsutviklinga i Vest-Telemark viser at det i 1980 var 15 746 innbyggjarar i regionen. Ti år seinare var talet 15 706. Ved tusenårsskiftet var det 14 770 vesttelar, medan det i 2010 var 14 251.
Artikkelen held fram under annonsen.
3k 2018 3k 2019 utvikling utvikling i %
Seljord 2922 2891 -31 -1,1
Kviteseid 2408 2402 -6 -0,2
Nissedal 1478 1446 -32 -2,2
Fyresdal 1304 1284 -20 -1,5
Tokke 2228 2194 -34 -1,5
Vinje 3737 3679 -58 -1,6