Det starta på isen denne gongen
Kviteseidmarken er i gang, og fleire av aktivitetane starta på isen dette året. Torsdagskvelden blei det arrangert «ei romreise på Telemarkskanalen», og fredag var isen fylt av unge og ivrige skuleelevar som drog opp både tryte og aure.
Kviteseid jeger- og fiskeforeining har inngått partnarskap med 8. klasse ved Kviteseid skule. I samband med Kviteseidmarken arrangerte partane fiskekonkurranse på Sundkilen fredag.
8. klasse har hatt ansvaret for påmeldinga, og dei har også ansvaret for å vege fangsten, i tillegg til å stå for premieutdelinga, seier leiar av Kviteseid jeger- og fiskeforeining, Tor Ivar Berge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han synest det er flott at så mange born og unge kan samlast på denne måten, og kanskje oppleve å fiske sin fyrste fisk.
Det blei sendt ut innbjoding til alle skulane i Vest-Telemark, men det er berre 8. klasse ved Tokke skule som har teke turen i tillegg til dei lokale, forklarer Berge, og legg til at det er nær 200 elevar på isen denne dagen.
Premieringa blir klassevis, og det blir premie både for den største og den minste fisken.
Det er mange forskjellige premieklasser, og me har også ein premie som går til den beste fiskaren. Kva som er den beste fiskaren har me ikkje definert enno, men det kan vere alt frå ei knakande god fiskehistorie til synsing frå juryen sin del, smiler Berge.
Mikkel fekk fisk
12 år gamle Mikkel Haugen frå klasse 6 B ved Kviteseid skule er ein fiskevand kar, men han har ikkje fiska mykje på isen før.
Eg fiskar mest om sommaren, men det er jammen moro å fiske på isen au. Og sjå her er ein fisk eg fekk like før du kom hit til meg.
Haugen viser stolt fram fangsten, men han er ikkje heilt sikker på kva slag fisk han har fenge.
Det er ei tryte, kjem det frå karen som fiskar i naboholet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ja, tryte er det. Eg tek nok fisken med meg heim, og ser han bra ut kan det hende det blir mat, smiler 12-åringen, og fekk greie på at fisken vog 122 gram.
Ekkelt og spanande
Elevane i klasse 6 B ved Kviteseid skule er tydeleg dyktige isfiskarar, og Kristine Andresen dreg opp ein flott aure ikkje langt unna der Haugen fekk tryta si.
Uff, det var ekkelt å dra opp fisken, men det var spanande også. Eg skulle bare ause vekk litt is frå holet, og då merka eg at det rykte i snøret, seier den stolte jenta.
Ho hadde maggot på kroken, og det var fyrste gongen ho fiska på isen. Truleg blir det ikkje siste gongen.
Er skjelven enno
Eg er heilt skjelven enno eg. Det var jammen moro å få denne fisken. Eg veit ikkje kva han veg, men kanskje 200 gram eller noko. Forresten, kor mykje veg ein fisk då, spør ho, før ho skjønar at det spørsmålet kanskje var litt rart.
Vekta stoppa ikkje før på 245 gram då auren til Kristine blei vurdert av juryen. Fisken var den største til då.
Fekk to
Halvor Vadder går også i klasse 6 B, og han ville ikkje vere dårlegare enn klassekameratane sine. Vadder drog fyrst opp ei tryte på 72 gram, før han slo til med ein aure på 165 gram.
Det var gørrmoro å dra dei opp på isen, seier ein stolt isfiskar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ikkje fisk til alle
Yess, er det ein gut som ropar, og dreg opp ei lita tryte.
Fiskegleda er stor blant dei unge, og sjølv om ikkje alle er så heldige å få fast fisk, så kosar dei seg likevel.
Eg har ikkje fått ein einaste fisk, men eg kosar meg likevel. Eg har med meg matpakke og varm saft i termosen. Kanskje fisken au likar varm saft, ler 9 år gamle Malin Ovastrøm Andersen, og tek ein sup av koppen.
Spanande romreise
Torsdag kveld opna Kviteseidmarken og fyrst på programmet sto verdsrommet. Elevar frå grunnskulen i Kviteseid og Kvitsund gymnas tok med seg publikum på ein rundtur rundt sola og planetane i vår del av universet.
Ein kunne ikkje fått betre vêr enn på torsdagskvelden. I flott natur med iskaldt vintervêr og stjerneklar himmel fekk publikum ein guida rundtur i solsystemet vårt. Og det var mange som hadde møtt opp nede på brygga.
Samarbeid
Utstillinga var eit samarbeid i mellom dei lokale grunnskulane og Kvitsund gymnas, der elevane har vore involverte i bygginga av utstillinga og planetane. Arrangementet er ein del av markeringa av astronomiåret 2009, og eit tiltak for å stimulere realfags- og astronomi-interesse. Likeeins ville ein sette fokus på kor lita jorda er, og at me må ta betre vare på planeten vår.
Turen gjekk gjennom ei løype som var brøyta opp på isen på Sundkilen med god plass i alle retningar. Løypa skulle illustrere solsystemet vårt i ein skala 1:1.200.000.000. I den skalaen vert det nesten fire kilometer til Neptun, den planeten som ligg lengst få sola. Så langt skulle ein heldigvis ikkje gå, men rundturen var på omtrent to kilometer med Saturn som siste stopp.
Rundt om i løypa var det sett opp stasjonar med modellar av planetane i rett storleik og avstand til kvarandre. Alle planetane lyste slik at ein kunne sjå dei i mørkret. Slik fekk ein òg sjå avstandane. For å få best mogelege tilhøve for å kunne sjå stjernehimmelen og modellen, var til og med lyset i Kviteseid sentrum sterkt redusera denne kvelden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjarmerande undervisning
På kvar stasjon stod det elevar, og dei kunne gje publikum informasjon om planeten som vart vist fram. Med peiking mot himmelen og andre retningar i modellen viste dei tilskodarane kvar stjerner og planetar var i forhold til modellen, og engasjementet var det ikkje noko å seia på.
Ein fekk òg kjensla av korleis det var å vera i solsystemet. Banen på isen var for det meste god å gå på, men stundom var det svært glatt med plutselege humpar i isbanen. Det kunne godt illustrere korleis det er å koma seg gjennom asteoridebeltet mellom Jupiter og Saturn. Turen rundt solsystemet tok omtrent ein time, og fleire hadde teke med seg spark.