Mor og son Anny og Tor-Bjørn Nordgaard har litt ulike meiningar om kva som vil vera best for Seljord i framtida.
Mor og son Anny og Tor-Bjørn Nordgaard har litt ulike meiningar om kva som vil vera best for Seljord i framtida.

«Det verste alternativet er Notodden og det der greiene»

Tor-Bjørn Nordgaard likar tanken på Seljord som eigen kommune også i framtida. Mora Anny har ikkje noko imot Kviteseid som partnar – men Notodden har ho ikkje sans for.

VTB tok ein uformell liten spørjerunde om kommunesamanslåing på Granvin laurdag. Blant publikum på Sjokoladekappleiken møtte me Tor-Bjørn Nordgaard (36) og mora Anny Nordgaard (68) frå Seljord.

– Eg har sans for ideen om at Seljord klarar seg godt åleine også i framtida. I utgangspunktet hadde eg håpa på heile Vest-Telemark som ein kommune. Men når ikkje det er eit alternativ, ser eg ikkje noko poeng i å lage ein halvstor kommune med Kviteseid, seier Nordgaard – som heller ikkje ser Seljords fordelar av å bli ein del av storkommunen med Notodden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Interkommunalt samarbeid på ulike område må vel kunne gje same effekt som ei samanslåing, meiner Tor-Bjørn.

Mora Anny er ikkje like kategorisk, men trur også Seljord kan greie seg godt på eiga hand. Ho hadde likevel ikkje hatt noko imot Kviteseid som partnar.

– Seljord kan sjølvsagt greie seg åleine. Elles er Kviteseid det beste. Viss det har økonomiske fordelar, tenkjer eg at Kviteseid og Seljord ikkje ville vore så gale, seier mor Nordgaard, og legg til:

Sara Fjågesund Aase har lite til overs for samanslåing med Notodden, Hjartdal og Sauherad, og ser heller ikkje poenget med Seljord-Kviteseid kommune.
Sara Fjågesund Aase har lite til overs for samanslåing med Notodden, Hjartdal og Sauherad, og ser heller ikkje poenget med Seljord-Kviteseid kommune.

– Det verste alternativet er Notodden og det der greiene. Det er forferdeleg. Då fryktar eg Seljord vil forsvinne heilt i utkanten.

Kulturell fellesskap

Sara Fjågesund Aase (31) bur i Flatdal – altså nærare Notodden-alternativet enn dei som bur i kommunesenteret. Likevel synest ho ikkje samanslåing austover høyrest ut som ein god idé.

– Det har med både kultur og geografi å gjera. Eg kjenner at me som bur her har meir til felles med Vinje enn med Notodden. Anten heile Vest-Telemark, eller ingenting, har eg tenkt. Og Vest-Telemark er ikkje eit alternativ lenger. Eg ser ikkje poenget med å slå seg saman med Kviteseid. Det blir så lite uansett, seier Aase.

Ho trur kommuneresamanslåing er eit mykje diskutert tema i Seljord om dagen.

– Men eg føler nok at folk ikkje trur det blir noko av – og i alle fall at det ikkje blir dei store forandringane, seier Aase.