Det yrer i kulturskulen
Rekrutteringa til kulturskulen i Tokke er det ikkje noko å seie på. Mange unge trakka til og viste kva dei kan i førre vekes konsert på Tokke kulturhus.
– Eg veit det er mange som gruar seg litt i kveld, og mange som gler seg. Eg trur det er ei blanding, at me alle gru-gler oss litt, innleidde kulturskulerektor Ingvild Lilletvedt.
Det var nærast fullt i kulturhuset sist onsdag. Breidda i kulturskulen er stor, både i tilbod og utføring. Dans, song, gitar, piano, saksofon, sylvarbeid og collage var noko av det som blei synt fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Heldigvis valde eg for lenge sidan å bli piano- og songlærar. Det er så moro å vera saman med dei flinke elevane i kveld, sa Svetlana Sheytanova, som altså er piano- og songlærar i Tokke kulturskule.