På vegne av Ap føreslo Nils Kristian Moe å byggje opp eit fond på åtte millionar for å kunne drifte idrettshallen frå 2019. Kommunestyret vedtok samrøystes å byggje hallen.
På vegne av Ap føreslo Nils Kristian Moe å byggje opp eit fond på åtte millionar for å kunne drifte idrettshallen frå 2019. Kommunestyret vedtok samrøystes å byggje hallen.

«Dette fortener fyresdølane, og det treng idretten»

Sa ja til idrettshall:

I førre veke vedtok Ap-politikarene i Fyresdal formannskap i ei og same sak å tilrå kommunestyret at ein ikkje innfører eigedomsskatt, og ein skal ikkje diskutere eventuell idrettshall før det er bygd opp fond. Sp varsla at dei ynskte å ta opp hallsaka i samband med budsjettet og økonomiplanen før jol.

Før starten av kommunestyremøtet torsdag gjekk det rykte om at Ap ville kome med endringsforslag. Men det var Tone Irgens Veum (Sp) som teikna seg fyrst på talarlista.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veum viste til kommunestyresaka som handla om to ulike ting; innføring av eigedomsskatt og bygging av fleirbrukshus eller idrettshall, som nokon vel å kalle det.

Eit klart pluss

– I denne saka blir det framstilt som at einaste måten å kunne byggje fleirbrukshus på er å innføre eigedomsskatt. Dette er ikkje Senterpartiet einig i. Men me er einige med rådmannen at ein ikkje innfører eigedomsskatt, sa Veum.

Ho viste til saksutgreiinga der rådmannen nemner at på grunn av låg lånegjeld i kommunen, vil ein ikkje ha problem med å ta opp eit lån på 25 millionar kroner til hall Det er driftsutgiftene som kan bli belastande.

– Ja vel, det vil koste, men det vil også kunne gje gode ringverknader som kan positivt i den store rekneskapen. Meir aktivitet, eit stort aktivum for Sportsdestinasjonen Fyresdal og så vidare. Og ein hall vil utløye mykje spelemidlar. Me vil kunne vere med og skaffe store midlar utanfrå for varige investeringar til glede for folk i bygda, sa Veum.

– For folketalsutvikling og bustadsattraktivitet vil fleirbrukshall vere eit klart pluss, for variert idrett og tilbod til både barn, ungdom og vaksne. Sit me her og ventar til me har pengar på bok, er eg stygt redd det ikkje blir nokon hall i det heile, fortsette ho.

På vegne av Sp føreslo Veum at ein arbeider med å få til ein hall og at investeringar blir innarbeidd i budsjettet og økonomiplanen.

– Me må utarbeide forslag i nært samarbeid med administrasjonen, avslutta Veum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sette av driftsmillionar

Nils Kristian Moe (Ap) la fram eit nytt forslag frå eit samla parti, etter at dei hadde hatt gruppemøte.

– Det er ikkje tvil, dette er ei sak som engasjerer. Me har veldig lyst til å gå for hall, det fortener fyresdølane og det treng idretten. Men me er nøydd til å tenkje finansiering, elles blir det fullstendig uansvarleg å setje i gang eit så stort prosjekt utan at ein kan dekkje driftskostnadene. Det er heilt rett som Veum seier – skal me vente til me har bygd opp fond blir det aldri hall, sa Moe.

Forslaget frå Ap var å seie nei til eigedomsskatt. Vidare at ein set av to millionar kommunale kroner i fire år, slik at ein har eit driftsfond på åtte millionar kroner å bruke frå hallen opnar i 2019.

Truleg får kommunen 11 millionar kroner i spelemidlar til hallen som har ein totalkostnad på om lag 47,5 millionar kroner inkludert moms, som kommunen får att. Driftsutgiftene vil truleg bli på 1,4 millionar kroner i året, i tillegg kjem renter og avdrag på eventuelt lån.

For passivt

I 2021 går tida ut for dei 28 millionar kronene Fyresdal kommune har lånt Vest-Telemark kraftlag (VTK). Ordførar Erik Skjervagen (Ap) sa ein ynskjer å hente og bruke denne summen til å byggje idrettshallen.

– Dette går ut over VTK, som må låne pengane ein annan stad til kanskje dårlegare vilkår. Kommunen sine 700 000 kroner i renter frå VTK forsvinn, men me slepp å betale avdrag på hallen, sa ordføraren, og la til at om ein ikkje hentar summen frå VTK, aukar utgiftene til avdrag på hallen med 650 000 kroner i året.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me stør Ap, for dette er kanskje det beste me kan oppnå, sa Veum, etter at Sp hadde hatt gruppemøte. Og dermed sa kommunestyret samrøystes ja til hall i 2019.

Me spør ordføraren kva som har skjedd i partiet etter formannskapsvedtaket Ap stod bak.

– Mange i partiet meinte det blei for ullent å setje av på fond, og hadde ikkje lyst til å ha ubestemt tid for bygging av hall. Det blei for passivt å gjere det slik, seier Skjervagen.

– Kan du garantere idrettshall i 2019?

– Nei, men sjansen har auka betrakteleg no. Klarer me å setje av to millionar kvart år, blir det hall i 2019. Mange vil ha hal og det vil eg også, men det skal vere ein forsvarleg økonomi i dette, svarar ordføraren.