Dette skjer
Veslebladet var innom Nissedal sparebank i Treungen her om dagen, og slo av ein liten prat med den mykje opptekne banksjef Kjell Manshaus som var iførd stileg og fin uniform.
– Er det slik at alle i banken har fått uniform no?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, heile personalet fekk for om lag ein månad sidan. – Kvifor? – Det er fleire grunnar. For det fyrste vil me det skal vera likt bilete utetter av alle som arbeider i banken. Ved denne endringa i bankens ansikt, vil kundane fort og lett finne fram til våre folk. Det er ikkje berre for dei lokale kundane draktene vil virke positivt. Også på møte og kurs utanbygds der bankens personale er representert vil uniformene føre til reklame for oss. Også dei fleste andre «Sparebankane i Øvre Teleamrk», som er eit samarbeid mellom bankane i dette distriktet der me også er med, har fått seg uniformer.
– Kva har klesdrakt å seie for dei som dei som arbeider her og for kundane?
– Arbeidsmessig sett skaper det likestilling med like klede. Og reaksjonane frå kundane har til no berre vore positive. Me får kvar dag skryt for dei blå uniformene med raudt slips og kvit skjorte.
Det har vore litt vanskar med å overhalde aldersgrensene på kinoen på Dalen. No skal det skjerpast inn, og det vil bli kravd legitimasjon i tvilstilfelle, melder filmstyret.
Om det blir tent røyk under køyringa, vil ljoset bli tent og filmen stoppa.
Uromakarar må og rekne med å bli utviste. Dei aller fleste går på kino av di dei ynskjer å sjå film, og dei som ikkje kan halde seg i ro, har lite på kino å gjera, seier filmstyret.