Dobbelt «bokhalderi» i SF Eiendom
Skiensfirmaet SF Eiendom AS har hatt to sett av arbeidskontraktar for tilsette som arbeidde med hyttebygging i Holtardalen i Rauland. VTB sit no med to kontraktar for same person med ulikt innhald og med ulike underskrifter. Kontraktane er datert same dag.
Timesatsen for arbeidaren er ulik. I den eine kontrakten er satsen 143 kroner timen. I den andre er satsen 137 kroner. Det mest påfallande er likevel at i kontrakten med den lågaste satsen er det føya inn eit ekstra punkt. Her heiter det at «Husleie, strøm og reiseutgifter vil bli motregnet feriepengene». Det er også lagt inn fylgjande passus: «Signatur, sett av arbeidstaker:». Og så står det ein signatur.
Heile tilsettingsavtala på to sider er til slutt underteikna av Sjur Fredriksen og ein signatur som er nokså lik signaturen på punktet over, med dei ekstra vilkåra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Desse signaturane skil seg sterkt frå signaturen på den andre tilsettingsavtala. Her er signaturen skriven med steilskrift, altså skrådd mot venstre. Dateringa som er gjort for hand, er også ulik slik at det er tydeleg at det er forskjellige personar som har datert dei to dokumenta.
– Utan tvil forfalska
– Det kan ikkje vere tvil om at dokumentet er forfalska. Den polske arbeidaren har ikkje underteikna avtala med dei innskrenkande tilsettingsvilkåra, seier organisasjonsarbeidar Rune Tønnesen i Fellesforbundet, avdeling 8 i Telemark, til VTB.
Med den første arbeidsavtala i hand nekta SF Eiendom å utbetale feriepengar til den polske arbeidstakaren. SF Eiendom argumenterte med at arbeidstakaren har underteikna ei avtale som betyr at han «frasier seg feriepengene».
Avtala, som Fellesforbundet hevdar er forfalska, hamna på Arbeidstilsynet sitt bord etter at Arbeidstilsynet hadde vore på tilsyn i Holtardalen 6. september 2012. SF Eiendom AS oversendte dokumentet ei tid etter at inspeksjonen var gjennomførd.
Det betyr at dokumentet er brukt overfor offentleg styresmakt. Er det snakk om ei forfalsking, er det ei svært alvorleg sak som blir råka av strenge straffebod. I visse tilfelle kan strafferamma vere heile fem års fengsel.
Nyleg avdekka
Arbeidstilsynet fekk ikkje kjennskap til den andre versjonen av arbeidsavtala før etter at selskapet var slege konkurs 5. november i år. Det skjedde etter at Fellesforbundet, der arbeidaren er organisert, 12. november i år bad om innsyn i dokumenta i Arbeidstilsynet etter inspeksjonen som var gjennomførd to år tidlegare. Fellesforbundet bad om innsyn etter at VTB hadde spurd forbundet om det dei meiner er forfalska dokument, har vore brukt overfor offentleg organ.
Sjølv hadde Tønnesen alt i april konkludert med at SF Eiendom hadde forfalska tilsettingsavtala for den polske arbeidaren, men utan då å kjenne til at dokumentet var brukt overfor Arbeidstilsynet. I mars i år hadde han fremja krav mot SF Eiendom AS om utbetaling av drygt 56 000 kroner i feriepengar på vegne av arbeidaren.
– Ikkje mi underskrift
Som svar på kravet, fekk Fellesforbundet frå SF Eiendom tilsendt avtala med innskrenkande vilkår. Sjur Fredriksen gjorde det vidare klart at dersom arbeidstakaren sto fast på kravet om å få utbetalt feriepengane, ville selskapet på si side krevje betaling for ein matpause på ein time dagleg gjennom to år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Han gjorde det straks klart at noko slik avtale hadde han aldri underteikna. Det var dessutan ikkje hans underskrift, fortel Tønnesen.
Melde dokumentfalsk til politiet
Deretter gjekk Tønnesen saman med avdelingsleiaren i Fellesforbundet, Arne Hagen, til politiet i Skien og melde SF Eiendom for dokumentfalsk.
– Vi fekk ingen kopi av den meldinga vi leverte. I september etterlyste vi hjå politiet kva som skjedde med saka. Eg fekk då eit skriv der meldingsnummeret gjekk fram, fortel Hagen.
Då VTB kontakta politiet for ei dryg veke sidan, var saka ferdig etterforska, i fylgje miljøkoordinator Olav Lia. Men i løpet av samtalen kom det fram at politiet ikkje kjente til at det som kunne vere forfalska dokument var brukt overfor Arbeidstilsynet.
Saka er enno ikkje avslutta hjå politiet.
Pengekrav i rettsapparatet
Sidan 22. april har feriepengekravet rulla og gått i rettsapparatet då saka vart klaga inn for forliksrådet. 17. juni fekk Sjur Fredriksen fråversdom mot seg og krav om å betale 58 347 kroner. Då kravet ikkje vart betalt vart det i september sendt konkursvarsel. 23. oktober fremja Fellesforbundet konkurskrav som skulle for retten 6. november. 5. november gjekk Fredriksen sjølv til tingretten og bad om at det vart opna konkurs (oppbod).
–Vi har aldri forfalska noko
Sjur Fredriksen avviser at han eller SF Eiendom AS har forfalska dokument. Men han har inga forklaring på kvifor det vart laga to ulike tilsettingsavtaler, med ulike vilkår, som er datert same dag men med ulike underskrifter.
Sjur Fredriksen har no berre vore tilgjengeleg via e-post, og VTB har stilt ei rad spørsmål som vi berre delvis har fått svar på gjennom fleire e-postutvekslingar.
Artikkelen held fram under annonsen.
VTB: – Korleis vil du forklare at SF Eiendom har skrive ut tilsettingsavtale i to versjonar til same person, datert same dag men med ulikt innhald?
VTB: – Kvifor vart den eine avtala, som ser ut til å vere forfalska, brukt overfor Arbeidstilsynet etter inspeksjon i september 2012?
SF: – Vi gjorde dette i god tru. Vi sendte alle kontraktane opp til Rauland og bad formannen der oppe sende dei rundt og deretter returnere dei til oss. Vi har i alle fall aldri forfalska nokon ting. Om det er nokon som ikkje har underskrive eigen kontrakt, er det beklageleg. Men dette er gjort i god tru, og eg trur ikkje nokon har lidd for dette, svarar Fredriksen.
VTB: – Dette er vel ikkje forklaring på kvifor kontrakten er i to ulike versjonar, ulike vilkår, og at den kontrakten som gjev arbeidstakaren dårlegast vilkår er oversendt til Arbeidstilsynet?
VTB: – Og kva skulle ein med ein ny arbeidskontrakt når det alt var inngått ein kontrakt som var underteikna av rett person?
SF: – Dette vart teke opp på eit fellesmøte i Rauland med alle arbeidarane til stades, inkludert personen du her refererer til. Dette kan du få stadfesta av tilsette der oppe og av formannen. Då var alle einige i den nye kontrakten. Vi sendte då opp kontraktane til formannen, som nemnt, for at han skulle få underskrift av alle.
At vi ikkje sjølve var til stades medan desse vart underteikna er sjølvsagt leit, og vi legg oss flate for det. Men det var semje mellom alle i møtet, og difor trudde vi også at alle papira og underskriftene som kom tilbake til oss var korrekte. Vi skulle nok ha skjekka dette betre og seier oss nok ein gong leie for dette, skriv Fredriksen.
VTB: – Kva var bakgrunnen og behovet for å lage nye tilsettingsavtaler? Og når skal dette fellesmøtet med underteikning ha skjedd?
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjur Fredriksen har ikkje svara på dei siste spørsmåla.