Doktor Dyregod
Tok doktorgrad i laksestress.
Silje Kittilsen frå Åsgrend i Kviteseid disputerte 4. desember i fjor med doktoravhandlinga «Stress hos laksefisk; Kortisolresponsen og assosierte egenskaper». Greitt nok at doktorgradar har smale problemstillingar, men ei slik som dette er kanskje ikkje det fyrste ein forventar frå ein stipendiat frå innlandsbygda Åsgrend. Så korleis hamna ho i Ås, med ein doktorgrad i stress og velferd hos laks?
Tja. Eg starta med å ta hovudfag der eg jobba med rev, smiler Kittilsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fiskefysiologi
Silje er over gjennomsnittet interessert i dyr, og fann tidleg ut at det var biologi ho ville studere. Etter vidaregåande i Bø bar det difor inn til Oslo og Blindern, der ho tok det som då heitte cand.mag i biologi.
Då ho skulle gje seg i kast med hovudfaget, fann ho ikkje nokon oppgåver som fenga henne på universitetet i Oslo. Dermed enda ho opp ved universitetet for miljø- og biovitskap i Ås, der ho skreiv hovudfagsoppgåve innan fagområdet etologi, det vil seie dyrs åtferd. Oppgåva omhandla åtferd og emosjonelle reaksjonar hos rev, og bakgrunnen for studien var å utvikle kunnskap om korleis ein kunne måle revens velferd.
Og deretter blei det fisk, seier Silje.
Då ho var ferdig med hovudfagsoppgåva, blei det utlyst ei stipendiatstilling for å forske på tilhøvet mellom åtferd og fysiologi hjå fisk.
Helse og trivsel
Fiskeoppdrett er storindustri, og fisken er ei viktig eksportvare for Noreg. Sidan oppdrettsindustrien er såpass ny, har ein enno ikkje rukke å forske på alle aspekt ved han. Målet med doktorgradsstudiet har vore å finne løysingar på nokre av utfordringane knytt til helse og trivsel hos laksefisk. Fisk har jo den bakdelen at dei ikkje automatisk får noko særleg medkjensle av oss menneske, blant anna fordi dei lever i eit anna medium og fordi dei manglar uttrykk menneske kan kjenne igjen. Difor er det vanskeleg å sjå om dei er stressa og ikkje har det bra. Men akkurat som hos oss menneske, varierer òg stressreaksjonar frå laks til laks, fortel Silje.
Korleis gjeng ein fram for å måle slikt?
Ein må stresse dei, då, smiler Silje.
Mykje pigment = lite stress
For å måle stressnivået hos laksefisken, har Silje og dei andre forskarane tatt blodprøver for å måle nivået av eit stresshormon kalla kortisol. Dei har òg studert fiskens åtferd og matinntak.
Arbeidet me har gjort kan vere nyttig til dømes i avlsarbeid på fisk. Det å avle fram fisk som reagerer mindre på stress kan betre både helse og velferd. Dessutan kan det virke positivt på produksjon, sidan mindre stressa fisk et meir og veks betre. Me gjorde òg eit svært spennande funn i løpet av forskingsperioden. Det viste seg nemleg at den fisken som hadde mest pigment altså flest av dei karakteristiske prikkane i skinnet reagerte minst på stress. Dermed fann me ein visuell indikator på fiskens stressnivå, noko som er gull verdt. Ein oppdrettar kan ikkje drive og ta blodprøver av fiskane sine heile tida for å sjå om dei er av den stressa typen, seier fiskeforskaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kampen mot lakselusa
Endå meir oppsiktsvekkande var eit anna funn, meiner Silje, sjølv om det enno ikkje er validert.
Prikkmønsteret ser ut til å samsvare med resistens mot parasitten lakselus. Det ser ut til at lakselusa utviklar seg dårlegare på laks med mykje pigment i huda, fortel ho.
Dermed vil det i utvelgingsarbeid i samband med avl bli lettare å avgjere kva laks som er mest motstandsdyktig mot den berykta lakselusa. Lusa er eit trugsmål mot heile oppdrettsnæringa. Silje håpar ho kan halde fram å forske på dette området.
Å skrive ein doktorgrad er sjølvsagt utruleg mykje jobb. Men eg kjenner meg priviligert som har fått lov til å arbeide med og forske på det eg er interessert i. Å ha det å finne ny kunnskap som jobb, er utruleg gjevande. Eg håpar å få ei forskarstilling innan dette feltet, for eg har ikkje lyst til å gje meg her, avsluttar fiskeforskar Silje.