Dørmatter av bjørkeris
Laurdag 5. april var 10 damer på kurs i regi av Kviteseid Husflidslag. Lærar Per Hurv frå Froland kom med spesiallaga rammer, ståltråd og bjørkeris. Det gjekk med utruleg mykje ris til kvar matte, så det var og sanka mykje ris i Vrådal. Hengjebjørk egna seg godt til dette arbeidet.
Vi starta kl 9.00 om morgonen, og da dagen var omme, hadde vi laga 10 matter, og alle fekk også med seg heim eit hjarte laga av bjørkeris til veggpynt. Per hadde mange gode idear å vise fram til inspirasjon. Som avslutning laga han ein sopelime som konkurrera ut feiekostane ved oppryddinga den dagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Grethe Hurv hadde laga ei lita utstilling av nydelege broderi i ulike teknikkar. Duk og brikker i tellesøm i grov og fin lin, brikker i engelsk broderi, dåpsluve i tamburering og kjøkkenbrikker i plattsøm. Deltakarane hadde mange spørsmål og broderiene vakte beundring.
Arbeidet med mattene var tungt for utrente hender, men alle var ivrige, så det ble korte matpauser. Vi hadde en triveleg dag sammen og grunn til å være krye over resultatet.
Ref. H.R.