To gonger sist veke har det vore alvorlege hendingar knytt til tunellen mellom Århus og Gvammen. (Illustrasjons
To gonger sist veke har det vore alvorlege hendingar knytt til tunellen mellom Århus og Gvammen. (Illustrasjons

Dramatikk i tunellen

Frå lunta blir tent til sprengladinga går av tek det to og eit halvt minutt. Problemet var at motoren på bilen hadde stoppa, og dermed måtte den erfarne bergsprengaren ta beina fatt for å kome seg i dekning i Århus-Gvammen-tunellen.

Den dramatiske situasjonen er ein av to i tunellen i løpet av den siste veka. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap blei også varsla då ein gravemaskinførar fann udetonert sprengstoff ved reinsking av fjell i skjeringa på Gvammen.

– Heldigvis gjekk det bra med arbeidarane, men dette er alvorlege hendingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Orda kjem frå Trude Holter, prosjektleiar for tunellen mellom Århus og Gvammen.

Sprengstoffet har lege der sidan sprenginga i 2013 blei gjennomført som ein del av førebuinga til anlegget.

– Arbeidet blei stansa og udetonert sprengstoff fjerna før arbeidet blei sett i gang att, seier Holter.

Store bilskadar

Natt til sist fredag gjorde ein erfaren bergsprengar klart for sprenging inne i tunellen, etter at alle andre i nærleiken var evakuert trygt vekk frå området. Bergsprengaren rygga bilen med tilhengjar inn mot veggen inst i tunellen, slik at han lett kunne kome seg ut. Motoren var framleis i gang då han gjekk ut og tente på lunta.

Frå lunta blir tent til sprengladinga går av skal det gå to og eit halvt minutt. Etter å ha tent på og kome tilbake til bilen for å køyre vekk frå området, hadde motoren stoppa. Bergsprengaren lykkast ikkje med forsøka på å starte motoren att. Arbeidaren måtte ta beina fatt 200 meter ut i tunellen der han søkte sikring bak ei stor reinskekorg.

På grunn av trykket som oppstod i eksplosjonen, blei bilen flytta fleire meter og fekk store skadar i karosseriet. Etter å ha kome tilbake til bilen fekk bergsprengarane start på han att og kunne køyre ut av tunellen.

Strenge krav

Etter hendinga blei heile skiftet samla saman med den lokale leiinga hos entreprenøren for å gå gjennom det som hadde skjedd.

– Me har strenge krav for å ta vare på helse, miljø og tryggleik på alle anlegga våre. Båe episodane førre veke oppfattar me som alvorlege hendingar, og me vil gå gjennom alle prosedyrar og rutinar, seier Holter.