Drapssikta etter at mann døydde i Rauland
Ein 35-åring er sikta for å ha drepe ein 38-åring i Holtardalen i Rauland i natt.
Ein 38-åring frå Litauen blei funnen død i Holtardalen natt til sundag.Politiet melder at dei har sikta ein 35 år gamal landsmann for grov vald med døden til fylgje. I fylgje politiet er omstenda rundt dødsfallet førebels uklare, og dei skal avhøyre 35-åringen i løpet av sundagen.
De to involverte var saman med fleire andre personar i ei hytte. Ambulanse blei tilkalla rundt halv to i natt, og 38-åringen blei erklært død på staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Telemarksavisa har snakka med hyttenaboar, som fortel om bråk og at dei vakna av ein høglytt diskusjon frå nabohytta ved halv eitt-eitt-tida.
– Me tenkte ikkje noko meir over det, siden det ikkje er uvanleg med litt bråk i helgene, sier naboen til TA. Ho seier det har vore utanlandske arbeidarar som har opphalde seg på nabohytta så lenge ho har hatt hytte der.