Draumegåve til Emma og Symre
Ungjentene frå Vest-Telemark får i dag 10 000 kroner kvar i «draumestipend» på grunn av sine heilt spesielle talent – i biletkunsten og musikken.
Over heile landet er unge, lovande talent nominerte til draumestipendet. To deltakarar frå Vest-Telemark har nådd heilt til topps i alle tre juryane som avgjer kven som får stipend: Emma Helgestad frå Byrte i Tokke, og Symre Taugbøl Bang frå Morgedal, Kviteseid.
Helgestad (20) er ein talentfull teiknar. I fjor deltok ho på landsfestivalen i Ungdomens kulturmønstring med ei av teikningane sine, og sommaren 2013 stilte ho ut fleire teikningar på sommarutstillinga på Mjonøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Interessa starta for alvor for rundt fire år sidan med at eg blei veldig inspirert av augo og ulike uttrykk eg kan gje dei, forklarar Helgestad.
– Når forstod du at du hadde eit talent?
– Talent … Eg har alltid vore veldig nøyen og mest oppteken av kva eg kan forbetre Det er fyrst i det siste at eg har tenkt at det ikkje er så ille, smiler Helgestad, og kallar seg perfeksjonist.
Leike seg med teknikkar
Stipendet er på 10 000 kroner. Det ska 20-åringen bruke på teikneutstyr – der det beste kostar mykje.
– Ein blyant er ikkje ein blyant, seier Helgestad.
Ho ynskjer å halde fram med å utvikle seg innanfor teikning. Helgestad teiknar gjerne på bestilling, og likar å utfordre seg sjølv og utforske fleire teknikkar.
– Draumen er å bli kjent kunstnar både i Noreg og utlandet, kunne halde mange utstillingar og selje teikningar, seier Helgestad – som no er sjukepleiarstudent i Oslo.
– Eg vil ha noko i botn, for det er vanskeleg å leve av kunsten åleine, forklarar ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men draumen lever endå sterkare etter stipendet. Fleire av Helgestads teikningar kan ein sjå på Instagram-profilen hennar, @emma__drawings.
Draumestipendet
- Norsk kulturskuleråd og Norsk tipping samarbeider om utdelinga av Draumestipendet. Det består av 100 stipend à 10 000 kroner - til saman éin million kroner.
Ordninga er et samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ynskjer arrangørane å vise fram kommunanes arbeid for barn og unge. Dei unge kunstutøvarane må sjølve skrive søknad der dei fortel om seg sjølv og draumen sin. Av desse blir nokre plukka ut som nominerte til stipendet, og deretter blir sjølve stipendvinnarane valde. Då har dei vore gjennom tre juryrundar.
Det var fleire nominerte frå Vest-Telemark i år: Bandet 4Use frå Vinje, biletkunstnar Ingvild Groven frå Kviteseid, og musikar Tov Espelid frå Nissedal.
Den offisielle overrekkinga av Draumestipendet skjer i regi av kulturskulen. I Kviteseid blir markeringa 17. juni på Victoriafestivalen. I Tokke er det ikkje bestemt enno.
SMS-intervju med Symre
Symre Taugbøl Bang (14) har alt fått mykje sceneerfaring trass den unge alderen. Ho syng, spelar gitar og hardingfele, og dansar – for å nemne noko. Som fireåring stod ho på scenen fyrste gong, og då ho var ti debuterte ho på UKM-scenen med å synge Metallica. «Med foreldre med platesamling og bestemt musikksmak har det aldri blitt noko Hits for Kids på meg – noko eg er takknemleg for no», skriv Bang i søknaden sin.
Me intervjua den unge artisten på sms ei stund etter at ho hadde fått gladnyheita:
VTB: Korleis reagerte du då du fekk greie på at du hadde vunne?
Artikkelen held fram under annonsen.
Symre: Eg blei så klart veldig glad og tenkte med ein gong på korleis eg ville bruke pengane. Eg hadde ein veldig dårlig dag då mamma bestemte seg for å seie det og det endra jo heile synet på dagen.
VTB: Det kan eg tenke meg. Hadde den dårlege dagen noko med musikken din å gjera? Og kva skal du bruke pengane til?
Symre: Den dårlege dagen hadde heilt klart med skule å gjera. Eg vil bruke pengane på egen stålstrenggitar. Eg vil óg bruke pengar på eit lite studio eg kan bruke til pc en så eg kan spille inn og legge oppå meg sjøl. Men kanskje aller mest vil eg bruke det at eg vant som motivasjon til å fortsette å øve og satse endå meir.
VTB: Kva for ein song (i heile verda) skulle du ynskje du hadde skrive sjølv?
Symre: Aj, det er veldig vanskelig, men eg trur eg nå i farta vil seie «What a wonderful world» av Louis Armstrong. Det er ein song som alle kjenner og som mange får våte auge av. Eg syntes at den er utrolig vakker og eg elskar å høyre på den når eg ute i naturen aleine.
VTB: Er du ofte der, ute i naturen? Korleis inspirerer den deg musikalsk?
Symre: Eg er nok ikkje meir ute enn andre folk, men eg må ALLTID ha musikk når eg joggar eller går ute. Naturen blir litt meir innhaldsrik og magisk når eg har musikk på øret. Naturen kan inspirere på mange måtar, eg tenker ofte ut dansar, melodiar og teikningar når eg er ute. Eg har ikkje skrive mykje tekstar endå, fordi det er vanskeleg å finne på noko originalt.
VTB: Du har jo stått på scenen mange gonger – kva episode hugsar du aller best?
Artikkelen held fram under annonsen.
Symre: Eg hugsar ofte dei gongene det gjekk dårleg dessverre. Likevel er det ein gang det gamle bandet mitt spela på kulturskulekonsert som eg hugsar godt. Me spela «Money» av Pink Floyd. Den er ganske vanskeleg, men me spela som me aldri hadde gjort på nokon øving. Nå i vinter spela eg og på fakkelarrangementet i Morgedal. Det var iskaldt. Snoen føyk i ansiktet mitt, og fingrane stivna litt uti. Likevel var det eit vakkert ljos, og alle dei raude ansikta lyste mot meg. Det var den beste opptredenen min med sangen «Runaway» av Aurora Aksnes.
Elles likar eg betre å sjå fram til å vise at eg kan endå betre!