Draumen blir sann
Dei heimattflytta nissedølane Hilde Nordal Holskar og Lena Holskar Sanden får denne veka ein draum oppfylt. Det er klart for opning av livsstilsbutikk i Treungen sentrum.
Sist sommar, på ei tid då nissedøl Lena Holskar Sanden budde i Skien, sa ho til tvillingbroren sin Even Holskar i Treungen at ho hadde lyst til å starte med butikk. Broren svara med å spørje om ho hadde snakka med kona hans, Hilde Nordal Holskar, fordi han meinte at ho sikkert blei med på ideen.
Ja, me startar butikk, fekk Lena som svar frå svigerinna si.
Artikkelen held fram under annonsen.
Butikken var også eit påskot for å kome seg heim att, smiler Lena til VTB.
Frå nyttår blei Lena med familie igjen innbyggjarar i Treungen, medan Hilde har budd i bygda i nær tri år. Nissedal kommune har fått tilbake to initiativrike damer som er gira på å bu i bygda.
Intimt
I august reiste Lena og Hilde på klesmesse i Oslo. Varene måtte tingast eit halvt år før dei blei levert. I tillegg fekk dei avtale om leige av lokale i det som tidlegare var Tveits hotell, eller Malenes hotell på folkemunne.
Me føler me har fått eit lokale med sjel. Me skal pynte opp med gamle bilde frå sentrum, fortel Lena og Hilde.
I sju månader er det gjort førebuingar i samband med butikketableringa. Lokalet er pussa opp, alle veggane er måla, det er lagt nytt belegg, sett inn kjøkken og lagt inn varmtvatn. Fedrane til svigerinnene har laga eit stilig prøverom for klede. Gamle møblar er pussa opp, og det er henta fram noko inventar frå loft og rundt forbi.
Totalt disponerer Lena og Hilde eit areal på 30 kvadratmeter for livsstilsbutikken med kaffi, klede og interiør.
Me føler ikkje behov for større lokale. Jo meir intimt ein kan gjere det og fylle opp lokalet, jo betre er det. Det er ikkje plass til så mange innandørs, men til våren skal me nytte ein grasplen like på utsida. Der skal det bli skikkeleg koseleg å nyte kaffi og kaker, smiler Lena og Hilde.
Dei syntest det var heilt sjølvsagt at butikken måtte ha ei skikkeleg god kaffimaskin.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit kriterium er å ha ein triveleg kaffibar. Vidare skal dette vere ein plass der folk blir glade når dei kjem inn. Dei skal ikkje føle at dei må kjøpe noko for å vere her, seier Lena og Hilde.
40 på opningsfest
Dei har gått inn med 50.000 kroner kvar i aksjekapital i butikken som har fått namnet Svigerinnenes draum.
Me har hatt ein draum som no blir realisert. Og for andre kan det vere som ein draum å kome her og få god kaffi eller finne ei fin gåve. Med namnevalet på butikken kan me putte inn alt som er fint her, seier etablerarduoen.
Sjølv om dei eigentleg tilbyr ein typisk jentebutikk, meiner båe at også menn kan kome innom.
Her kan mannfolk få god hjelp til å finne gåver til dama si. Me håper etableringa blir ein drøymebutikk for fleire, seier Lena og Hilde.
Butikken opnar laurdag, men alt i kveld byrjar ting å skje. Mange jenter i bygda har heia på etablerarane og likar tanken om ein livsstilsbutikk.
Me har heile tida fått oppbakking, og har derfor lyst til at jentene skal få sjå butikken fyrst. Derfor er det jentekveld torsdag, fortel Lena og Hilde.
Det har vore førehandspåmelding til jentekvelden. Heile 40 damer ynskjer å delta, og med så mange blir dei plassert i to puljar for å vere med og feire nyetableringa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har blitt ein del etableringskostnader i starten, men det er det verdt. Det er dette me vil satse på. Det kriblar i kroppen no like før opninga. Me står og pakker ut varer og tenkjer; er det verkeleg sant at det blir butikk. Sjølvsagt er me veldig spente for tida, og me gler oss til å vise andre så fint det har blitt her. Dessutan er det gøy at no kan bygdefolk og andre gå i fleire butikkar her i sentrum, avsluttar to etablerarar som synest det er god butikk i å ha flytta heim att.