I 2012 grunnla Lise Marit Syftestad frå Kviteseid hjelpeorganisasjonen Malawifriends. I påska reiser den 20 år gamle journaliststudenten til Malawi for å realisere draumen om bygginga av ein brønn til landsbybefolkninga i Chikwawe.
I 2012 grunnla Lise Marit Syftestad frå Kviteseid hjelpeorganisasjonen Malawifriends. I påska reiser den 20 år gamle journaliststudenten til Malawi for å realisere draumen om bygginga av ein brønn til landsbybefolkninga i Chikwawe.

Draumen om reint vatn

20 år gamle Lise Marit Syftestad frå Kviteseid er i ferd med å realisere draumen om reint vatn til landsbyfamiliar i Malawi.

Lise Marit Syftestad frå Kviteseid leiar hjelpeorganisasjonen Malawifriends som ho grunnla i 2012. Sidan den gongen har alt organisasjonen har samla inn gått uavkorta til forskjellige prosjekt. Det siste året har ein brønn med reint vatn til landsbyen Chickwawe i Malawi vore hovudprosjektet.

Reiser til Malawi

Det er snart eitt år sida Syftestad arrangerte innsamlingsaksjonen i Volda som finansierar brønnen i Chickwawe i Malawi. Det var her «Prosjekt: Reint vatn» blei introdusert for første gang.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Studentane i bygda fekk høve til å engasjere seg, bidra og få eit innblikk i organisasjonens arbeid. Etter dette har planlegginga av den store reisa vore det som har vore i fokus. Eg reiser til Malawi saman med tre gode veninner for å realisere draumen om reint vatn i landsbyen. Me er spente og forventningsfulle, klare til å utrette ein heil masse, seier Syftestad til VTB før avreise.

Ho er for tida busett i Hadsten utanfor Aarhus i Danmark der ho studerer journalistikk på ein folkehøgskule, i tillegg til å arbeide med humanitært arbeid i Malawifriends.

– Det er bestefaren min og hans opplevingar i Afrika som er bakgrunnen for engasjementet mitt og grunnen til at eg starta opp Malawifriends. Han møtte nokon heilt spesielle menneske då han var på ei motorsykkelreise frå Noreg til Sør-Afrika. Menneska han møtte budde i Chikwawe, ein liten landsby i Malawi der totalt åtte familiar levde. Bestefar hjelpte dei i fleire år med det dei trong. Han døydde av malaria i 2003, men eg og familien min held fram arbeidet hans, fortel ho.

Målretta organisasjon

Den unge studenten og organisasjonsleiaren seier at Malawifriends er meint å vere ein velgjerande og ideell organisasjon som har mål om å utvikle, styrke og bidra med bygging av varig infrastruktur og installasjonar.

– Målet med organisasjonen er å gje støtte, rådgjeving og byggje relasjonar som vil kome landsbyen Chikwawe til gode. Hjelp til sjølvhjelp er eit viktig mål me jobbar etter, seier ho.

Syftestad fortel vidare at kommunikasjonen med byggefirmaet som skal sette opp brønnen i Malawi til tider har vore litt utfordrande, men at dei no har betre kontakt.

– Det er nå fortløpande kontakt og me ser fram til å sjå korleis arbeidet ligg an når me kjem til Malawi. Me vil ikkje ha for store forventningar, men me har eit stort håp og ønske om at brønnen står ferdig i løpet av opphaldet vårt der til påske. Når dei fyrste reine vassdråpane kjem til syne, kan me love feststemning og ei glede utan like i landsbyen. Brønnen kjem til å ha stor betyding for dei åtte familiane i Chikwawe, meiner ho.

– Her heime i Noreg er det sjølvsagt at vatnet skal renne frå krana, men slik er det ikkje alle andre stadar på jorda. Ein sjettedel av verdas befolkning står framleis utan tilgang på reint vatn, og det er eit større problem enn ein kan tenke seg. Landsbybefolkninga i Chikwawe har i fleire år måtte gå mange kilometer for å få tak i vatn. Reint vatn er avgjerande for helse og kan redde liv. Retten til reint vatn er faktisk ein menneskerett. Det er med menneskerettane i tankane at me ser på nye prosjekt i organisasjonen, legg ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stort behov

Ifølgje Syftestad skal organisasjonen hennar sjå på mogelegheitene for fleire prosjekt når dei kjem til Malawi i påska, der blant anna unge og utdanning er noko dei ynskjer å setje meir fokus på.

– Det blir spanande å sjå kva moglegheiter me har for å påverke og utvikle dette området. Eg har også personleg eit ønske om å fremje kvinners rettar og skape kunnskap kring kva dei har rett på, seier 20-åringen, som no ser fram til påska og turen til Malawi. Samstundes opplyser ho at det framleis er eit stort behov for økonomisk støtte til det humantære arbeidet til Malawifriends. – Sjølv om brønnen var finansiert har det i seinare tid komme fram at prisen har auka, som sjølvsagt er ei stor utfordring. Me set pris på all den økonomiske hjelpa me kan få. Dei som ynskjer å støtte kan gå inn på vår heimesida vår, oppmodar Syftestad vidare.

– Eg er utrulig heldig som har så mange gode støttespelarar og medhjelparar. Utan den økonomiske og moralske støtta hadde eg aldri fått til så mykje med Malawifriends. Det er så moro når ein ser at andre deler den same gleda av å hjelpe andre. Eg veit at me vil få ei oppleving utan like, og kome heim med ryggsekken full av kunnskap, inntrykk og ei god magekjensle. Eg er meir enn stolt over Malawifriends og det vi har i vente og gler meg meir enn nokon gong til å reise til Malawi igjen, avsluttar Lise Marit Syftestad.