Gunnar Momrak er ein av profilane Fyresdal sogelag presenterer i årets utgåve av «Sjå deg attyvi».
Gunnar Momrak er ein av profilane Fyresdal sogelag presenterer i årets utgåve av «Sjå deg attyvi».

Dreg fram profilar frå bygda

– Å koma til Fyresdal var som å koma til ein sekk, for det var ingen gjennomgangsveg.

Det var Tormod Knutson som skreiv dette om heimbygda i ein artikkelserie med namn «Frå gard og grend». Knutson var fødd i Fyresdal i 1863. I 1900 var han lærar og gardbrukar i Fjære ved Grimstad. I 1915 blei han tilsett som overlærar på Grorud skole i Oslo.

Tormod Knutson er ein av fyresdalprofilane i årets utgåve av «Sjå deg attyvi», årboka til Fyresdal sogelag.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Den store stilla – frå Fyresdal i gamle dagar» heiter artikkelen sogelaget har henta fram.

Han «fann opp» «Birken»

Det er truleg ikkje så mange fyresdølar, i alle fall ikkje av den litt yngre garde, som veit at det var ein fyresdøl som hadde ideen til Birkebeinarrennet mellom Rena og Lillehammer. Og endå mindre truleg er det at andre i Vest-Telemark kjenner til det.

Mannen var Haakon Lie. Han var fødd i 1884 på garden Lie i Liegrend. Han var eldste sonen og odelsgut, fortel Lars Veum, Svenn Lie og Ragnhild Berge i ein artikkel om mannen. I staden for å bli bonde på Lie utdanna Haakon seg fyrst til lærar, og seinare til forstkandidat. Etter å ha vore i arbeid fleire stader, enda han som skogforvaltar i Sør-Gudbrandsdalen og busett på Lillehammer. I 1930 lanserte han ideen om eit skirenn til minne om birkebeinarferda i 1206. I 1932 blei det fyrste Birkebeinarrennet arrangert, siterer artikkelforfattarane frå heimesida til «Birken».

Lie var elles ein aktiv skribent, både av faglitteratur om skog, og som skjønnlitterær forfattar.

Han bygde Foldsæ landbruksskule

Ein annan profil i fyresdalssoga er Ragnvald Gravir (1890–1985). Også han fekk utdanning frå Norges Landbrukshøgskule. Den fyrste verdskrigen førde til prisoppgang på matvarer og etter kvart ei hektisk jobbetid, skriv sonen, Ketil Gravir. Då fekk Ragnvald ideen om å få i gang ein privat landbruksskule, spesielt for fjellbygdene.

Gravir starta skulen i Vrådal i 1917. Skulen blei snart for liten, og i 1923 flytta skulen til Foldsæ. han bygde opp og dreiv Foldsæ fram til litt uti andre verdskrig. Då flytta han med familien til Eidsvold, og dreiv gard der. Etter krigen var han tilbake på Foldsæ nokre få år, før han på nytt var på flyttefot. Denne gongen til Vestfold. Der tok han over Vestfold landbruksskule, Melsom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er vanskeleg å skrive objektivt og kjeldekritisk om sin eigen far. Men då Fyresdal sogelag spurde meg, måtte svaret bli ja, innleier sonen Ketil Gravir artikkelen i årets utgåve.

Kvinnene

Heldigvis er det ikkje bare karar som er «fyresdalsprofilar» i lokalsoga. Ragnhild Berge skriv fengslande om mor si, Liv Lie Berge, fødd Reinhardt frå Drøbakk (1918–2012). Artikkelen er minneorda Ragnhild Berge heldt ved gravferda i fjor haust.

Astrid Synnøve Ormtveit skriv meir om bakgrunnen til Augusta på Mørkji (1839–1920), kvinna som kom frå Sverige i 1870, som Ormtveit skreiv om i fjorårets «Sjå deg attyvi».

Gunhild Momrak skriv om far sin, Gunnar Momrak (1929–2012), som bygde sin eigen snøbil på 1970-talet av Folkevogn-delar.

redaksjon@vtb.no