Drøymer om å bli skodespelar
Det hender ho vaknar midt på natta for å skrive, men i framtida håpar Ingrid Margrethe Lid å spele det andre har skrive.
Ingrid Margrethe Lid (16) frå Kviteseid er ein av dei hundre talentfulle i Noreg som mottar årets Drømmestipend på 10.000 kroner frå Norsk Tipping og Norsk Kulturskoleråd.
Den talentfulle kviteseidjenta blei kjempeglad då ho fekk den gledelege beskjeden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var uventa. Eg visste eg var nominert, men hadde ikkje trudd eg skulle nå opp, seier ho.
Kva skal du bruke pengane til?
Eg veit ikkje heilt enno, men eg ynskjer å bruke dei på ein måte som kan gjere meg til ein betre skodespelar, seier ho.
Drama i Skien
Dette skuleåret har ho gått på Kvitsund gymnas. Ei imponerande særemneframsyning gjorde at ho valte å bli buande i Kviteseid for å gå på Kvitsund. Men til hausten flyttar ho til Skien for å gå på dramaline. Sjølv om det betyr at ho må gå fyrsteklasse på vidaregåande skule om att. Det er nemleg skodespelar ho vil bli.
Eg har alltid vore interesserte i å kle meg ut og vera med på ulike ting. Eg var alltid fyrst oppe med handa når det var rolleutdeling til skuleframsyningar. Ein av grunnane til at eg sluttar på Kvitsund er at det har blitt lite teater. Det har vore det minst fruktbare året mitt, seier ho.
Verkeleg tent på å gå vidare med skodespelardraumen blei ho etter å ha vore med i oppsettinga av Bondeopprøret i Hjartdal.
Det å få kritikk av ein regissør var utruleg moro, og med øving i tri veker blei eg hekta, seier ho.
Ho skriv også eigne stykke. Alle åra ho gjekk på ungdomsskulen i Kviteseid var ho ansvarleg for å skrive eit stykke til joleavslutninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg laga parodiar på kjente eventyr, fyrste året var det ein surrealistisk parodi på «Reisen til julestjernen», som eg kalla «Jakten på julestjernen». Det tok heilt av og var eit kick, seier ho.
Skriv om natta
Ingrid Margrethe Lid har også vore med i UKM. Båe gongene har ho kome vidare til fylkesfinalen i Bø. Fyrste året var ho i ei gruppe som framførte «Et dukkehjem» og Ingrid spelte Nora. Året etter stilte ho på scena åleine med eigen versjon av «Prinsesse Gullhår». I tillegg har ho vore med i det historiske spelet «Sigrid og Bjørgulv» på Bygdetunet i Kviteseid og «Jeppe på Bjerget» med teatergruppa i Kviteseid. Ho har også vore med på ei rekkje kurs, inkludert skrivekurs. For tida skriv ho på eit stykke til talentkonkurransen under Victoriafestivalen i Kviteseid.
Eg vakna klokka tri i natt og kom på noko som eg måtte få ned på papiret. Det hender eg vaknar om nettene, tankane svirrar og då må eg skrive dei ned, seier ho.
Det går opp og ned med kreativiteten. Når eg ikkje er kreativ er det utruleg surt, men det kan også bli for mykje, slik at folk rundt meg blir slitne, held ho fram.
Inspirasjonen hentar ho frå alt mogleg, som bilde, fjernsyn, songar, bøker, skulefag eller ulike situasjonar.
Teaterhøgskulen
Kvar går vegen etter vidaregåande?
Eg får sjå litt korleis det går, men eg har ambisjonar om å kome inn på teaterhøgskulen. Eg veit at det er veldig vanskeleg, men eg vil i alle fall prøve, seier ho.
Det er teater ho føretrekkjer, sjølv om ho ikkje avviser at det kan vera aktuelt med andre typar skodespel som film.
Artikkelen held fram under annonsen.
Teater har så mange fascinerande fasar. Det er kostyme, sminke og kulissar, i tillegg til det å stå på scena. Ein får berre ein sjanse til å prestere på scena, og det er utruleg spennande, meiner ho.
Eg er ikkje så glad i å skrive. Sjangeren eg skriv, surrealistisk og snodig, har eg snart bruka opp. Det er spelinga som er viktig for meg, og eg skriv for å få spele det, seier ho.
Ho likar å overraske. Etter å ha studert både sminke og historie om Bob Dylan, dukka ho opp som songlegenda i 50-årsdagen til faren.
Då blei han overraska, smiler ho.
Kva er draumerolla?
Å, det er så mange, seier ho, før ho nemner Bonnie i Bonnie and Clyde, Edith Piaff, Lolita og Peer Gynt.
Utdelinga av Drømmestipendet skjer under Victoriafestivalen i Kviteseid 21. juni.