Dryppande kald kunst
Dei 80 deltakarane på årets snoformingsfestival i Vinje fekk bruke all sin kreativitet. Alt frå sure andlet til fargerike drinkar vart forma på hotelltomta i Åmot.
Då me stegar inn på hotelltomta i Åmot er dei 80 deltakarane i snoformingstevlinga inne i den siste finpussen av skulpturane sine. Det kvervlar av folk, og praten og latteren blandar seg på området. Oppe på himmelen skin sola. Stor, varm og sterk. Dei små skylappane me kan sjå, held seg borte, som om dei har respekt for den glødane kula og gleda ved å forme i snø.
Eit av deltakarlaga fortel at solsteiken har gjort arbeidet noko vanskelegare i år. Førre året var det så kaldt av ein berre kunne skrape vekk den snøen ein ville, nå må dei vere meir forsiktige.
Artikkelen held fram under annonsen.
Donaldslott
Mange av figurane som ruvar i området trekkjer augo til seg. Me ser nokre ungar som spring ut og inn frå eit snøslott. Ein blir nyfiken.
Når me nærmar oss slottet ser me ein gotisk inngang. Me går inn. Etter oss fylgjer ei jente. Blikka våre vekslar inne i rommet, ingen seier noko, berre lyttar. Lyttar til menneska utanfor. Dei blir lenger unna her inne. Den vesle jenta meiner det er trygt og roleg inne i snøslottet, det skaper ei god stemning. Når me ser opp ser me eit fly langt oppe på den klare blå vinterhimmelen. Flyet skal nok til Afrika, meiner jenta.
Messe
Dei minste boltrar seg med figurane. Dette må vere eit mekka for dei små, ja dei store òg. Dette er langt betre arbeid enn snohola ein sjølv bygde som liten.
Dei vaksne ryddar vekk spadar, stigar, hakker og tau. Dommarane er på plass for å starte jobben sin. Dei skal kåre vinnarane av liten og stor kube før det ringer inn til sundagsmesse.
Båtbyggjarar til topps
Sundag ettermiddag kjem avgjerda. Spente aktørar som har pussa, skore og bygd i tri dagar får vite dommar-resultatet.
Som i fjor trekte båtbyggjar-kameratane Arild Pedersen, Rasmus Törnquist, Bård Enok Svingstad og Trygve Solløs det lengste strået. Kulturbrua dei utforma i fjor gav dei siger, og det gjorde også den spiralliknande kula dei har bygd i år.
Dei studera tidlegare saman på båtbyggjarlina i Hordaland, men nyttar nå høvet til å samlast på snoskulpturfestivalen.
I klassa liten kube under 16 år vann Tarjei Tjønn, Martin Kroken, Tom Rune Veslestaul Jore og Jostein Dale med skulpturen «Trippelfjes». Verden i våre hender vann fyrste premie i klassa for liten kube over 16 år. Det var Frank Nielsen, Ida Kristine Ruud og Thomas Henriksen som laga denne flotte snøskulpturen.