Anja Klein er arbeidslaus, etter å ha opplevd fleire trasige episodar i samband med jobben på kafé i Kviteseid. – Eg blei mobba vekk frå arbeidsplassen, seier ho med gråten i halsen.
Anja Klein er arbeidslaus, etter å ha opplevd fleire trasige episodar i samband med jobben på kafé i Kviteseid. – Eg blei mobba vekk frå arbeidsplassen, seier ho med gråten i halsen.

«Du er uvennleg, for tjukk og me vil ikkje ha tyskar på kafeen»

Desse orda fortel Anja Klein i Nissedal at er sendt henne i brev frå «kviteseidfolk». Klein storkosa seg i jobben på Waldenstrøm kafé i Kviteseid, men følte seg så mobba av anonyme at ho måtte slutte. No etterforskar lensmannen saka.

I september 2011 byrja Anja Klein i 70 prosent stilling på Waldenstrøm kafé i Kviteseid. Ho likte seg svært godt på den nye arbeidsstaden, og hadde fått seg ein triveleg sjef i verksemdeigar Michael Døhner.

– Han er veldig sosial og ordentleg, seier Klein om landsmannen som også opphavleg er frå Tyskland.

Artikkelen held fram under annonsen.

I november 2012 fekk Klein plutseleg eit anonymt brev i postkassa si ved bustaden i Nordbygda i Nissedal. Innhaldet var slik at ho tenkte dette måtte vere noko tull, og brevet enda straks i omnen. Noko seinare kom det ytterlegare to anonyme brev med eit innhald som ikkje var til å ta feil av.

Fleire episodar

– I breva stod det at eg var uvennleg, for tjukk og dei ville ikkje ha ein tyskar på Waldenstrøm kafé. Vidare stod det at eg måtte passe på meg sjølv. Breva var underteikna: Kviteseidfolk, fortel Klein.

Ho leverte båe breva til lensmannen i Kviteseid. Fyrste veka i desember kom ein ny trasig episode. Ein mann ho ikkje hadde sett før, kom innom kafeen.

– Om du jobbar her, kjem eg ikkje og handlar her, sa han til meg.

Ein dag Klein kom ut frå bokhandelen i Kviteseid, ropa ein rundt 13 år gamal gut til henne: Der kjem gamlemor.

– Då tenkte eg at no forstår eg ikkje norsk, og ignorerte det guten sa, seier Klein.

Ei veke før jol hadde ho lånt farens bil til Kviteseid. Etter at bilen hadde stått parkert både utanfor bakeriet og banken ei stund, oppdaga Klein at tankloket på bilen var borte. Det såg ut som om nokon hadde brote loket av. Denne saka ligg også til etterforsking på lensmannskontoret.

Klein har elles stått på kjøkkenet i verksemda og høyrd at nokon har snakka dårleg om kafeen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg fekk ikkje med meg om det handla om meg eller andre tilsette, seier ho.

Går ikkje an

– Etter desse episodane eg opplevde i november og desember sa eg til sjefen at eg ikkje kan leve med denne situasjonen. Me fann ut at det var best eg slutta på kafeen, og no er eg utan arbeid, seier Klein.

Siste arbeidsdagen i Kviteseid var 22. desember.

– Det var merkeleg å slutte: Ei side var at no kan eg få ro. Ei anna side var at det var så kjempemoro å jobbe på kafeen, seier Klein.

– Eg trudde eg hadde funne ein arbeidsplass der eg kunne bli gamal. I staden er eg mobba vekk frå arbeidsplassen min. Det går ikkje an. Når du får slike brev som eg har fått, får du ikkje lyst til å køyre til kafeen i Kviteseid og jobbe, seier Klein.

Mobbinga har ført henne inn i ei veldig tung tid.

– Eg har ringt mykje til foreldra mine som bur i Tyskland, og det er godt å ha dei på besøk for tida, seier Klein.

Ein gong etter at ho slutta i jobben har ho vore på Waldenstrøm og drukke kaffi.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var merkeleg bare å vere kunde, seier Klein, i det tårene er i ferd med å kome.

– Eg vil ikkje flytte. Eg vil vere her i Noreg, for det er ein veldig fin plass eg bur på. Eg har søkt på 30 prosent stilling på ungdomsklubben i Nissedal kommune, og håper eg har flaks og kjem inn der, seier Klein.

Til Nissedal som niåring

I 1984, då Anja Klein var ni år gamal, campa ho og foreldra på Sandvin i Nordbygda i Nissedal kommune. Etter det blei det mange turar til campingplassen. Sidan Klein var mykje på ferie der, tenkte ho at ho måtte lære norsk og fekk hjelp av ein privatlærar.

I Tyskland jobba Klein som mekanikar på Opel, men blei etter kvart arbeidsledig. Arbeidskontoret i Tyskland lova å betale løn i tre månader om ho søkte jobb i utlandet.

– Kvifor ikkje, tenkte eg. Det slo meg at det måtte vere greitt å jobbe i Noreg. Eg fekk ordna alle papir som måtte til, og var innom Nav-kontoret i Treungen i 2009. Der fekk eg liste over ledige jobbar, og eg var også rundt og spurde om arbeid, fortel Klein.

Ho byrja å jobbe i Nissedal ungdomsklubb, og vaska på skulen. Ei tid hadde ho reinhaldsoppgåver i Åmli kommune, men slutta då ho fekk jobb i nærbutikken i Nissedal.

Ein dag fekk Klein høyre om ledig jobb på Waldenstrøm kafé i Kviteseid.

– Skift klede og køyr dit no, oppmoda mora straks.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje lenge etterpå hadde Klein få 70 prosent stilling i verksemda.

Heilt sidan ho flytta til Noreg, har Klein budd i Nordbygda i Nissedal kommune. Ho leiger hus like ved Sandvin camping.

Kanskje vurdere å slutte

Astrid og Michael Døhner overtok drifta av Waldenstrøm for to år sidan, og jobbar der saman med to andre personar. Det er ingen som har kome direkte til ekteparet og klaga på Anja Klein.

– Me var fornøgd med Klein, og ho har gjort alt me har sagt. Me ville gjerne at ho skulle fortsette, seier Michael.

– Klein er ei kjempebra dame, legg Astrid til.

Michael synest det er leit å høyre om det som har skjedd med Klein.

– Ho er definitivt mobba ut av kafeen, seier han.

Han undrar på om saka handlar bare om Klein, eller også bakeriet. Derfor vil han vente og sjå, før det blir tatt eit val vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om det som har skjedd mot Klein held fram mot bakeriet, må eg vurdere å slutte. Står ikkje folk bak bakeriet og kafeen har eg ikkje sjanse til å halde fram. Om me skal drive vidare treng me støtte og ingen krangel, seier Michael.

Både han og kona har prøvd å yte god service, men vedkjenner også å ha gjort feil i verksemda. Då snakkar dei ikkje om når ungdom ikkje har oppført seg rett inne i kafélokalet.

– Me har hatt ungdom som har gjort hærverk her, og då har me vist dei ut av kafeen. Det må jo vere rett i slike situasjonar, seier ekteparet Døhner.

Bed om tips

– Dette er ei veldig trasig og skuffande sak. Det skal ikkje vere slik at folk går ned på så lågt nivå. Slikt bør ein halde seg for god til, seier Kviteseid-lensmann Bjørn Håvard Olsen om det som har skjedd mot Anja Klein.

Klein har levert to av breva til lensmann Olsen, som no prøvar å finne ut kven som står bak.

– Me prøvar så godt det let seg gjere å etterforske saka. Me er glade for tips som kan hjelpe oss å oppklare ho, seier Olsen.