Dugnad gav ny barnehage
Dugnadsviljuge åmotsdølar skal ha mykje av æra for at småtassane i bygda kan boltre seg i flunkande nye barnehagelokale.
Me har fest fordi. Fordi, atte... Me et kaker og gele og drikk brus fordi at me feirar den nye barnehagen kåns. Det er derfor me har fest, forsikrar ein tri år gamal åmotsdøl.
Fleire barnehageungar vil også forklare kvifor det feirast.
Artikkelen held fram under annonsen.
På ein måte har me fått ny barnehage fordi snikkarane har bygt eit hus innatt det huset som stod her frå før. Når nokon får ny barnehage må dei ete kake og godteri, informerer ungane.
Heile bygda i sving
Grendehuset i Åmotsdal blir nytta både til skule, barnehage og som samlingsplass for bygdefolket. Bygget blir også bruka av ulike lag og organisasjonar i bygda. Onsdag i førre veke blei det markert opning av nytt tilbygg ved grendehuset.
Som vanleg er i Åmotsdal, har både foreldre og bygdefolk vore velviljen sjølv. Det er tydeleg at folk i Åmotsdal er opptekne av bygda si og har lyst å take vare på ho. På ein eller annan måte har alle i bygda vore med å ytt sitt også denne venda. Heile bygda har æra for at barnehagetilbygget blei ein realitet, fortel styrar i barnehagen, Elin Listaul.
Tilbygget skal primært brukast som barnehage, men også lag og foreiningar skal få glede av nybygget.
Me har jamt vore fleksible og lagt til rette for kvarandre i Åmotsdal. Det er klart at også andre skal ha glede av nybygget. Barnehagen kjem til å bruke bygget fast kvar måndag, onsdag og fredag. Men utover desse tidspunkta skal bygget kunne nyttast vederlagsfritt til dei som har bruk for det, seier Listaul.
Takkar kommunen
I tillegg til ein god slump eigeninnsats av åmotsdølane i form av både kroner og krefter, har Seljord kommune også bidrege økonomisk. Sjølve tilbygget er sett opp av snikkarar, men mykje av arbeidet elles er utført på dugnad.
Me er takksame for støtta me har fengje frå kommunen, seier barnehageassistentane Tove L. Aase og Reidun Groven.
Nybygget inneheld areal til mellom anna leik og ulike aktivitetar, personalrom og kontor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me er veldig godt fornøgde med bygget. Nybygget oppfyller ynskja våre, seier Listaul, Aase og Groven.
Åmotsdal barnehage
* Ni ungar
* Tri tilsette
* Held ope måndag, onsdag og fredag
* Heildagstilbod frå klokka 07.30-16.30