I fem år har kjøkkenet på Dyrsku’n levert institusjonsmat til Seljord kommune, nå byter kommunen matleverandør.
I fem år har kjøkkenet på Dyrsku’n levert institusjonsmat til Seljord kommune, nå byter kommunen matleverandør.

Dyr mat frå Dyrsku-kjøkenet

Dyrsku’n arrangemet nådde ikkje opp i konkurransen om levering av mat til Seljord kommune. Den lokale verksemda var dobbelt så dyr som den rimelegaste.

Dei siste fem åra har Dyrsku’n arrangement levert institusjonsmat til Seljord kommune. Det vil seie at dei har levert både til Heddeli, Nesbukti og Steinmoen, i tillegg til dei som får tilkøyrd mat heime. No har matleveransen vore ute på anbod. Av dei tre tilbydarane var Dyrsku’n arrangement desidert dyrast; faktisk var tilbodet deira på 1 887 720 kroner, som er nesten dobbelt så dyrt som det rimelegaste tilbodet.

Det rimelegaste tilbodet hadde firmaet Matvarehuset i Bergen med 987 508 kroner i året. Elles kunne Fazer Food service i Oslo levere til 1 188 460 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må fylgje lova

Både kvalitet, i høve til nasjonal standard, blei vurdert, med pris vekta 40 prosent og kvalitet 60 prosent. Vinnaren av anbodsrunden blei då firmaet Matvarehuset. At det ikkje blei nokon lokal leverandør fall medlemene av formannskapet tungt for brystet, og lura på om dei kunne setje andre kriteriar som gjorde at dei kunne velje annleis.

Rådmann Kari Gro Espeland informerte om at innkjøpskontoret var klar i si tilråding om å velje Matvarehuset, som den klare vinnaren av konkurransen, og ho minte politikarane om at det ikkje er valfritt å fylgje lova.

Politiske vurderingar

Ordførar Halfdan Haugan lura på om kommunen var nøydd til få fullføre avtala no.

– Kva handlingsrom har me, og kan me eventuelt gjera nokon politiske vurderingar, spurde ordføraren, om saka som i utgangspunktet var delegert til kommuneadministrasjonen.

Jon Svartdal (H) meinte også at kommunen burde gå ein runde til, men la til: – Eg synest det er rart at Dyrsku’n er dobbelt så dyr som andre.

Den einaste som syntest ein burde gå for vinnaren, var Venstres Margit Karlsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var dumt at Dyrsku’n ikkje nådde opp, men me har trass alt ikkje råd til skulebøker til ungane våre ein gong, påpeika ho.

Om formannskapet vedtok å utsetje inngåing av kontrakt med vinnar av anbodskonkurransen, blei ikkje klart før avisa gjekk i trykken torsdag.