Like ved fylkesvegen mellom Åmdals Verk og Svingen var det her om dagen fem elgar ved rundballane.
Like ved fylkesvegen mellom Åmdals Verk og Svingen var det her om dagen fem elgar ved rundballane.

Dyriske etter rundballar

Mange elgar og rådyr forsyner seg grovt av rundballar mellom Åmdals Verk og Svingen denne snørike og kalde vinteren. Men dyra vil bare ha fôr frå fyrsteslåtten.

I mange år har rundballeigar Tarjei Kjestveit i Tokke registrert at hjorteviltet er glade i matfatet pakka inn i plast. Det er stort sett elgane som får hol på innpakkinga, medan rådyra dukkar opp ikkje lenge etterpå.

Før jol myldra det av elgar og rådyr ved rundballane som Kjestveit har utanfor bustaden sin. Kjestveit trur det var 11 ulike elgar og 10 rådyr på det meste i området. Ein annan plass, like ved fylkesvegen mellom Åmdals Verk og Svingen, kosar også elgar og rådyr seg med rundballar. Både naboar og bilistar storkosar seg med synet av viltet, i fylgje Kjestveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For meg er det litt både òg at dyra et på rundballane. Eg lagar ballane for sal, og det blir eit visst tap. Eg har mista ein del ballar opp gjennom åra på grunn av elgar og rådyr. Men det hjelper kanskje noko at elgen då ikkje tek så mykje ungskog av furu, seier Kjestveit til VTB.

Han legg til at det også er artig å sjå på dei fine dyra som kjem til rundballane. Fôret er både frå fyrsteslått og andreslått, og viltet veit kva dei skal velje.

– Dei vil bare ha fyrsteslåttrundballar! Dyra veit kva dei vil ha. Dei kjenner det på lukta at det er betre kvalitet på fyrsteslåtten, seier Kjestveit.

– Ikkje forstyrr dyra

Magne Skarprud er fagkonsulent utmark for kommunane Kviteseid og Nissedal. Trass mykje kulde og laussnø denne vinteren, har han ikkje fått meldingar om funn av daude dyr i naturen.

– For elgane er det ikkje problem, men rådyra strevar i ein del område. Det viktigaste for alt viltet er at dei får vere i fred. Ein må passe på bikkjene og også snøskuterkøyring slik at dyra ikkje blir forstyrra. Å spare på energien betyr vel så mykje som mat. Elles er det mykje dyr langs vegane, så folk må passe på, oppmodar Skarprud.

I utgangspunktet er fagkonsulenten ikkje veldig positiv til at det blir lagt ut mat til viltet.

– Skal ein fôre må ein gjere det på ein plass slik at dyra ikkje blir forstyrra meir enn nødvendig. Rådyr er veldig glade i gulrøter som ein ved mating gjerne må leggje ned i snøen. Elles veks det til med lauvskog mange plassar. Osp, selje og rogn er favoritten til viltet. Det er no ein bør kutte trea nedpå om ein skal ha dei til ved. Så kan viltet kose seg med knuppane på greinene, seier Skarprud.

– Det er vel nauden som dreg viltet til rundballane, avsluttar han om akkurat det matfatet.