Knut Buen spela på toppen av Bjørgenuten i Seljord under pressekonferansen for Dyrskun 2014.
Knut Buen spela på toppen av Bjørgenuten i Seljord under pressekonferansen for Dyrskun 2014.

Dyrskun er betre enn Cancun

Det meiner i alle fall Terje Riis-Johansen. Knut Buen er truleg samd.

Dyrsku’n har dei seiste åra lokka nærare 80 000 landbruksentusiastar til Seljord kvar haust. Det er nesten ei tredvedobling av innbyggjartalet i bygda. Dagleg leiar Geir Helge Espedalen trur likevel arrangementet har mykje og gå på.

– Innan fem år skal Dyrsku’n vere på heile nasjonens lepper og me skal klare å bli like store i Noreg som merkevara Coca-Cola er på verdsbasis, var visjonen Espedalen kom med på Bjørgenuten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han hadde lokka med seg pressa på helikoptertur opp på den lokale fjelltoppen for å informere om storsatsinga. Der vart det servert heimelaga rjomegraut med tilhøyrande spekemat, akkompagnert av felespelet til Knut Buen. I tillegg til dette var fylkesordførar og tidlegare landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen til stades, som fortalte om sitt forhold til arrangementet.

– Eg har vore på Dyrsku’n nesten kvart år i over 40 år, og det var ein av få ting eg fekk lov til å ta meg fri frå skulen for. Det er ei sjølvfølgje å vere her så sant eg har anledning. I 2003 kolliderte Dyrsku’n med forhandlingane av den internasjonale landbruksavtala i Cancun (som ligg i Mexico, journ. merk.). Cancun er kjend for å ha blant verdas finaste strender, men likevel lengta eg til Seljord og Dyrsku’n, fortalde fylkesordføraren.

Matsatsing og rekruttering

Dyrsku’n har lenge vore ein arena for lokalmat, men også der skal det i åra framover satsast tyngre i følgje leiinga. Dei har sikra seg rettigheitene til merkevareneMat fra Telemark ogMat frå Telemark, og vil samle dei om lag 60 småskalaprodusentane i fylket inn under denne.

Terje Riis-Johansen 
Pressekonferanse for Dyrskun på Bjørgenuten.
Terje Riis-Johansen Pressekonferanse for Dyrskun på Bjørgenuten.
Dagleg leiar Geir Helge Espedalen, 
Pressekonferanse for Dyrskun på Bjørgenuten.
Dagleg leiar Geir Helge Espedalen, Pressekonferanse for Dyrskun på Bjørgenuten.
Helikoptertransport må til når pressekonferansen for Dyrsku'n går føre seg på Bjørgenuten. 

Seljord sett frå lufta i helikopter.
Helikoptertransport må til når pressekonferansen for Dyrsku'n går føre seg på Bjørgenuten. Seljord sett frå lufta i helikopter.

I tillegg har dei opna eit såkalla «pop-up» kjøkken, som vil seie ein frittståande restaurant, der dei vil selje lokalprodusert mat, laga av innleigde kokkar frå restaurantar i Oslo.

Forutan matsatsinga vil det også bli satsa meir på rekruttering av yngre aktørar til å involvere seg i landbruksutstillingane.

– Må bli flinkare til å formidle tilboda

Espedalen uttalte at ei av dei største utfordringane Dyrsku’n står over for er å formidle dei ulike tilboda til publikum, slik at endå fleire blir lokka til å komme.

– Eg har sjølv vore på Dyrsku’n i 42 år, men eg ante ikkje kor mykje som blir tilbode her før eg gjorde meg kjend med programmet. Me må bli flinkare til å opplyse folk om dei ulike tilboda, som for eksempel Bornas Dyrsku, slik at publikum skjønar at det er tilbod som passar alle aldersgrupper her, fortalde Espedalen.

– Bornas Dyrsku er ei eiga satsing på dei yngste, slik at også dei skal ha rikeleg med aktivitetstilbod i løpet av helga. I tillegg til det tradisjonelle tivoliet vil det bli moglegheiter for å stå på rullebrett, hesteriding, diverse andre friluftsaktivitetar og mykje ana, utdjupa sal- og marknadsleiar Yvonne Eilevstjønn.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å markere opninga på årets Dyrsku vil det bli tale ved mat- og landbruksminister Sylvi Listhaug (FrP) med ein påfølgjande debatt der fleire politikarar og andre aktørar deltek, i tillegg til Listhaug.