– Dyrsku'n har eit stort behov for overnattingsplassar

Dagleg leiar i Dyrsku'n arrangement, Geir Helge Espedalen, seier til VTB at han synest det er leit at Morgedal hotell nå ikkje er i drift.

– Kan det vere interessant for Dyrsku'n å kjøpe eller leige hotellet i Morgedal?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har eg ikkje nokon kommentar til. Men generelt kan eg seie at me har stort behov for overnatting, både til festivalane og til Dyrsku'n. Det er veldig synd for Vest-Telemark, og sjølvsagt for heile regionen, om Morgedal skulle slutte å eksistere som hotell, seier Espedalen.

Dyrsku'n og festivalane har nytta Morgedal hotell som fast overnattingsstad, og Espedalen seier at dette gjeld meir enn hundre sengeplassar dei nå må finne andre stadar.

– Me er i kontakt med ulike utleigeaktørar, mellom anna eigarar av hytter. Overnattingsstadar inntil tre-fire mil vekk frå Dyrskuplassen er aktuelle, seier Espedalen.

Han understrekar at det er openbart at Dyrsku'n har trong for fleire hotellsenger og overnattingsplassar.

– Morgedal hotell har vore ein stad ein del av gjestene våre har overnatta i mange år, og det er viktig at innkvartering for dei som kjem hit er føreseieleg, avsluttar Espedalen.