Vegard Angen Johnsen, Regionansvarleg NHO Reiseliv Sør-Noreg, Geir Helge Espedalen, dagleg leiar Dyrsku'n arrangement AS og Sigmund Straand, styreleiar NHO Reiseliv Sør-Noreg. (Privat foto)
Vegard Angen Johnsen, Regionansvarleg NHO Reiseliv Sør-Noreg, Geir Helge Espedalen, dagleg leiar Dyrsku'n arrangement AS og Sigmund Straand, styreleiar NHO Reiseliv Sør-Noreg. (Privat foto)

Dyrsku’n kåra til årets reiselivsbedrift

Onsdag blei Dyrsku’n Arrangement AS kåra til årets reiselivsbedrift av NHO Reiseliv Sør-Noreg.

Det var styreleiar i NHO Reiseliv, Sigmund Straand, som onsdag kom til Seljord med den gledelege meldinga til dagleg leiar i Dyrsku'n Arrangement AS, Geir Helge Espedalen.

Straand understreka at det var Dyrsku'n arrangement AS som fekk prisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dyrsku’n i september er jo heilt klart det største arrangementet, men i løpet av året legg prisvinnaren til rette for ei rekkje store festivalar og arrangement som gjev gode ringverknadar for hotell- og campingbedriftene, samt anna næringsliv i regionen. Gjennom årelange tradisjonar har Seljord, med Dyrsku’n som spydspiss, blitt ein norgesmeister i å gjennomføre denne type store arrangement, uttala Straand.

Espedalen var stolt og audmjuk under overrekkinga.

– Me i administrasjonen på Dyrsku’n arrangement AS er stolte og audmjuke over utmerkinga. Me vil rette ein stor og ektefølt takk til publikum, utstillarar, samarbeidspartnarar, tilsette, styret i organisasjonen vår og juryen frå NHO Reiseliv Sør-Noreg. Me vil halde fram med å vere tru mot tradisjonane våre, men samtidig fortsette med å ta innovative grep i framtida for å fylgje med i utviklinga, lova Espedalen.

Regionansvarleg i NHO Reiseliv, Vegard Angen Johnsen, meiner Dyrsku’n betyr mykje for heile regionen.

Dyrsku’n er eit viktig arrangement for heile Telemark. Det gjev flott nasjonal merksemd både i aviser, fjernsyn og sosiale medie. Med 150-års historie dekkjer arrangementet alt frå kultur og tradisjon til landbruk og næringsliv. I tillegg til god profilering av Telemark, styrkar det vårt næringsliv og landbrukets omdømme, uttala Johnsen.

Juryen skriv i grunngjevinga for prisen at Dyrsku'n arrangement AS har i over 20 år bidrege til å utvikle reiselivet i Telemark. Bedrifta har vore ein god ambassadør til å fronte Telemarks arv og kultur, ikkje minst gjennom landbruksmessa Dyrsku’n med si 150-årige historie.

Dyrsku’n har bygd opp ein god driftsform med stabil økonomi. På same tid har bedrifta bruka innovative metodar til å marknadsføre både regionen og messene for den nasjonale marknaden. Bedrifta gjennomfører to store messer kvart år og er leverandør til fleire store festivalar og tilstellingar. Dette skaper gode ringverknadar for reiselivsbedriftene i regionen. I tillegg har Dyrsku’n sitt eige kjøkken med stort fokus på utvikling av lokalmat og lokale mattradisjonar, skriv juryen. 

Årets jury var: Odd Syvertsen (direktør, Hotell Vic, Porsgrunn), Johan Straand (styreleiar, Quality Straand Hotel, Vrådal), Christopher Johnsen (Asko Agder) og Siri Mathisen (Regiondirektør NHO Agder)