– Eg blir fort forelska i nye idèar
Stian Hauge frå Kviteseid er gründer og flytta tilbake til heimbygda i sommar, men verksemda hans har vore her heile tida.
SYNQ AS blei etablert i Kviteseid for om lag tre år sidan av Stian Hauge. Verksemda har i tillegg kontor både i Oslo og Silicon Valley i California. Dei utviklar videoinfrastruktur og har mellom anna TV 2 og C MORE som kundar. Kort fortalt fungerer SYNQ som eit bindeledd mellom innhaldsleverandørane og distributørane som til dømes RiksTV eller Get.
– Fleire av desse tenestene kan ha rettane til same film eller serie. Då ordnar vår teknologi det slik at alle får tilgang til same videoen og innhaldet blir raskare tilgjengeleg for sjåarane, seier Hauge.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Forretningsideen går ut på å frigjere ressursar hos kunden, slik at dei kan tenke mest mogleg på å produsere innhald, held han fram.
Innovasjon
Hauge som har ein mastergrad i innovasjon har tidlegare utvikla ein musikkapplikasjon til mobiltelefon som ein kunne nytte til å jamme med sine favorittartistar. Det prosjektet ligg no dødt.
– Me bruka eit halvt år på spørsmål omkring rettane til musikken. Det var tungt å jobbe med, seier Hauge.
I ein såkalla «Start-up», som er omgrepet for ei nystarta bedrift er det mange vegar å gå, og ein må ofte snu seg fort.
– Ein må endre kurs og finne ny retning om ein ser at inntektene ikkje kjem raskt nok, seier gründeren.
Viktig med augekontakt
Han trivst godt med kontor i Kviteseid, men reiser til Oslo ein gong i veka og over til USA om lag annankvar månad i jobbsamanheng.
– Me har auka satsinga i USA og har overført det teknologiske utviklingsteamet til Silicon Valley. Men alt det kommersielle skjer i Kviteseid og Oslo, seier Hauge.
Dagens teknologi gjer at han kan gjere mykje av jobben i Kviteseid, men Hauge presiserer at å møte folk andlet til andlet framleis er viktig.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein må sjå folk i augo om ein skal få ein avtale i hamn. Slik sett kan det vere ei utfording å få effektive kundemøte, men internkommunikasjon med kollegaer fungerer utmerka når ein sit i Kviteseid, seier Hauge.
– Den auka satsinga i USA var viktig for utviklingsavdelinga. Det er ei sterkare «Can do»-haldning i Amerika, som eg av og til føler me manglar litt her i Noreg. Det er stor prestisje å arbeide i ein «Start-up» der borte, og slik sett er mange villige å gå den ekstra mila. Men eg er for all del ikkje nokon USA-ambassadør, dei har absolutt sitt å strid med der borte òg, seier Hauge.
Håpar på fleire tilsette
Akkurat no er han den einaste ved kontoret i Kviteseid, men kunne trengt fleire folk.
– Eg treng eigentleg folk nå, men det må vere dei rette. Så det er berre å ta kontakt om ein driv med programmering, så kan me ta ein prat, seier Hauge.
Elles set han pris på kontorfelleskapet i Telemark Næringshage.
– Det er fint å ha nokon å spele balle med her på huset. Dei sit med mykje kompetanse som er god å dra veksel på om ein sit med ein søknad eller kontrakt som ein kunne tenkt seg å få synspunkt på. Det er fint å ha nokon å snu seg til når ting dukkar opp, seier Hauge.
Godt med god plass
Gründeren har vakse opp på gardbruk, og har no busett seg heime på Haukom i Kviteseid.
– Det er definitivt meir jobb med ein gard enn ein leilegheit, men det er fin meditasjon å drive med praktisk arbeid på fritida. Den gode plassen gjev meg mange idear. Eg blir ekstremt fort forelska i nye idear, og eg plar gje meg sjølv tri dagar på å finne ut om den er god eller ikkje. Har det gjeve seg etter den tida, går eg ikkje vidare med den, filosoferer Hauge.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men akkurat no har eg fullt fokus på SYNQ, og å utvikle den verksemda, legg han til.
Han trur også bakgrunnen frå Vest-Telemark er eit fortrinn i forretningslivet.
– Eg brukar regionen for det han er verdt. Merkevara Vest-Telemark er godt og kunne sikkert vore bruka endå meir. Eg har opplevd at det er ein fordel for meg å kome i saksmøte å tale vest-tele, seier Hauge.
Trur på regionen
Det byrjar å skje litt av kvart i regionen, og det er fleire som har spanande ting på gang. Sjølv trur han forretningsmodellen med investorar krasjar litt med haldninga i Vest-Telemark.
– Ein skal helst ha tent pengane fyrst, før ein investerer. Eg har stor respekt for den tankegangen, men trur det kan vere rom for begge måtane å drive på, avsluttar han.