– Eg er som musikant slik eg er som person
Odd Nordstoga meiner han ikkje heng heilt i hop. Han er kan hende ingen lauk, men om nokon har kalla han heil ved oppgjennom er han i alle fall godt kløyvd. Slikt blir det musikk av. Musikk som får fram mange augo på terningane.
Nokon av oss har følgt karrieren til vinbyggjen Odd Nordstoga sidan han var «Something Odd», gjennom folkemusikkgruppa «Blåmann, blåmann» og strakt inn i suksessen med Aslaug Vaa sin diktsyklus «Nivelkinn». Nokon av oss gjorde det me kunne for å slite ut cd’en med «Fuggel i karmen», lét oss trollbinde av eventyret om Stabbe, Gyri og Jo tidleg på 2000-talet, og var vitne til at heile landet gjekk av skaftet då «Luring» dukka opp på den norske musikkscena i 2004, og det kunne verke som ein ikkje kunne nærme seg eit radioapparat utan å høyre liner som «fir’ og tjuge kråker sit på ei madrass» og «grisen står og hyler».
Karakterar
Sidan har me blitt vande med at det med jamne mellomrom kjem eit nytt album frå Odd Nordstoga, og me tek det nærast for ei sjølvfølge at dei blir rimeleg godt tatt imot av kritikarane. Førre fredag slapp han sitt nyaste album, «Kløyvd», og dei riksdekkande avisene stod klare. «Hel ved fra Nordstoga», skreiv Øyvind Rønning i Dagbladet, og henta fram seksaren. «På et vis hans mest vellykkede album», meinte Svein Andersen i Aftenposten, og trilla ein femmar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Publikum har blitt vande med det, men korleis er det med hovudpersonen sjølv, blir han nokon gong vand med å sende eit nytt album ut i verda?
– Eg burde jo det, men eg må innrømme at eg vakna litt tidleg i dag. Eg skal på Lindmo og spele i dag (førre laurdag), og er litt uroleg. Det er veldig spennande å få meldingar. Det er som å få ein karakter i full offentlegheit, men nå har det gått kjempebra, og eg er veldig, veldig glad, seier Nordstoga, som trass i ein travel platelansering har funne rom i timeplanen for ein prat med lokalavisa over telefon.
Overflatiske posørar
– Håpar det ikkje høyrtes trist ut, seier han, då bladfyken fortel at VTB alt har varsla lesarane om at eit nytt album er på veg, og me har basert oss på musikanten sin eigen presentasjon av plata.
Om det ikkje høyres trist ut kan ein i alle fall ikkje klandre han for å gå hardt ut når han presenterer det rykande ferske albumet «Kløyvd» som historia om eit mislykka pop-album. Planen var å lage eit pop-album med låtar som trongs på festivalar om sommaren, musikk «bygd ut av glede», men det gjekk altså ikkje heilt etter planen. Rolegare songar trengte seg på, og slik blei pop-albumet litt sprikande.
På «Kløyvd» er ei låt litt den einsame «Hank Williams» medan ei anna låt passar best på ei stor sommarscene. Eg klarar ikkje kontrollere det, eg er som musikant slik eg er som person. Ein er ofte litt slik som ein spelar.
Han fortel at han tenker på bestemora si som budde på Plassen i Vinje, ho var der og det var hennar rike, slik er det ikkje med oss som lever nå.
– Personleg kjenner eg meg heime i bygdekulturen, eg kjenner meg heime i musikarkulturen og eg kjenner meg heime i bykulturen. Det er eigentleg veldig flott, men det er litt symptomatisk for meg, og kanskje ikkje berre for meg, men for alle oss som lever nå. Me har så mange moglegheiter til å realisere oss sjølve, og så stor fridom til å velje, men me klarer ikkje å hanskast med nettopp det. Berre tenk på alt hobbyutstyret me har. Eg har i alle fall garasjen full. Der er fjellvandrar-Oddemann, og der er kajakk-Odd, i hagen har eg fullt grillselskap og i våpenskapet er jakt-Odd. Alt kan vere ein identitet, og me klarer ikkje velje ein ting. Tilværet kan verke litt flakkande, me skal vere så fri, men me endar opp som litt stressa og overflatiske posørar i den evige jakta på neste oppleving. Eg trur ikkje det er heilt sunt for oss. Eller – eg veit vel at det ikkje er det.
Ideen om ein kval
Ifølgje internett har vinbyggjen gjeve ut 15 plater dei siste 19 åra. Kvar hentar han musikken, tekstane og melodiane frå?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg kan stå på ei lydprøve og dra nokre akkordar på gitaren, og plutseleg høyre at her er det noko. Eg kan også byrje i ein heilt annan retning som med «Kvalen» på det nyaste albumet, då hadde eg ein idé om at eg ville lage ei låt om ein kval, ja, eg må lage ei låt om ein kval, tenkte eg.
Han ler litt.
– Og så er det den klisjeen med at eg sit og stirar ut glaset, ventar litt og skriv ned noko i ei slags dagbok. Det er ein prosess, nokre gonger går det veldig fort, andre gonger tek det tid. Av og til spelar eg utan så mykje mål og meining, men eg tek det opp, og då høyrer eg at her var det noko, og dette var noko.
Kven hadde Odd vore utan musikken?
– Eg hadde hatt det bra, trur eg. Eg håpar eg hadde vore arkitekt eller ingeniør, men det blir litt hypotetisk. Alle menneske finn noko når dei blir vaksne, og det var med musikken eg fann mi rolle, det som er min plass. Eg var litt god med musikk, det var derfor det blei slik.
Vinje
I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, eit namn det er vanskeleg å kome utanom når det handlar om kultur, når det handlar om Vinje og Vest-Telemark, og kanskje også når det handlar om Odd Nordstoga. Dei to har trass alt traska sine barneskor i same bygd, på same gard, Plassen i Vinje.
– Vinje er ein viktig del av kulturarven vår, både for dei som kjem frå Vest-Telemark og for resten av oss i Noreg. Han har vore kjempeviktig, og er ein stor stoltheit for oss. Han har gjort Vest-Telemark synleg, og gjort det til ein stad som ein knyter til kultur. I Vinje har me ein slik type helt, medan nokre stadar har statuar av idrettsheltar. At me har hatt storheiter som Vinje og Vesaas har hatt mykje å seie for sjølvbildet vårt, men det er også eit stort ansvar å forvalte.
Det er vanskeleg å kome utanom heimstaden Vinje når ein snakkar om Odd Nordstoga, og omvendt. Kva slags musikant hadde han vore om han hadde vekse opp ein heilt annan stad, som til dømes i ein by som Bergen eller Oslo?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kanskje eg hadde vore med i Jaga jazzist, grublar Odd og humrar litt.
– Det er ikkje sikkert eg hadde vore musikant i det heile teke. Det er så mange her, kanskje eg ikkje hadde blitt sett. Eg er i alle fall veldig, veldig glad for at eg ikkje kjem frå ein stad som alle andre kjem frå. Det er ein viktig del av identiteten eg har som musikant. Av og til har det kanskje blitt litt overdrive med tanke på referansar til folkemusikken, men eg brukar det også litt bevisst.
Musikken til Nordstoga har blitt kalla både folkemusikk, country, pop og rock, og nå altså eklektisk, men stoppar ting opp er det folkemusikken han vender seg mot.
– Eg er glad i dei klare, fine durklangane frå folkemusikken.
Odd demonstrerer med nokre tonar gjennom telefonen.
– Eg likar det fine, reine i folkemusikken og skular dit når eg står litt fast.
Absolutt ikkje einsam
«Eg er einsam så einsam, så dum i mitt spjeld, der eg står som ein stut ifrå morgon til kveld», syng Odd i den melankolske låta «Kvile og fred». Å vere einsam er noko som kan vere vanskeleg å snakke om, kanskje eit tabu i samfunnet vårt, det var kanskje ei vanskeleg låt å skrive?
– Den låta var ikkje vanskeleg, men veldig morosam å skrive!
Artikkelen held fram under annonsen.
Han ler.
– Det er ein countryballade, og då er det ikkje grenser for kor trist det kan vere. Han som syng er ein ekte countrysongar, og han synest veldig synd på seg sjølv. Når eg spelar ei rolle slik, så går eg inn i det og meiner det eg syng – eg brukar jo ting eg kan kjenne meg att i – men denne fyren er nok hakket meir forkomen enn det eg er. Denne songen har ein sår tone og handlar vel litt om livets flokar og forsoning. Slik sett står eg for kvart ord.
Nokre gonger utartar ein konsert med Odd seg til allsong.
– Det er utruleg flott, men det kan bli litt pinleg om eg går vekk frå mikrofonen og så vert det heilt stille i salen. Eg har høyrt om mange som brukar «Dagane» i bryllaupet sitt, og det at folk gjer songane mine til sine eigne er den største æra ein kan oppleve som musikant.
Nordstoga legg snart ut på turné, og kjem mellom anna til Bø i slutten av månaden, men tek han turen lenger vest i fylket også?
– Om det går bra på turné, håpar eg det blir tid til ein tur.
Då er det berre å seie at me også håpar turnéen går bra.